Korleis bygga på eit vernerdig hus?

Mari Bråtveit og Einar Meland bur i eit gardshus på Storhaug i Stavanger. Huset tilhøyrde småbruket Borgheim og blei bygd i 1885.

Gamalt og nytt, hand i hand på Storhaug. Anten elskar eller hatar du påbygget vårt, seier arkitekt Mari Bråtveit. Foto: Fredrik Refvem

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Då paret kjøpte det verneverdige trehuset, stod det til nedfalls.

– Me kjøpte eigentleg ei tomt. Føremona med å kjøpa noko som er skikkeleg dårleg, er at det då knapt kan bli verre, seier Mari Bråtveit med ein lått.

Borgheim-huset i Karlsminnegata hadde ingen isolasjon, og bjelkelaga var rotne. Då dei reiv opp golvet i gangen, såg dei rett ned på jord, vatn og stein. Ein klatreplante vaks inn i huset frå hagen som var eit einaste villniss.

Ikkje chic, berre shabby

Sjølv den mest romantiske kunne ikkje brukt ordet shabby chic om eigedommen.

– Nei, det var berre shabby, slår Einar Meland fast.

Einar er Storhaug-gut, og paret hadde alt budd nokre år i hans bydel då Borgheim-huset kom for sal. Huset ligg på ei tomt som er uvanleg romsleg til å vera på Storhaug. Det var tumleplass for barna og den gamle frukthagen som freista paret då budde i andre etasje i eit hus nokre hundre meter unna.

  1. Dette biletet viser Borgheim-huset i gamal tid. Då Mari og Einar kjøpte huset, var arken borte. Foto: Fredrik Refvem

  2. Slik så huset ut da det ble lagt ut til salg på Finn. Foto: Haga Foto

  1. Påbygget ligg lågare enn hovudhuset. Det er gjort enkelt og moderne, slik at det gamle Borgheim-huset skal få skina. Foto: Fredrik Refvem

  2. Mari Bråtveit hadde morspermisjon då huset kom for sal, det passa bra, for arkitekten trong eit prosjekt. Ektemannen Einar Tøsdal Meland som er ingeniør, har halde styr på økonomien. Foto: Fredrik Refvem

Kjøkkenet kjem frå Ikea. Ein møbelsnikkar skar ut frontar til kjøkkenet. Foto: Fredrik Refvem

Det gamle våningshuset var på totalt 90 kvadratmeter, fordelt på to høgder. Paret bestemte seg raskt for å byggja på. Skulle dei ha kavet med å renovera og forbetra, ville dei gjerne sitje igjen med ein meir romsleg og praktisk bustad til slutt, fortel Mari.

Ho er arkitekt og var i permisjon med minstemann då dei kjøpte eigedommen hausten 2016. Mari gjekk straks i gong med å teikna eit tilbygg.

Nei, sa kommunen

Det første utkastet som hun sende inn til kommunen, fekk tommel ned, fordi bygget ville skjule for mykje av fasaden til Borgheim-huset. Etter litt justeringar og omarbeiding, fekk paret godkjenning for å byggja på det gamle huset våren 2017.

– Det gjekk med ein del arkitekt-timar. For min del var det særs lærerikt å teikna noko for meg sjølv, for først då kjenner ein på kroppen kva vala ein gjer kostar i kroner og øre, erkjenner Mari.

Ifølge retningslinjer frå byantikvaren skal ein ikkje herma for mykje etter gamal byggeskikk når ein byggjer på hus som høyrer til «Trehusbyen Stavanger», fortel Einar.

Se deg om i huset ved å klikke på pilene og ved å dra i bildet.

  1. Dette arbeidsrommet ligg i nybygget. Veggane er dekte med bjørkefiner. Foto: Fredrik Refvem

  2. Sofaen er ny, elles har Mari og Einar kjøpt lite nytt. Salongbordet kjem frå huset dei kjøpte. Lampen kjem frå farmora og farfaren til Einar. Foto: Fredrik Refvem

Deler av kryploftet i det gamle huset fungerer no som leikehems for barna. Foto: Fredrik Refvem

Det nye skal bryte med det gamle, slik at ingen skal vera i tvil om kva bygg som kom først. Difor er forma på det nye laga mykje enklare, slik at detaljrikdomen på det gamle huset får skine litt ekstra.

Av den grunn har heller ikkje påbygget lister rundt vindauga. Her er alt moderne og reint. For at dei to bygga likevel skal utgjere ein heilskap, er dei malt i same farge.

Påbygget er seinka for å vise at det nye underordnar seg det gamle, forklarer Einar.

Ikkje for alle å lika

Paret valde å byggje eit moderne trehus som står i ganske sterk kontrast til «moderhuset». Påbygget har ei grunnflate på 33 kvadratmeter.

– Like etter at påbygget var ferdig, kjendest det nesten som me budde i ein turistattraksjon. Mange kom for å kikka. Eg er klar over at det me har gjort er ganske voldsomt. Påbygget er stort, og det er ikkje forsiktig gjort. Anten likar du det, eller så likar du det ikkje. Men dei aller fleste kommentarane me har fått, har vore positive. Dei tykkjer denne kombinasjonen mellom gamalt og nytt fungerer godt, fortel Mari.

  1. Stova ligg i gamlehuset. Her har paret malt tømmerveggane kvite. Lampen stammar frå Bråtveit, stresslessen frå Einars morfar. Seksjonen kjem frå Einars farmor og farfar. Foto: Fredrik Refvem

  2. Då dei pussa opp det gamle huset, avdekka dei lag på lag med historie gjennom tapet og maling. Noko har dei tatt vare på. Foto: Fredrik Refvem

  1. På det eine guterommet er malingsrestane på tømmerveggen tatt vare på. Foto: Fredrik Refvem

  2. Tømmerveggen i tv-stova har spor etter kryploftet som er fjerna for å gi betre takhøgde. Foto: Fredrik Refvem

For henne og ektemannen var det viktig å få det kjekt å bu i eit gamalt hus.

– Me ville ha det romsleg, praktisk og funksjonelt, ikkje berre lite, koseleg, trongt og kaldt, oppsummerer familiens arkitekt.

Draumen var å få til ein bustad der barna kunne springa rett ut i hagen medan foreldra kunne sitja på kjøkkenet og drikka kaffi og kikka på dei små gjennom store vindauge.

Nå er dei omsider komne dit.

– Men med tanke på kor mykje arbeid det har vore, hadde det kan hende trass alt vore enklare å følgd barna ned frå andre etasje der me budde før, spøker Mari.

Ho legg kjapt til at løysinga dei valde, har ført til at heile familien er mykje meir ute nå enn tidlegare.

  1. Frå kjøkkenet har ein god utsikt og lett tilgang til den romslege hagen med gamle frukttre. Foto: Fredrik Refvem

  2. Foreldresoverommet har eit walk-in-closet. Foto: Fredrik Refvem

Dette tablået står på benkeplata på badet. Foto: Fredrik Refvem

Rett ut i hagen

Me sit i kjøkkenet i første høgda av påbygget. Her får ein ei kjensle av å sitja midt i hagen, og på grunn av alle dei gamle trea, er det ikkje innsyn frå nabohusa.

  1. Einar Meland og Mari Bråtveit er nøgde med å ha skapt ein bustad med fleire soner og mindre rom. Foto: Fredrik Refvem

  2. Det gamle huset og påbygget utgjer totalt fem halve plan som er bunde saman med små trapper. Trappa og fleire golv i bustaden er dekte med dansk gran. Foto: Fredrik Refvem

  1. Dette badet ligg i nybygget. Golvet og eine veggen er i kled i mikrosement. Dei resterande veggane er glatte kvite overflater, og taket er kledd i bjørkefiner. Foto: Fredrik Refvem

  2. Lampa på gjestedoen stammer frå Einars farmor og farfar. Foto: Fredrik Refvem

  1. Settebordet i tv-stova stammar frå Borgheim-huset. Foto: Fredrik Refvem

  2. Dei finaste tømmerveggane er bevarte, slik som her i tv-stova på loftet. Foto: Fredrik Refvem

Kjøkkenet er kledd med bjørkefiner, slik fleire andre veggar i huset også er. Golvet er slipt betong.

– Det går veldig bra, til denne tid har me knust lite, fortel Mari.

Spisebordet på kjøkkenet laga Einar av rester etter det gamle tregolvet i hovudhuset. Beina fann Mari på Søstrene Grene. Bordet passar bra til to gutar som likar og sitja og hakka med blyantane sine, påpeiker foreldra.

Ekteparet har teke vare på dei finaste partia av tømmerveggane i det gamle huset. For å få det grove til å komma til sin rett, har dei skapt kontrastar med kvite plater. Fleire golv er dekt med gran frå Danmark.

Firmaet Høie og Ueland restaurerte det gamle huset og bygde påbygget. Vindauga kjem frå Kvitsøy, og kledningen frå Riska og Suldal.

  1. Nytt møter gamalt gjennom trappa opp til loftsstova i det gamle huset. Foto: Fredrik Refvem

  2. Døra fann Mari på Finn.no og henta henne i ein garasje på Våland. Foto: Fredrik Refvem

Kjellarinngang gull verdt

Nybygget har takpapp, medan det gamle våningshuset har fått ny, gamal, takstein. Også den frå Suldal. Steinen blei funnen i ei løe på Kolbeinstveit.

Tilbygget huser kjøkken i første høgda. I andre høgda ligg foreldresoverommet, garderobe, vaskerom og bad i ei slags rundkøyring. Dette er eit viktig område for å halde AS-et gåande, skyt Mari inn.

Kjellarinngongen blir også lovprist. Her har familien på fire god plass til klede og sko.

Borgheim-huset hadde jordkjellar. For å få til ein skikkeleg kjellar, blei huset løfta til sides av to heisekranar slik at ein kunne sprengje vekk masse med dynamitt.

Fordi påbygget er seinka i høve til våningshuset, får dei som bur her ei oppleving av å ha fem halve plan; tre i det gamle huset og to i det nye påbygget. Eit eige overgangsbygg med store vindauge knyter bygga saman, men skil dei også frå kvarandre.

Stova ligg i første høgda i det gamle huset. I andre høgda har sønene Olav og Sjur soveromma sine. Her ligg også loftstova. Deler av det gamle kryploftet er teke vare på og fungerer no som leikehems.

Hus med mange plan

Dei to er nøgde med å ha skapt ein bustad med fleire soner og mindre rom.

– For oss passar det godt å sleppa å rydda 80 kvadratmeter før me skal ha besøk. Hjå oss held det å rydde ein liten flekk, seier dei to.

Trappene og avsatsane bind huset saman, slik at ein alltid høyrer kvarandre og får ei kjensle av å vera saman, sjølv om ein oppheld seg i ulike deler av bustaden.

Einar og Mari takkar spesielt Einars far for at dei kom i mål med prosjekt Borgheim. Han har lagt ned svært mange dugnadstimar her.

Begge elskar å bu på Storhaug. Dei set pris på å leva i eit etablert strok med kort veg til bysentrum. Bydelen er bygda deira, slår dei fast.

Det beste av alt, er at dei kan gå eller sykle til det meste. Det set spesielt Mari Bråtveit pris på, for ho fekk nok av køyring i oppveksten i Øvre Suldal.

Dersom du vil ha fleire detaljar og bilete frå renovering og utbygginga på Storhaug, har paret ein eigen Instagram-konto kor dei har dokumentert prosessen. Den heiter prosjektborgheim.

Publisert:

Mest lest

  1. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke i forbindelse med skoleprosjekt

  2. Ryfast slo fire rekorder: – Helt nydelig i Ryfylke

  3. Her rygger leddbussen ned på Diagonalen

  4. Mann til sykehus etter arbeidsulykke

  1. Storhaug
  2. Stavanger