Heile brannstasjonen rykka ut for å redde selungen Selvin

Selungen Selvin hadde eit stygt kutt i nakken, og trengde hjelp. – Vi heiv oss rundt så raskt vi kunne, seier brannvesenet i Arna.

BASSENG: Brannvesenet heiv seg i bilen og pumpa opp eit par tusen liter saltvatn til Selvin. No sym han rundt i karet hos dyrlegen.
  • Ingvild Nave
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Rundt klokka fire i ettermiddag blei selungen funne i fjæra i Arna, som er en bydel i Bergen kommune, øst for sentrum.

– Han hadde ei stygt kutt i nakken, kanskje frå ein båtpropell. Han var ganske pjusk, fortel Rune Mikkelen i Viltnemnda i Bergen til bt.no.

Først var han usikker på om den vesle selen ville klare seg.

– Eg vurderte å avlive den, men så tenkte eg at vi måtte gi han ein sjanse, seier Mikkelsen.

Det skulle vise seg at det var mange andre som også ville hjelpe Selvin.

– Eg tok kontakt med Myrbø dyreklinikk. Dei var veldig hjelpsame, og eg fekk han til dyrlegen så raskt vi kunne, fortel Mikkelsen.

SELVIN: Den vesle selen er fødd i sommar. Han har fått ei stygt kutt i nakken. Viltnemnda og dyrlegen trur det kan ha kome frå ein båtpropell.

Sette alle klutar til

Veterinær Kristine Bull tok i mot Selvin då han kom til dyreklinikken.

– Såret er ganske stygt, men det kan gro fint i saltvatn. Problemet var at vi ikkje hadde nok vatn, fortel ho.

Ein dugnad blei sett i gong. Bull, Mikkelsen og fleire sette i gong med å frakte saltvatn til bassenget.

– Det gjekk ganske seint. Det var då vi kom på at kanskje brannvesenet kunne hjelpe oss, fortel Bull.

Dei kontakta politiet, som deretter gav beskjed til brannvesenet om at Selvin trengde saltvatn.

– Heile stasjonen rykka ut

Brannvesenet var ikkje vanskelege å be.

– Heile Arna brannstasjon rykka ut. Vi heiv oss rundt, og køyrde brannbilen ned til sjøen. Der pumpa vi opp nokre tusen liter slik at han skulle ha litt å boltre seg i, fortel innsatsleiar Kjell Hegdal.

Han meiner det er viktig å hjelpe både dyr og menneske.

– Vi må trå til og hjelpe når vi kan. Selen såg kjempeglad ut når han fekk vatnet. Han får prima behandling på dyreklinikken, seier Hegdal.

– Det var fantastisk at dei kunne hjelpe, seier dyrlegen.

TAKKA: Brannfolka fekk applaus då dei drog.

– Alle får klappe den

Selungen blei fødd tidlegare i sommar, og veg 10–12 kilo. Alle hjelparane håpar at han vil bli frisk.

– Han er utruleg søt. No sym han rundt og plaskar i bassenget sitt. Den er veldig kjælen og alle får klappe den. Vi er ikkje heilt sikker på om det er jente eller gut, men vi har gitt han namnet Selvin, fortel Hegdal.

I morgon vil han kontakte Akvariet i Bergen for å høyre kva som er best for selen.

– Eigentleg er dette ein dyretragedie. Han har blitt skadd på grunn av menneskelig aktivitet. Vi er usikker på om han kan klare seg i det fri, men vi vil gjere eit forsøk i alle fall, seier Mikkelsen.

Selvin er ei steinkobbe. Dei kan bli over hundre kilo, så den vesle selen har mange kilo å leggje på seg i månadene framover.

– Vi har kjøpt morsmjølkerstatning og fått tak i fersk fisk. Han ser ganske kvikk ut no, så eg har håp om dette kan gå, seier Mikkelsen.

Publisert:
  1. Bergen
  2. Arna
  3. Veterinær
  4. Dyr
  5. Bergen kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Mann til sykehus med stikkskader etter voldshendelse på Tasta

  2. TV 2: Planlegger for lettelser: – Kan bli slutten på karantene

  3. Den mest kunnskapsrike vi kjente

  4. Energisjokket: Lokale tomatbønder gir opp – andre bytter til fyring med propan

  5. Lillebror er sjefen over storebror: – Jeg får skylden om ting går til helsike

  6. Elsparke­syklist døde etter ulykke – navnet er frigitt