Sliten, utbrent og ferdig i politikken? Nei, ikkje denne kvinna.

Fredag ettermiddag heldt Venstre-leiar Trine Skei Grande sin viktigaste tale i år.

Venstre-leiar Trine Skei Grande bles av kommentatorane som meiner at ho er sliten. - Eg er ikkje ferdig i politikken, men tent på ny valkamp, meldte ho på Venstre-landsmøtet fredag ettermiddag.
  • Jarle Natland
    Jarle Natland
    journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Det er grunn til å spørja om talen var god nok til å snu stemninga i Norges eldste parti. Opptakten til landsmøtet i Ålesund kunne knapt ha vore verre.

Kontrasten er stor til sjølvsikre Senterparti-delegatar sist helg der oppgangen synest ingen ende å ta.

Les også

Kommentar før ny landsmøtehelg: Venstre vil alle vel, vinn ingen val

Mens Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum kan skina som ei sol, har Trine Skei Grande langt verre ting å ta fatt på. Som alltid i eit lite parti i motgang vil nokon meina at ny retning må til.

Skrekkmåling

I heile mars har Venstre lege under sperregrensa på dei nasjonale meiningsmålingane, toppa med ei skrekkmåling i Vårt Land godt tima mot landsmøteopninga. 2,7 prosent er ikkje godt nok, for å seia det forsiktig. Sjølv SV gjer det klårt betre enn V i mars og er jamleg over sperregrensa.
Omtrent samstundes kom Trine Skei Grande ut med ei forsikring om at Frp skal ut av regjering etter valet, Venstre vil inn.

Då fekk den frittalande Abid Q. Raja hjartans nok og ga beskjed om at partileiaren no er på ville vegar. Dermed var det full fyr allereie frå landsstyret var samla torsdag kveld. Verken Raja eller Skei Grande ville be om orsaking, men det enda med eit kompromiss i kjent stil om at det var ikkje akkurat slik partileiaren hadde meint å formulera seg.

Alt i januar presenterte Raja eit stortingsnotat der han ikkje ville stenga dørene verken for Ap eller Frp. Det fall ikkje i god jord hos Trine Skei Grande som verkar endå meir allergisk mot Ap enn mot Framstegspartiet.
Også den klart meir diplomatiske Venstre-ordføraren i Eid kommune, Alfred Bjørlo, tek avstand frå Venstre-leiaren sin avvisande strategi.

Blå-grønt er plan A

No var det slett ikkje noko nytt bodskap frå Trine Skei Grande å stenga døra for Frp.

Heilt sidan Nydalen-forhandlingane enda med KrF og Venstre som støtteparti, har førstevalet for Venstre vore ei blå-grøn regjering. Det vanskelege tilhøvet mellom Venstre og Frp har tilspissa seg på statsrådar som Sylvi Listhaug, mens Abid Raja i samferdselskomiteen har eit greitt og ukomplisert tilhøve til Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Les også

Tidenes klimabudsjett koster milliarder for bilistene og øker utslippene

Les også

Meiningsmåling for Rogaland: Veljarane straffar dei borgarlege

Men slik er altså starten for landsmøtet på Scandic Parken i kanskje Norges vakraste by. Venstre har ikkje hatt landsmøte her i jugendbyen sidan 1997, som vart innleiinga til ein liten gullalder for partiet. To stortingsplassar vart til tre statsrådar og neste val vart det beste for partiet på mest 40 år.

– No vonar me på Ålesunds-magien igjen, melder Trine Skei Grande.

Det var det då. No har Venstre-landsmøtet høve til å fella ein klar dom over Frp og regjeringsspørsmålet til hausten. Men det vert nok eit rundare formulert vedtak formulert av Iselin Nybø der det ikkje handlar om kva Venstre er imot, men kva partiet er for.

Og det kan jo vera sympatisk nok.

"Ikkje noko opprør"

Likevel er det tankevekkande at den unge programleiaren i Venstre TV understrekar at det er god stemning og ikkje noko opprør i landsmøtesalen.

Det burde normalt ikkje ha vore naudsynt å seia. Aftenposten-kommentator Frank Rossavik skreiv fredag at Venstre no er moge for nedlegging og at V-leiaren verkar både trøytt og sliten i sitt sjuande år som leiar.

Ein avgang ligg nok fleire år fram i tid. I verste fall må Trine Skei Grande leia si eiga einpersons-gruppe på Stortinget etter valet.

– I dei siste dagane har fleire kommentatorar skrive at eg er sliten, nærmast ferdig med politikk. Men eg har ikkje tenkt å gje meg, varsla Venstre-leiaren.

Det nye utdanningspartiet?

Venstre har fire hovudsaker: Miljø, skule, velferd og småbedrifter. Alle fekk sin rikelege del av omtale fredag ettermiddag, men mest av alt skule. Venstre tek mål av seg til å bli sjølve utdanningspartiet igjen.

Kunnskap er vår tids medisin mot populisme, nasjonalisme, framandhat og diskriminering, meiner Trine Skei Grande.

Trine Skei Grande kunne nok med fordel ha kutta litt i teksten sin utan å mista så mykje av bodskapet.

Politikk, politikk, politikk

Men det er mykje me i pressa som er opptekne av regjeringsspel, samarbeidskonstellasjonar og leiarstrid. Det viktigaste på Venstre-landsmøtet er politikken. Og partiet har uhorveleg mykje politikk og engasjerte liberale medlemer: Det kom inn over 2500 endringsframlegg til programmet. Mesteparten av helga vil bli brukt på programarbeid.

Partiet er splitta i verdisaker som dødshjelp, omskjering og altruistisk surrogati, men Venstre skal også handsama spørsmål om foreldrepermisjon og republikk.

Unge Venstre har gjort framlegg om å seia nei til 24. leiterunde alt no, men her har V-nestleiar Ola Elvestuen gjort felles sak med Rogaland Venstre for å mjuka opp vedtaket. Denne saka kjem opp laurdag.

Bustadskatt blir også eit heitt tema på landsmøtet. Mindretalet i programkomiteen vil ha skatt på primærbustad. Taxfree-salet på norske flyplassar er også under angrep på landsmøtet denne helga.

Publisert:
  1. Trine Skei Grande
  2. Abid Raja
  3. Ketil Solvik-Olsen
  4. Sylvi Listhaug
  5. Trygve Slagsvold Vedum

Mest lest akkurat nå

  1. 270 var med i trekningen for å få kjøpe de 30 boligene. Nå kjemper huseierne for millioner i erstatning

  2. Kortvarig tomatlukke for «Geggi»

  3. Lokalt kjøkken-selskap skifter eiere

  4. Fra koronaskam til deling av positive tester på sosiale medier: – Overhodet ikke flaut

  5. Ruskeværet torsdag var bare en liten forsmak på det som kommer i helgen

  6. Sola truer med veto i Bymiljøpakken