Januar-barometer: No går mykje Trygves veg

Sant å seia er det framleis slik at ulikskapane er små og at berre promillar kan avgjera haustens val.

Publisert: Publisert:

Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Foto: Scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sperregrensa på 4 prosent trugar både Venstre og SV. Men dei siste tala frå dei nasjonale meiningsmålingane (åtte i januar 2017) viser ein konsekvent tendens: Ap gjer det rimeleg greit og Senterpartiet ligg an til å bli valvinnar i haust.

Kombinert med den stadig sterkare utryggleiken om borgarleg samhald er det ikkje vanskeleg å trekka konklusjonen om regjeringsskifte i haust.
Raud-grønt-gult fleirtal
Ap-leiar Jonas Gahr Støre hadde hatt ei solid backing på Stortinget med både Sp, SV, Raudt og MDG ut frå januar-målingane.

Han kunne også hatt fleirtal med KrF-leiar Knut Arild Hareide. No er rett nok KrF-nestleiar Dagrun Eriksen historie ut frå framlegget til valkomiteen, men den nye første nestleiaren Olaug Bollestad er minst like Ap-venleg som andre nestleiar Kjell Ingolf Ropstad er skeptisk. Sistnemnde sørlending er elles ein knallhard realpolitikar og vil vita å sjå valresultatet i kvitauga.

Sp: Beste på 20 år

På DN-målinga gjort av Sentio sist veke gjer Senterpartiet det beste valresultatet på meir enn 20 år. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vert slått opp over to sider i den rosa næringslivsavisa og sitert på at han ikkje er Donald Trump. Han bur jo på Ilseng, ikkje på Manhattan.

Godt sagt, 2016

Me skal ikkje sitera oss sjølv for mykje. Men der den grunnleggande skatte- og avgiftsfiendtlege næringslivsavisa Dagens Næringsliv leverte ein framifrå satirisk og streng harselas over landsmøtetalen til Slagsvold Vedum i fjor vår, skreiv Aftenbladet:

Les også

Desember-barometer 2016: Kan SV koma inn frå Rogaland?

"Slagsvold Vedum går rett inn i sjølve grunnverdiane i partiet og rissar opp dei verkeleg store linjene frå stiftinga av det dåverande Bondepartiet for altså 95 år sidan. Senterpartiet er kort sagt noko av det norskaste me har, ein garantist for bønder, landbruket, norsk mat og distrikta i vårt langstrakte land – ein garantist mot sentralisering, «robuste» reformer og kommunesamanslåing ved tvang."

Likevel kom eg i tankar om USA då eg høyrte landsmøtetalen til Vedum.
Nærare bestemt B-komedien «The Anchorman 2» om ein fallert ankermann på kabel-tv som set ut på å laga den mest populære nyhetshistoria som tenkast kan. Han vel å laga historia om Amerika. Kor stort og flott Guds eige land er, kor høgt me elskar det og kvifor. Det vert ei usannsynleg populær sending."

Sidan april 2016 og fram til no har det vist det seg at soga om nasjonen har usannsynleg sprengkraft. Enten me snakkar USA eller Norge.

Fram mot valet i haust vil du få høyra mykje løye, papegøye, om Trygve Slagsvold Vedum. Han er alt døypt Varg Vedum etter å ha sikra seg nye poeng på å skyta med lauskrut etter ulvejeger Vidar Helgesen (H). Elles er Sp-leiaren ein ivrig reform-motstandar, det kan ingen ta frå han, med eit stort smil og Stortingets mest smittande lått.

Gode målingar for Ap

Senterpartiets jamne framgang, på høgde med EU-kampen tilbake på tidleg 1990-tal, vert toppa med gode målingar for Ap-leiar Jonas Gahr Støre, og det som ser ut til å vera at nokon i folkethar trong til skifte igjen.

Ap er prisverdig tydeleg på at partiet vil auka skattane og fordela meir, likevel forunderleg utydeleg på arveavgifta. Men det kan sjå ut som om folk i Norge følgjer brevskribenten i Bergens Tidende sist veke. Aldrande Wilfred H. Høsteland melder at han er slett ingen sosialist. Men at han som ønska seg ei ny regjering sist val, kjenner seg lurt. No meiner han at Frp og Høgre går mot folkemeininga i sak etter sak. Han tenker då særleg på alle reformane dei blå-blå har sett i gong, måtte det vera sjukehusreform, politireform, kommune- eller regionreform.

Høsteland avsluttar med at han er alt anna enn Ap-mann. Og at det vil gjera han vondt å røysta noko anna enn Høgre og Bergens eigen Erna Solberg. Ut frå meiningsmålingane i januar er han ikkje heilt åleine.

Reform-motstandaren Høsteland kan langt på veg oppsummera Sp-suksessen på meiningsmålingane. Du treng heller ikkje å tru på dei store reformene under eit nytt Ap-regime med Sp som partnar.

I Rogaland er KrF ifølgje Celius, eit program for valsimulering, nærast til å ta eit mandat, Frp er på kampplass. Me snakkar om nokon få tusen røyster som skil mellom vinnarane og taparane. Venstre er atter inne på utjamningsmandat, SV er ute.

Publisert:

Les også

  1. November-barometer i budsjett-kaosets tid: Raud-grønt fleirtal er tilbake

  2. Barometer for september: Sp i siget

  1. Trygve Slagsvold Vedum
  2. Jonas Gahr Støre
  3. Politikk
  4. Senterpartiet (Sp)
  5. Arbeiderpartiet (Ap)