Aldringa

DRØSET: Kva signal ville det senda om han plutseleg gjekk rundt på broddar? At han hadde gitt opp?

Foto: Pål Christensen

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han reagerte instinktivt då ho spurde. Han var nede i sentrum i eit nødvendig ærend, eit lite avbrekk frå hulebuarlivet koronaen hadde plassert byens innbyggjarar i.

For å bidra til den generelle forjævligfiseringa av samfunnet, hadde vêrgudane lagt eit tre centimeter tjukt islag i gatene. Det var – på alle vis – lurast å halda seg inne.

– Kan du kjøpa isbroddar til meg når du først er på Clas Ohlson? sa ho på telefonen.

Han sto i avdelinga for batteri, og sa sjølvsagt ja.

– Kanskje du skulle kjøpa deg broddar sjølv også? sa ho.

– Er du forrykt!? sa han.

Han framførte eit kort og poengtert foredrag om aldring. Ikkje minst om aldring og etterlate inntrykk. Om å gjera seg eldre enn ein var. Om å gi opp.

– Å kjøpa broddar er som å signalisera, for all verda og for seg sjølv, at ein er blitt 82 år. Eg er ikkje gammal, sa han.

– Å kjøpa broddar er ein måte å unngå å ramla på glatta på. Du vil vel ikkje brekka noko?

– Eg er ikkje beinskjør enno.

– Det er eg ikkje så sikker på. Knakk ikkje du eit ribbein då du skulle skrua i ei skrue her om dagen?

– Eg var i ein merkeleg posisjon. Det var store krefter i spel.

– Men om du vil ramla på isen og brekka armar og bein berre fordi du ikkje vil sjå gammal ut, så er det heilt opp til deg.

Clas Ohlson hadde nesten ingen broddar igjen. Det måtte vera veldig mange over 82 i byen. Eller angstfylte damer. Dei hadde ikkje broddane ho hadde instruert han om å kjøpa, men han tok ein sjanse på å tenkja sjølv, tenkte det var betre å koma heim med feil broddar enn ingen broddar, og kjøpte dei minste han fann i dei tomme hyllene.

– Dei passar ikkje. Dei er altfor store for skoa mine, sa ho då han kom heim.

– Det var dei minste dei hadde.

– Men dei passar ikkje. Du kan jo ta dei sjølv, så kjøper eg mine eigne, sa ho og strauk på dør.

Så her stod han. På langt nær 82 år. På veg ut med hunden. På veg ut på glattisen. Med eit par broddar han ikkje ville ha, men som han nå hadde – og som passa på hans sko. Kva skulle han gjera?

Publisert:

Drøset Z

  1. Det hadde gått eitt år med heimekontor. Hurra?

  2. Alt han ville, var å panta nokre flasker og handla middag.

  3. Morsdag, fastelavn og valentinsdag på éin og same dag. Kunne det bli verre?

  4. Sanninga var at han var godt under middels glad i å gå på skøyter

  5. – Bent Høie? Kven er det?

  6. – Å kjøpa broddar er som å signa­lisera, for all verda og for seg sjølv, at ein er blitt 82 år

  1. Drøset Z
  2. Drøset
  3. Clas Ohlson