Bilskiltet hans får folk til å smile
Fleire sperra opp augo då dei såg bilskiltet til Tor Jacob Nordgulen. – Eg berre måtte ha det, seier psykologen.
- Ingvild Nave

Endeleg er dei aller første personlege bilskilta begynt å kome på vegane.
Eit av dei høyrer til psykolog Tor Jacob Nordgulen på Askøy. Han var raskt ute og sikra seg skiltet «PSYCHO».
– Eg har berre hatt det i to dagar, men merkar allereie at mange smiler til meg og blir glade når dei ser det. Pasientane mine også. Dei har kommentert det, fortel mannen bak psycho-skiltet til Bergens Tidende.
Til vanleg arbeider han som psykolog, noko som var ein utløysande faktor for val av bilskilt.
– Eg sat og tenkte på om eg skulle få meg nytt bilskilt, men så slo eg det frå meg. Plutseleg var det nokon som foreslo psycho. Då tenkte eg: Ja, det må eg ha, fortel Nordgulen, som blei overraska då BT ringde.
– Det har ført til mykje merksemd, dette skiltet.
«Konebil» er Stavangers første
For 9000 kroner kan du nå få ditt personlige bilskilt
I fjor haust annonserte regjeringa at ein i år kunne søke om dei spesielle skilta. Så langt er over 1000 nye skilt blitt godkjent. Tiltaket var så populært at Statens vegvesen sine nettsider låg nede på grunn av for stor pågang, trass i at prislappen ligg på 9000 kroner.
Redd for skilttjuvar
For Nordgulen gjekk det heldigvis bra, og på måndag henta han det splitter nye skiltet.
– Eg rakk biltilsynet akkurat, og festa det på bilen med ein gong. Eg har vurdert å feilparkere på Brann Stadion med vilje, slik at speakeren ropar ut: «Kan psychoen flytte bilen sin». Det hadde nesten vore verd det, seier Nordgulen.
Han trur ikkje verken vener er kollegaene hans blir overraska når han dukkar opp i psycho-bilen.
– Nei, dei kjenner meg og veit kva det går i. Dei kjem nok berre til å trekke på smilebandet og tenkje «slik er han», fortel Nordgulen.
Sjølv om han så langt berre har hatt positive opplevingar med skiltet, er det ein ting han er bekymra for.
– Eg er bekymra for å parkere i sentrum, for eg er redd skiltet skal bli stelt. Av og til er eg litt bekymra for hærverk på bilen også, men dei forstår sikkert konsekvensane når det står psycho på bilskiltet, forklarar han medan han ler.
Mest lest akkurat nå
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Å elektrifisere flere plattformer på norsk sokkel nå vil være en fullstendig katastrofal avgjørelse
Når folk opplever en krise, er det viktigste en regjering kan gjøre å styre trygt gjennom stormen. Sånn er det ikke nå
Åpner for å droppe planer om motorveier – kan få konsekvenser for E39-utbyggingen
– Det er litt som et «Lykkeland 2.0», en historisk seilas inn i fremtiden