På jakt etter lesestoff om hytter? Her er våre anbefalinger
Vi har samlet åtte hyttesaker du kan lese.
Å vera i landskapet både ute og inne er viktig for Henrik Lundberg og Tonje Broch Moe. Her ser dei av og til røyskatt, og mange lemen. Foto: Fredrik Refvem
OBS: Ukens BO i papiravisen fredag er en hyttespesial. Du kan lese bilaget her (krever abonnement)
Hytta er plassert slik at eigarane får maksimal utteljing av landskapet rundt. Foto: Fredrik Refvem
Korleis bygge ei fin, enkel og billig hytte?
Arkitektparet Tonje Broch Moe og Henrik Lundberg frå Stavanger byggemeldte heile tre hytter før dei kom i mål.
Som eit tempel ligg ho der i bjørkeskogen, lita og søt, og ei hytte folk legg merke til mellom alle kataloghyttene.
Den vesle feriebustaden ligg rundt 15 minuttars gange frå parkeringsplassen ved Mosvatnet. I djup snø kan det ta lenger tid.
Løehuset til Olaug Holmen gjer ikkje mykje vesen av seg der det ligg tilbaketrekt i skogsranda. Foto: Fredrik Refvem
Alternativa var å flytte i blokk eller på hytta. Valet var ikkje spesielt vanskeleg
Omkransa av skog ligg huset til Olaug Holmen. Det er grått og minner om det som det ein gong var ei løe.
Her på Solbakken ovanom Ølesund på Randøy, kan 80-åringen sitja lenge og berre la auga segla inn over Jøsenfjorden si stadig endrande vassflate.
– Å kikka innover fjorden blir eg aldri lei, slår Olaug fast.
– Denne hytta hadde me aldri komme på og bygd på eigahand. Me føler oss heldige som fekk kjøpt denne perla, seier Ingrid og Kaare Fladmark. Foto: Fredrik Refvem
Byaser fann hyttedraumen på Ogna
Ingrid og Kaare Fladmark var ekte byasar som aldri kunne tenkt seg hytte på Jæren, før dei blei besteforeldre til ei prinsesse i Sirevåg.
For å kunna ha regelmessig kontakt med barnebarnet, fekk farmor Ingrid ideen om å få seg ei hytte på Ogna.
Bonusbestefar Kaare var litt skeptisk til hyttetanken i starten, så Ingrid måtte minna han om at Ogna har eigen golfbane.
Anne og Snorre Haukali har tatt vare på Sirdals siste langhus. Det ligg på Kvæven i Skreådalen. Foto: Fredrik Refvem
Kjøpte Sirdals siste langhus: Sauefjøset er blitt stue, kufjøset er tekjøkken
I ein av Sirdals stillaste krokar fann Anne og Snorre Haukali langhuset frå 1830.
Snorre Haukali viste kona Anne annonsen om eigedommen på Kvæven i Skreådalen som var til sals i 2014.
– Her har du stølen din, sa han.
Dei let seg straks sjarmera, sjølv om været og omgjevnadane langt i frå viste seg fram frå si beste side den dagen paret kom for å sjå.
Det var eit ganske primitivt bygg som møtte dei. Mellom anna eit spartansk, iskaldt og nedslite kjøkken utan benk, linoleumsgolv og eit vannklosett på jordgolv.
Hele familien trives veldig godt i Sirdal. Venner og familie er alltid velkomne. Foto: Jonas Haarr Friestad Foto: Jonas Haarr Friestad
Gunn-Rita Dahle Flesjå overrasket mannen med ny hytte
Kenneth Flesjå mistet munn og mæle da kona avslørte at gaven til 40-årsdagen var en splitter ny hytte i Sirdal.
Gunn-Rita Dahle Flesjå, olympisk mester fra Aten i 2004 og en av verdens fremste terrengsyklister, sitter ved det romslige kjøkkenbordet på hytta i Brendeheia i Sirdal sammen med sin ektemann, trener, manager, massør og beste venn.
LANDEMERKE: Pyramidehytta er alt eit begrep i Sirdal. Foto: Jonas Haarr Friestad
Jane og Thomas si hytte har blitt eit kjend landemerke i Sirdal
Hytta ser ut som ho har grodd rett opp av terrenget, der ho ligg i ei kileforma grop i skråninga over Sinnesvatnet.
Jane, Thomas, Nora og Rasmus, alle med etternamn Tvedt, ser fram til å oppleva sin første Sirdal-vinter i eiga hytte. Trekanthytta eller pyramidehytta er alt blitt eit kjent landemerke i Sirdal.
Pyramiden blei bygd som visningshytte og stod ferdig i 2016. Det er arkitektfirmaet Hoem og Folstad som har teikna henne, og ho er bygd av byggmeister Høie Ueland.
Naturen rundt hytta er eit evig skiftande kunstverk. Foto: Kjetil Brekke/Suldal Foto
Midt i reinsdyrland
Har dei landets beste hytte-utsikt?
Bjørg Evelyn og Torjus Halsne treng ikkje kunst på hytteveggane. Naturen utanfor er kunst god nok. Og kor mange kan skryta av at dei kan sjå reinsdyr frå stoveglaset?
I karnappet kan Svein Storli la tankane flyga og hovudet kvila. Foto: Jan Inge Haga
Hyttedraumen tok form i Canada
Marit og Svein forstod at dei berre måtte få seg hytte på fjellet etter tre år i Canada.
Dette landet har også sett sitt preg på hytta ved Gullingen.
Blikket til ein kanadisk svartbjørn som ligg paddeflat på stovegolvet, er det første gjestane møter etter først ha knakka litt med elghovudet som heng ved ytterdøra. Kanadisk det også.