Regjeringa vil kreve tre i matte av framtidige sjukepleiarar

Utfordringa med feilmedisinering er ein viktig grunn til at regjeringa foreslår å stille strengare mattekrav til framtidige sjukepleiarar. Eit steg i riktig retning, seier Norsk Sykepleierforbund.

Publisert: Publisert:

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Regjeringa foreslår å kreve karakteren tre i matematikk og norsk for å kome inn på sjukepleiarutdanninga.

Vidare foreslår dei krav om 35 skulepoeng, altså eit karaktersnitt på 3,5 frå vidaregåande skule medrekna realfagpoeng og liknande.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Idéen er ikkje ny: Høgre tok til orde for det same i 2011. Ein har to val, uttala Erna Solberg den gong:

– Ein kan svekke kvaliteten på helsevesenet gjennom å senke kompetansekravet til utdanninga, eller ein kan gjere som Høgre vil og auke krava for å kome inn på sjukepleierutdanninga.

Norsklærere må ha 4 i matte, sykepleiere og økonomer slipper

Sykepleierforbundet positive

Norsk Sykepleierforbund er positive til forslaget som no vert sendt til høyring.

– Det er viktig å ha klare krav til inntak og gjennomføring av sjukepleiarutdanninga. Dette handlar om kvalitet og pasienttryggleik, seier leiar Eli Gunhild By til Aftenbladet.

– Kvifor meiner de dette gir betre kvalitet?

– God sjukepleie krev solid teoretisk kompetanse. Vi ser at fleire studentar slit i naturvitskaplege fag i dag. Høgare kompetanse ved inntak gir grunnlag for høgare gjennomføring av utdanninga og betre resultat.

Samtidig synes Sykepleierforbundet det er synd dei ikkje foreslår same kravet for engelsk.

– Vi meiner det bør vere krav om karakteren tre også i engelsk. Likevel er dette eit godt stykke i riktig retning, seier By.

Sara brukar sommaren på matte

– Store utfordringar med feilmedisinering

Forbundsleiaren seier dei ikkje har tatt stilling til kravet om 35 skulepoeng, men vil vurdere dette i sitt høyringssvar til forslaget.

Det nye karakterkravet er foreslått å gjelde frå studieåret 2018/2019. I forslaget som no er sendt på høyring, kjem regjeringa med tre alternativ til korleis sjukepleieutdanninga kan skjerpast. Felles for alle alternativa, er kravet om tre i snitt i matematikk.

− Vi har i dag store utfordringar med feilmedisinering i helse- og omsorgstenesta. Karakterkrav i matematikk kan bidra til å styrke studentane sin kompetanse på medikamenthåndtering. Riktig administrering av medisinar er avgjerande for pasienttryggleiken, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.

Meiner fleire fullfører studiet

− Ved å få sterkere kandidatar til sjukepleierutdanninga, meiner vi utdanninga vert bedre. Sjukepleiarane vil dermed kunne levere tenester av enda betre kvalitet, uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.

At dei vil kreve karakteren tre i norsk grunngir han slik:

– Som sjukepleiar er det heilt nødvendig å kunne kommunisere godt med pasientar, pårørande og kollegaer. Det skaper tryggleik for pasientane, og er heilt avgjerande for at kollegaer forstår beskjedane som vert gitt.

Forslaget er vidare grunngjeve med at dei meiner fleire vil fullføre studiet.

På Universitetet i Stavanger var sjukepleierutdanninga den mest søkte utdanninga for skuleåret 2017/2018. 866 personar søkte studiet som har 245 studieplassar. Det er ei auking på 35 prosent frå året før.

Tre alternative forslag

Dei tre alternativa i forslaget er formulert slik:

«a. Å kreve minimum snittkarakter tre i den obligatoriske matematikken, det vil si i fellesfaget matematikk, fra videregående skole.

b. Å kreve minimum snittkarakter tre i den obligatoriske matematikken, det vil si i fellesfaget matematikk, og minimum tre i norsk fra videregående skole.

c. Å kreve minimum snittkarakter tre i den obligatoriske matematikken, det vil si i fellesfaget matematikk, minimum tre i norsk, og minst 35 skolepoeng fra videregående skole. Skolepoeng regnes ut ved å multiplisere snittkarakteren fra videregående skole med ti, og legge til eventuelle tilleggspoeng.

Dersom søkeren har bestått programfag i matematikk (R1/S1), faller kravet om snittkarakter tre i matematikk bort.»

Sykepleier tapte i Høyesterett: Nå blir det enda vanskeligere å få heltidsjobbKåre Arnfinn ble mobbet da han ville bli sykepleier
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kilometerlang ferjekø på Hjelmeland

  2. Sandnes Ulf fikk tilbud om å hente Forren: Dette svarte klubben

  3. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni

  4. Bru og Sevland i krisemøte om ONS

  5. Kjørte i 142 km/t - mistet lappen

  6. Spedbarn døde av covid-19 i Sveits

  1. Matematikk
  2. Bent Høie
  3. Torbjørn Røe Isaksen
  4. Helsepolitikk
  5. Norsk Sykepleierforbund