Lyspæra

DRØSET: Kva skulle til for å skrua i ei lyspære?

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

– Ja vel. Vaktmeister i dag?

Den praktiske naboen stod på trammen sin og smilte. Sjølv balanserte han på toppen av ei gardintrapp og prøvde å skrua av glaskuppelen på utelampa – utan hell. Skulle han slå? Skulle han dra hardare til? Kor stor var sjansen for at han ville mista balansen om driten plutseleg losna? Kor stor var sjansen for at lyspærprosjektet ville enda i knekt nakke?

Cirka 90 prosent.

– Jepp. Vaktmeister i dag, sa han, mellom tennene.

Lyset i utelampa på veggen hadde gått for eit par år sidan. Nå blei kveldane mørkare igjen, og i eit anfall av praktisk verketrong hadde han fått for seg at han skulle bruka noko av fridagen på å byta lyspære. Han dunka nokre gonger i kuppelen. Tok nytt tak. Endeleg losna det.

Det andre utelyset hadde dei to siste månadane blinka slik lys i amerikanske skrekkfilmar gjer.

– Ja, eg la merke til at det såg litt ut som eit diskotek, humra den praktiske naboen og gjekk inn igjen.

Han måtte til med unbrakonøklar for å koma inn til diskolyset. Han skrudde og reiv, blei seig av edderkoppspinn og gammalt graps. Dette var ikkje ei vanleg lyspære, men eit slags lysstoffrøyr som måtte dras ut. Han sette i gang ein leiteekspedisjon huset rundt etter ny pære som kunne passa, ringde kona, fann ein kandidat – som det ikkje var lys i då natta kom.

Morgonen etter drog han på Clas Ohlson for å kjøpa ny pære. Han var ein tur innom jobben, møtte ein kollega, fortalde om ærendet sitt.

– Kor mange kulturjournalistar må til for å skifta ei lyspære, humra kollegaen.

Ha ha. Veldig morosamt.

Då han kom heim med den nye pæra, viste det seg å vera feil format. Han gjekk tilbake til Clas Ohlson, fann ein annan variant, om ikkje heilt som den første. Den nye varianten passa ikkje.

Han gjekk tilbake til Clas Ohlson, fann omsider ut at dei ikkje hadde rett type, måtte ut i byen og finna ny butikk, starta heilt på ny.

Då begge utelampene omsider slo seg på den kvelden, hadde han berre brukt 36 timar, tre byturar, fem unbrakonøklar som ikkje passa, hundrevis av kroner – og 764.386 banneord.

Publisert:

Drøset Z

  1. – Så: Kva ønsker du deg til jul i år, då?

  2. Han prøvde alt han kunne å få opp kjøpe­presset. Det gjekk dårleg

  3. November? Nei, takk

  4. – Ehm, vil du prøva pick up-en min, sa Slags­mål

  5. I år skulle han laga ekte eple­sider. Det var jo så enkelt

  6. Dei hadde visst fått eit nytt regime for plassering av sko

  1. Drøset Z
  2. Drøset