Rogaland Arbeiderparti vil ha færre religiøse privatskular

Dag Mossige overbeviste Rogaland Arbeiderparti om at religiøse privatskular bør begrensast.

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

I eit forslag lagt fram på partiet sitt fylkesårsmøte i Haugesund laurdag, heiter det at ein må jobbe for å begrense opprettinga av fleire statlege støtta privatskular organisert på religiøst grunnlag.

Forslaget fekk overveldande fleirtal under avstemminga søndag. Om lag tre fjerdedel stemte for forslaget.

– Eg kan vanskeleg tenke meg noko som er mindre framtidsretta i 2017 enn å dele inn born på bakgrunn av deira eller foreldra si tru. Det vi treng er å lære kvarandre å kjenne på tvers av det som skil oss. Det får vi til i fellesskulen, seier Mossige i Stavanger Ap.

Han seier dei ikkje ynskjer å forby religiøse skular, men å begrense dei.

– Det handlar om at staten ikkje skal bidra til religiøs einsretting. Eg ynskjer ikkje muslimske skular, og eg ynskjar ikkje at vi får enda fleire kristne skular.

Vil ikkje forby

Under debatten understreka Mossige at dei ikkje skal gjere slik SV gjorde i 2009, då partiet på sitt landsmøte vedtok at pedagogiske og religiøse skular skulle avviklast heilt. Dette viste seg å stride mot menneskerettane.

– Vi vil ikkje nekte folk å opprette privatskular, men kvifor i all verda skal vi måtte betale for dette med statlege midlar, som vi på toppen av alt tapper fellesskulen for, spurde Mossige i sitt innlegg.

I tillegg til å begrense religiøse skular, vil dei ta ut punktet i lova som seier at ein kan opprette skular på «særskilt profil». Dette kom inn i lova etter at Stortinget gjekk inn for det i 2015. Slike skular har til dømes sport eller kultur som profil.

Fjerner ikkje fråværsregelen

Mange av sakene som vart diskutert på Arbeiderpartiet sitt fylkesårsmøte laurdag, handla om å gjere om på regjeringa sin politikk.

I skulepolitikken gjeld dette mellom anna den mykje omtala fråværsregelen som seier at elevar ikkje får karakter i eit fag dersom dei har over ti prosent fråvær. Forslagsstillar AUF fekk ikkje gjennomslag for å fjerne regelen, men partiet vil «ha en mer fleksibel og mindre byråkratisk fraværsordning».

Andre saker frå fylkesårsmøtet:

  • Meiner eigen klimapolitikk stagnerer: – Lofoten overskuggar alt.
  • Partileiar og statsministerkandidat Jonas Gahr Støre, uttala til Aftenbladet at Arbeiderpartiet vil gjere om på oppimot to tredjedelar av skattekutta som den noverande regjeringa har stått for.
Publisert:
  1. Dag Mossige
  2. Stavanger Ap
  3. Politikk
  4. Rogaland
  5. Arbeiderpartiet (Ap)

Mest lest akkurat nå

  1. – Hvis man kan holde seg innendørs frem til søndag formiddag er det best

  2. Ståle Kyllingstad tar nytt grep, nå i fabrikken på Jæren som blant annet laget utemøbler for New York

  3. – Pizzaene er kanskje sånn midt på treet, men det er godt nok rett som det er, også til take away på travle hver­dager

  4. Fukt- og råteskader på boliger bygget i 2012. Nå går huseierne til sak mot Jadarhus

  5. Tørrkoking førte til utrykning på Våland

  6. Slik «ranet» Kina et av verdens fattigste land