- Glassjenta-saka er eit tidsskilje

Barneverns- Norge er fredag samla til storhøyring om «Glassjenta»- saka. Per Olaf Lundteigen (Sp) gir politikarane, inkludert seg sjølv, skulda for systemsviktet.

Publisert: Publisert:

Per Olaf Lundteigen. Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Forskarar, barneverntilsette, organisasjonar og politikarar samla seg fredag for å diskutere «Glassjenta»- saka. Korleis kan vi lære av den, og korleis kan saka bidra til endringar, spurde dei seg.

250 fagfolk frå heile landet har reist til Oslo for å finne svaret på dette. Det er Fellesorganisasjonen (FO) og Dialog og kompetanse som står bak høyringa.

Stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen (Sp) gir seg sjølv og resten av politikar- Norge skulda for systemkritikken som har kome etter Aftenbladet si reportasje om barnevernsbarnet «Ida».

– Det er vi politikarane som har feila. Dette er eit politisk område som er lavstatus. Det er berre store ord og ingen handling, seier han til Aftenbladet.

– Kva kan gjerast?

– Eg veit ikkje svaret, det må eg vere ærleg å seie. Det må systemendring til, men først må vi forstå korleis ting heng saman. Difor er eg her i dag.

Aftenblad-journalist Thomas Ergo helsar på Ida Hydle, forskar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (NOVA). Fylkeslege i Hordaland Helga Arianson til Høyre. Foto: Fredrik Refvem

– Det er mange glassjenter

Ida Hydle, forskar ved NOVA, seier «Ida» sin situasjon skildrar korleis mange barnevernsbarn har det.

– Mange av desse borna er mishandla av både foreldre og systemet. Dei aller fleste ungdommar som begår valdsforbrytelsar, er glassjenter - dei byrja å gjere alvorlege valdshandlingar etter å ha kome inn i barnevernet.

Hydle har mellom anna forska på korleis fagfolk forheld seg til teieplikta.

– Dei snakkar ikkje med kvarandre fordi dei manglar kunnskap om teieplikt. Problemet vi som forskar på dette ser, er det same som Aftenbladet har avdekka: Den manglande styringa, den manglande oversikta og den manglande retten til å protestere.

Slik skal Glassjenta-saken gjøre barnevernet bedre

Helga Arianson og barnevernsjenta Gloria Grabovac på talarstolen under Glassjenta-høringen. Foto: Fredrik Refvem

– Vi lytta ikkje

– Barnevernet må byrje å snakke med borna. Norge må få eit barnevern som lyttar til dei dei skal hjelpe, sa barnevernsjenta Gloria Grabovac (17) frå talarstolen.

Under høyringa la Helga Arianson, fylkeslegen i Hordaland, fram tilsynsrapporten «Dei forsto meg ikkje» som kom på bakgrunn av Glassjenta- saka. Fylkesmennene i Hordaland, Rogaland og Troms står bak rapporten.

– For oss er «Ida»- saka eit tidsskilje, uttala Arianson frå talarstolen.

Rapporten peikar på lovbrot, kjem med sterk kritikk og inneheld i alt 33 råd om korleis det norske barnevernet bør bli betre.

Fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson. Foto: Fredrik Refvem

– Det kan ikkje vere rett at noko barn i Norge skal oppleve så mykje tvang som Ida gjorde, seier ho.

Aftenbladet har tidlegare skrive om dei i alt 87 tvangsprotokollane som dokumenterer tvangsinngrepa Ida var gjenstand for i løpet av eit og eit halvt år på ulike institusjonar.

– «Ida» seier ingen spurte kva som plaga henne. Ida hadde berre eitt ynskje, nemleg å flytte tilbake til Karmøy. Ho sa ifrå, men ingen lytta. «Ida» vart offer for velmeinande vaksne si manglande forståing. Omsorgssvikten var kjent, men vart ikkje gjort noko med.

Frå institusjon til fengsel

− «Ida» gjekk rett frå barnevernet og inn i fengsel. Då må vi erkjenne at det er noko vi ikkje gjorde riktig, seier Erik Sandøy, direktør i Aleris.

Aleris var den siste institusjonen «Ida» budde i. Det var også der ho budde lengst.

– Vi må ha informasjon om ungdommane som kjem til oss. Har vi ikkje informasjon om bakgrunnen deira når dei kjem til oss, gjer vi fort feil. Vi har mange «Ida»-er, og eg veit dette gjeld andre institusjonar også.

«Ida» sit i dag i fengsel etter å ha blitt dømt for trugslar og for vald mot politibetjent og barnevernstilsett.

Her er Ida på vei til soning i fengselForsker: Ida levde som en fange
Publisert:

Glassjenta

  1. Nasjonal rapport etter Glassjenta: Snakker med barna, men hører ikke på dem

  2. – Hvorfor har disse barna ikke fått en offisiell unnskyldning fra myndighetene, slik andre grupper har fått?

  3. Solveig Horne vil rydde opp i barnevernstjenester

  4. Derfor gir hun Horne terningkast 3

  5. «Glassjenta» så at Solveig Horne var i byen. Og inviterte på en kopp kaffe.

  6. Dette er Solveig Hornes største hodepine

  1. Glassjenta
  2. Norge
  3. Barnevern