Suksessrikt røykeavvenningskurs
Noko av grunnen til suksessen vår er at kurset strekker seg over seks månader, og at deltakarane forpliktar seg til å ringa kursleiaren når dei blir freista til å ta ein røyk, seier informasjonskonsulent Tor Arne Westlund ved Dr Kimo Røykeavvenningsklinikk.
- Hilde Eidsaasbjorland
I tolv år har den palestinske doktoren Kimo Karkash drive med røykeavvenning i Noreg, basert på kinesisk urtemedisin. Kvart år har opp i mot tusen nordmenn delteke på kurs for å klara slutta å røyka. Målet til klinikken er at 90 prosent av deltakarane skal bli røykfrie. Så langt er resultata mellom 75 og 90 prosent.
Dr Kimo Røykeavvenningsklinikk driv fyrst og fremst med kurs i ulike bedrifter i Oslo og Stavanger. Kurset er lagt opp som ei blanding av informasjon, haldningsendring og behandling med naturmedisin.
Behandlinga er holistisk ved at både dei psykiske og fysiske sidene ved det å slutta å røyka blir teke med, seier Westlund.
Kursarrangørane tilbyr ein del hjelpemiddel som røykaren kan ty til når røykesuget blir for stort. Peppermynteolje og brasiliansk søtrot er noko som skal bøta på suget. Eit av krava til deltakarane er at dei skal betala ein del av kursavgifta sjølv.
Det viser seg at gratiskurs ofte er mislukka. Når deltakarane må betala eit par tusenlappar sjølv, kan alle partar vera sikre på at innstillinga er rett, seier Westlund.
34 medarbeidarar ved Oljedirektoratet (OD)i Stavanger fulgte kurset for halvanna år sidan. 60 prosent av desse er nå røykfrie.
Me er godt fornøgde med det og ser på det som eit helsetiltak, seier seniorrådgjevar i personalavdelinga i OD, Geir Haaland.
Finn Kolnes i Futura senter for rådgivning i Sola driv ein del røykestoppkurs i distriktet. Han har teke over kurs som er nytta ved Sentralsjukehuset i Akershus, og kan visa til at rundt 50 prosent av deltakarane vert røykfrie. Opplegget går ut på systematisk nikotinnedtrapping, vanebryting og gruppearbeid.
I Haugesund driv psykolog Arne Taraldsøy med røykeavvenningskurs på privat basis. Undersøkingar av liknande kurs viser at 40 prosent av deltakarane klarer å legga frå seg røyken heilt etter eitt år.
Mest lest akkurat nå
Aftenbladet anbefaler
Mann i 30-årene risikerer forvaring etter å ha forgrepet seg på ett år gammel datter
Birgitte Munch var toppleder med millionlønn. Så hoppet hun helt av karrierejaget
Dette mener ekspertene skal til for at vi kan leve som før
Da Rebekka og Charlotte møtte hverandre for 12 år siden, var det hat ved første blikk. Nå er de bestevenninner