Dette kan du eta på hytta

Ryfylkekokken Frode Selvaag viser her korleis ein lagar til flatbiff av reinsdyr med viltkremsaus, steikt sopp, løk, rosenkål og grønkål. Til dette lagar han fløytegratinerte poteter. Desserten er tytingtrekt pære.

På hytta skal matstellet vera enklast mogleg, dette er ikkje tida for avanserte rettar, slår kokk Frode Selvaag, fast. Men med litt planlegging i forkant, kan ein få i seg både velsmakande og sunn mat, anten ein sit innomhus, eller et mat ute ved eit bål.

Publisert: Publisert:

Sjølv har Frode Selvaag frukosten som favorittmåltid når han er på svigerfamiliens hytte på Sørlandet. Selvaag opererer under namnet Ryfylkekokken og driv saman med kona Cathrine Selvaag firmaet med same namn. Ryfylkekokken har hovudsete på Finnøy, men er også ein del av matkollektivet St. 13 i Stavanger sentrum.

– Hyttefrukosten blir både større og varer lenger enn frukosten i kvardagen, som meir fungerer som eit startskot på dagen. På hytta kan ein sitja og kosa seg lenge og vel, med god kaffi og godt heimelaga brød. Likar ein heimebakst kan det vera lurt å baka dette før hytteturen, eller så kan eit lettvint grytebrød som får stå over natta, vera eit fint alternativ, seier Selvaag.

Les hele saken med abonnement