- Det nyttar ikkje å vere brubyggar om du berre bygg halve brua

Den nye biskopen vert omtala som ein brubyggar i homofilisaka. Komikar og musikar Jan Rune Holdhus reagerer på at Kirkemøtet valde ein biskop som ikkje vil vie homofile.

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
Åpen folkekirke omtalar den nye biskopen i Stavanger som ein brubyggar. Komikar Jan Rune Holdhus er ikkje nøgd med brua som vert bygd.
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Torsdag i 9. desember vart det kjent at Ivar Braut er ny biskop i Stavanger. Braut er i dag sokneprest i Birkeland i Hordaland.

«Hurra! Ny biskop i Stavanger som ikke vil vie homofile», skriv komikar og musikar Jan Rune Holdhus på si Facebook-side fredag.

«Det nytter ikke å være «brobygger» hvis du bare bygger halve broen», skriv han vidare.

Holdhus har også tidlegare engasjert seg i kyrkja sitt syn på homofili. I fjor omtala han det som diskriminerande og sårande at homofile ikkje skal få jobbe i sentrale stillingar i kyrkjene i Sandnes.

Fleirtalet ville ha Braut

Under Kirkemøtet i april stemte Braut for eit kompromissvedtak i homofilisaka, som inneber at kyrkja skal gi rom for to syn. Sjølv meiner han at ekteskapet er for mann og kvinne.

Av bispekandidatane var det berre Torstein Lalim som ville vie homofile sjølv.

Tilsettinga av ny biskop i Stavanger bispedømme skjedde på Kirkerådet sitt møte i Stavanger torsdag. Fleirtalet stemte på Braut, han fekk åtte stemmer. Fem stemte på Torstein Lalim og to stemte på Helge S. Gaard.

Les stort intervju med den nye biskopen:

– Jeg vil være biskop for de famlende og spørrende og vil lytte til dem som har en skjult og stille tro

Åpen folkekirke: - Overraskande

Då fleirtalet i Kirkerådet høyrer til Åpen folkekirke, kjem valet av ein konservativ kandidat som ei overrasking på mange.

Gard Sandaker-Nielsen, leiar i Åpen folkekirke, seier i ei pressemelding at han er overraska over val av ny biskop.

– Eg forstår at mange er skuffa over at Torstein Lalim ikkje vart biskop i Stavanger. Eg hadde i utgangspunktet ynskja meg ein annan kandidat, men ser at Kirkerådet har gjort ei anna vurdering.

Sandaker-Nielsen seier han er glad for at Braut har sagt at det er feil å nekte prestar å vie likekjønna par og at det har vore feil å overkøyre mindretalet.

– Det er ein viktig lærdom som gjer at han kan bli ein god brubyggar.

Braut tek over etter Erling J. Pettersen som har vore biskop i Stavanger sidan 2009.

Les intervju med alle kandidatane her:

Facebookpresten: Torstein Lalim kan bli den neste biskopen.

Fotballpresten: Helge S. Gard kan bli den neste biskopen.

Maratonpresten: Ivar Braut kan bli den neste biskopen.

Publisert:
  1. Stavanger bispedømme
  2. Homofili
  3. Ivar Braut
  4. Åpen folkekirke
  5. Kirkemøtet

Mest lest akkurat nå

  1. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  2. Mange hoster. Slik finner du lettere ut hvilket luftveisvirus du er smittet av

  3. Her sto det en hytte. Så forsvant landskapet rundt, bit for bit. Nå får eieren ikke bygge den opp igjen

  4. Mikal Stømne (24) gikk ned 84 kilo på egen hånd. Fem grep ble avgjørende.

  5. To tenåringer og den enes stefar tiltalt for grov kroppsskade

  6. Nå kutter flere skoler ned på leksene