Byaser fann hyttedraumen på Ogna

Ingrid og Kaare Fladmark var ekte byasar som aldri kunne tenkt seg hytte på Jæren, før dei blei besteforeldre til ei prinsesse i Sirevåg.

Ingrid og Kaare Fladmark blir aldri leie av å gå turar langs strand på Ogna. Foto: Fredrik Refvem

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

For å kunna ha regelmessig kontakt med barnebarnet, fekk farmor Ingrid ideen om å få seg ei hytte på Ogna.

Bonusbestefar Kaare var litt skeptisk til hyttetanken i starten, så Ingrid måtte minna han om at Ogna har eigen golfbane.

  1. Hytta ligg nede i ei grop og er lite synleg i terrenget.Dette gir godt ly for vinden Foto: Fredrik Refvem

  2. – Denne hytta hadde me aldri komme på og bygd på eigahand. Me føler oss heldige som fekk kjøpt denne perla, seier Ingrid og Kaare Fladmark. Foto: Fredrik Refvem

På Ogna blir ein ikkje lei av utsikta med det første. Fargane i landskapet er trekte inn i hytta. Foto: Fredrik Refvem

No har Ogna for lengst krope inn under huden på dei begge. Hyttestundene blir ikkje mindre hyggelege når dei får dela dei med ein entusiastisk femåring.

Frå bygater til hav

Medan dei før brukte laurdagane i Stavanger sentrum med gode vener, blir nå mange helger brukte i havkanten på Ogna.

Venelause treng dei ikkje bli her heller, for gjestene kan komma med toget og gå av på Ogna stasjon. Då er det berre 15 minuttars gange langs stien ved havet, før dei er framme ved hytta.

Klikk deg rundt for å se deg om i huset. Du kan gå fra rom til rom ved å følge pilene.

– Ogna er ei perle. For meg er det uforståeleg at ikkje langt fleire har oppdaga denne staden, seier Ingrid.

Då me kjem til Vardatua på Ogna, brøler havet mot oss. Vinden føyser regndropane dit han vil, og dei gule stråa i sanden står berre og dirrar.

Hytta til Fladmark-paret kryp saman nede i ei lita grop og er knapt synleg der me ruslar over stien.

Den arkitektteikna hytta overtok dei for rundt eit halvt år sidan. Ho er teikna av Stav Arkitekter i Stavanger og reist av firmaet Woodland.

Før det hadde dei ei hytte i hyttefeltet Himmelrommet Kompakt. Denne kjøpte dei i 2016.

Skogshytte blei feil

– Det var tilfeldig me kom over denne hytta ein dag me var ute og gjekk tur. Me såg ho stod til sals og gjekk på visning. Begge likte henne med det same. Hytta me hadde i Himmelrommet låg i skogen ved eit vatn, og det kjendest eigentleg litt feil, all den tid me er på Ogna. Dessutan var det eit veldig tett felt, kor me følte me hadde lite privatliv. Her nede på Vardatua har me ingen hytter kloss i, og havet er berre halvtanna minutt unna. Nå føler me at me verkeleg er på Jæren, seier Ingrid.

  1. Sofakroken på kjøkkenet er mykje i bruk. Dei har sett tv-en i andre etasje for å ikkje bli sitjande og kikka på tv på autopilot. Foto: Fredrik Refvem

  2. Tv-stova i andre høgda er møblert med møblar frå den gamle hytta. Foto: Fredrik Refvem

Paret har ikkje havutsikt frå allrommet i første høgda, men i tv-stova kan ein sjå bølgjetoppane dansa i blåsten. Me ser ein person gå krøkt mot vinden på stien der nede. Ingen er ute på havet i dag, men ofte ser hyttefolket både surfarar og kitarar leika seg i vannmassane.

Havet er så nært at saltråket dannar kvite flekkar på vindauga.

– Sidan hytta ligg i ei grop mistar me litt utsikt, føremona er at det gir ly for nordavinden, forklarer Kaare og Ingrid.

Drageleik på stranda

Barnebarnet på Sirevåg og dei tre barnebarna i Stavanger storkosar seg her. Når dei små er på besøk, dreg besteforeldra ofte ned til stranda og let barna leika med dragar.

  1. Terrassen har eit praktisk rom for oppbevaring av hagemøblar. Foto: Fredrik Refvem

  2. Kjøkkenet er basen i hytta til Ingrid og Kaare Fladmark. Det svarte kjøkkenet er mjuka opp med eik. Spisebordet og golvet er også av eik. Foto: Fredrik Refvem

  1. Dette er barnebarna sitt soverom. Foto: Fredrik Refvem

  2. Rekved-kunst laga av Siri Furuheim. Foto: Fredrik Refvem

Like nedanfor hytta går ein tursti kor dei til dømes kan gå til Sirevåg, Brusand eller Ognasand. Paret er ute og går i all slags vær og blir aldri leie av å sjå på havet. Ofte får dei selskap av havørnar.

– Eg får nesten klump i halsen av synet kvar gong me er ute og går. Det er så mektig, seier Ingrid.

Dei tykkjer begge det var nydeleg å flytta inn ei fiks ferdig hytte som andre har teikna, planlagt og bygd. Dei to er nemleg ikkje veldig interesserte i praktisk arbeid når dei skal slappa av.

– Me driv difor nesten ikkje med oppussing. Ingen av oss likar det, eg trur faktisk det kunne blitt skilsmisse om me to skulle gått i gong med noko slikt, seier dei to og ler.

Tar vare på husfreden

Paret har halde saman i 30 år og vil gjerne ha 30 nye år. Ingen av dei har timar å kasta bort på kjedelege gjeremål. Dermed pussar dei ikkje opp, dei byggjer ikkje terrasse rundt hytta sjølv, og dei skaffar seg heller ikkje båt fordi ingen av dei likar det som følgjer med båtliv.

På ski går dei heller ikkje, fordi dei meiner parforholdet blir styrka når dei held seg vekke frå aktivitetar som ikkje gir glede. Godt då at dei begge er samde om kva som er verd å bruka tida på.

Begge prisar seg lukkelege over at det finst fagfolk å ringa til når noko skal byggast. Nå er dei spente på korleis det vil bli å ha heile sommarferien her ute.

– Vanlegvis reiser me utanlands om sommaren, men i år skal me altså prøva rein hytteferie. Men me har ein naud-plan om det skulle striregna i vekevis, for me vil jo ta vare på husfreden.

Ingrid og Kaare har begge så travle på jobb. Difor er det perfekte hytteliv for dei synonymt med å gjera minst mogleg. Ho arbeider med vatn og avløp hjå Ahlsell. Han er finansdirektør hjå Aibel.

Helgene blir brukte til å lesa og gå tur langs havet, eller å drikka litt champagne til lunsj, om dei ønsker det.

Zen-fargar

Begge er stornøgde med hytta og trur aldri dei hadde klart å planleggja eit så spanande og stilig bygg på eigahand.

– Det er mest for godt til å vera sant at me kom over denne fantastiske hytta. Ogna er nok ennå ein litt skjult skatt, elles hadde me nok fått konkurranse, seier Ingrid.

  1. Parets soverom har eige bad. Fargane i dei to romma har mykje av havet i seg. Foto: Fredrik Refvem

  2. Hytta har eit gjestesoverom i første høgda. Foto: Fredrik Refvem

  1. Også på badet har Ingrid funne plass for keramikkfigurane. Foto: Fredrik Refvem

  2. Ingrid har krydra hytta med ulike figurar som får litt humor inn i romma. Foto: Fredrik Refvem

Når paret blir pensjonistar, er planen å bu mest mogleg av tida i hytta ved havet.

Arkitekten har laga ei hytte som slepp inn mykje lys og går mest mogleg i eitt med naturen. Buarealet er på omlag 75 kvadratmeter og ligg i første etasje, medan dei rundt 50 kvadratmetrane i andre etasje er ein innreda hems med redusert takhøgde.

Hytta er kledd med royalimpregnert kledning, og taka er tekka med takbelegg.

Dei to er sikre på at ingen av dei ville hatt mot og fantasi til å klekka ut ei så sprek hytte, der ingen rom er firkanta og alle har sin eigen farge.

Dette er såkalla zen-fargar som er avslappande. Fargane er fredelege og tek opp i seg nyansar frå naturen rundt. Her er lyse stråfargar og duse sandfargar, noko ekteparet har prøvd å følgja opp i interiøret, etter råd frå Ingrid si interiørinteresserte tvillingsøster.

Hytta har også fleire element av svart. Blandebatteria er svarte, det same er brytarane og kjøkkenet. Dette har paret prøvd å ta omsyn til når dei innreia fritidsbustaden.

Naturen inn på kjøkkenet

Elles er eik eit viktig treslag i hytta. Golvet er av eik, og fleire stader er det sett inn eikespiler i taket. Trappa til andre etasje er også i eik, spisebordet på kjøkken likeeins. Somme frontar i det svarte kjøkkenet er også mjuka opp med eik.

  1. Hytta har lesebenk med hyttebok og bokhylle over vindauget. Særleg Ingrid likar å lesa når ho er på hytta. Foto: Fredrik Refvem

  2. Hav og himmel møtest utanfor vindauga i andre etasje. Foto: Fredrik Refvem

  1. Desse keramikkfigurane går igjen fleire stader i hytta. Dei er laga av Oddny Friestad Hassel. Foto: Fredrik Refvem

  2. Denne trefiguren med namnet Emissæren pyntar opp i gangen. Han er kjøpt i Sogndalstrand. Ingrid likar kortreist kunst. Foto: Fredrik Refvem

Ingrid samlar på figurar som ser snåle og snodige ut. To av dei har fått plass på lesebenken i vindauget. Foto: Fredrik Refvem

Når ein sit i allrommet, får ein strå og grastuer rett inn gjennom vindauga i to store skyvedører. Ingrid tykkjer det er herleg å kunna tusla rett ut desse dørene. Ho nyt lyden av havet, som ein kan høyra uansett vær, berre ein opna eit vindauga eller ei dør.

Sommar og vår likar ho å gå og studera den rike floraen på Ogna. Ho er imponert over kor mange type blomar som veks i dette barske og karrige landskapet.

Ei store føremon er at hytta ligg berre ein times køyretur frå Stavanger. Dermed er det ikkje umogleg å også dra på dagsturar. Paret likar å køyra ned med varer torsdag kveld, slik at alt er klart til dei kjem ned for å starta helga fredagen.

Hytta vil ikkje få mange naboar, fordi vernesona går like utanfor hytta. Utanom dei gamle hyttene i dei etablerte hyttefelt på Ogna, er det ikkje plass for mange nye hytter.

Dette er ein stor verdi for to byasar som fann ut at dei likar å ha luft og rom rundt seg.

Publisert:
  1. Ogna
  2. Hytte
  3. Jæren

Mest lest

  1. Personer med demens gikk fire måneder på skole - hadde flere gode effekter

  2. Volden på Vaulen badeplass: Tre gutter tiltalt etter at 15-åring ble slått bevisstløs

  3. Mann pågrepet - viste frem våpen på utested

  4. Fjell­bygda nektet å dø. Nå har de store planer