Solveig og Espen eig hytta saman med eit vennepar
Å eiga hytte saman med andre blir halvparten så dyrt og sparer deg for halvparten av arbeidet. I tillegg får du dobbel glede, så sant du passar på å laga gode avtalar på førehand.
Det er erfaringane Espen og Solveig Hodne Riska sit att med etter å ha eigd hytte i Sirdal saman med eit vennepar sidan 2018.
Fuktig snø lavar stille ned rundt den store hytta i Stakshomheia på Tjørhom. Dei er totalt sju personar her i helga. Forutan Solveig og Espen og sønene Lars og Thomas, har dei med ei venninne og hennar to barn. Eldstejenta Maria går på skule i Oslo. Ungdommane er farne til skibakken med vennene og ekteparet Hodne Riska sit i sofaen og undrar seg over at ikkje fleire går for hyttesameige. Er ein skeptisk, men likevel ønsker å prøva seg, kan ein først starta med å leiga ei hytte saman med andre på åremål, for å finna ut om dette fungerer, er rådet deira.
Les hele saken med abonnement