Riksadvokaten slakter forslag om strengare straff

Forslaga om å heve straffenivået for dei som har utført fleire alvorlege lovbrot, får lite gehør frå riksadvokaten.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch seier til Aftenbladet at dette er ei viktig sak, som dei håper politikarane vurderer nøye.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Justisdepartementet har foreslått å heve straffenivået i saker der ein gjerningsperson har begått fleire lovbrot til maksimalt 30 års fengsel. For dei aller mest alvorlege sakene, er grensa foreslått heva til 40 år.

Forslaget har utgangspunkt i einigheita mellom Høgre og Frp i Sundvollenerklæringa.

Slakt frå riksadvokaten

Høyringsfristen er no passert. Riksadvokaten, som er leiaren for påtalemyndigheita i Norge, sendte onsdag sitt svar til departementet.

– Skal ein forsøke å straffe på ein måte som i grusomheit svarar til dei verste lovbrota, må ein gå vekk frå prinsippet om ei human strafferettspleie, heiter det i uttalen.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch seier til Aftenbladet at dette er ei viktig sak, som dei håper politikarane vurderer nøye. For øvrig viser riksadvokatembetet til sitt høyringssvar og ynskjer ikkje kommentere utover dette.

I uttalen heiter det at ein neppe kan rekne med auka prevensjonseffekt ved dei føreslåtte straffeskjerpingane.

– Samtidig vil ei slik utvikling føre til betydelege menneskelege og økonomiske kostnader.

Eit av argumenta for strengare straff, er at det i dag kan verke som vernet er svakare i tilfeller der det er utført fleire grove lovbrot. Riksadvokaten meiner det er vanskeleg å sjå at regelverket signaliserer nokon form for aksept for lovbrotet, sjølv når det vert gitt såkalla kvantumsrabatt.

Kritisk til 40 års fengsel

Uttalen er spesielt kritistk til forslaget om 40 års fengsel for dei aller mest alvorlege lovbrota, som til dømes terror eller folkemord. Høyringssvaret påpeikar her at omfanget og karakteren av handlinga som regel vil ha meir å seie for straffeutmålinga enn kor vidt ein utførte eitt eller to folkemord.

Riksadvokaten er ikkje den første som kritiserer forslaget. I høyringssvaret frå 13 fagpersonar frå Universitetet i Bergen, heiter det at straff må nyttast på ein måte som speglar rettssystemet sine verdiar og bidreg til lav kriminalitet.

– Etter vårt syn representerer forslaget eit steg vekk frå dette prinsippet, skriv dei.

Publisert: