Opptakt til massemord

FILM: Massakren i Srebrenica, sett frå innsida.

Aida jobbar som tolk for FN-styrkane. Ho må fortelja fortvilte bosnjakar at dei ikkje får koma inn i den trygge FN-leiren, på vegner av kommandanten.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Quo vadis, Aida?

Kinopremiere: 03.09.2021. Med: Jasna Djuricic, Raymond Thiry, Emir Hadzihafizbegovic, Jovan Zivanovic. Sjanger: Drama. Regi: Jasmila Žbanić. Nasjonalitet: Bosnia-Hercegovina. 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 41 minutt.

Få dagar etter at fristen for å evakuera livredde afghanarar ut frå Kabul etter at Taliban igjen tok makta, kjem eit interessant apropos frå Europas nære historie på kino.

«Quo vadis, Aida?» (latin for «kor går du, Aida?») handlar om nokre dramatiske julidagar i 1995. Serbiske styrkar står utanfor den bosniske byen Srebrenica, erklært som ein «sikker sone» av FNs sikkerheitsråd i 1993 og beskytta av FN-soldatar. Men nå bankar altså serbarane på døra, under kommando av general Ratko Mladic.

Inne i den lokale FN-leiren, der dei nederlandske FN-styrkane rår, stimlar stadig fleire bosniske muslimar seg saman. Langt fleire står utanfor portane og vil inn.

Inne på området jobbar Aida (Jasna Djuricic) som tolk. Ho er vitne til FN-offiseranes forsøk på å setja Mladic på plass, til frustrasjonen deira i møte med FN-systemets handlingslamming, deira eiga aukande avmakt. Men meir presserande for Aida er det å handtera sin eigen – og sitt eige folks – frustrasjon. Ikkje minst når det er hennar eigen ektemann og to søner som står utanfor dei stengde portane og vil inn, livredde for kva som vil skje med dei om serbarane rykkjer inn i byen.

Det er altså ei svært sterk historie som blir fortalt i denne filmen, som blei nominert til Oscar for beste framandspråklege film og har vunne ei rekke prisar verda over. Den dramatiske historia blir fortalt i eit relativt nøkternt filmspråk, utan store fakter eller effektar. Det er ikkje blodsprut eller valdsscener som får deg til å reagera, men redsla, desperasjonen, vissa om at dette, for dei fleste, ikkje vil gå bra.

Skodespelet er av høgt nivå, og byggjer opp under denne kjensla. Bosnjakane er livredde og desperate, FN-offiserane i leiren hamnar heile tida i umoglege dilemma, dei serbiske militære nådelause, målretta i sin kynisme.

Det er ingen spoiler å røpa korleis det gjekk i Srebrenica. 8372 bosniske menn blei drepne, i det som skulle bli det største massemordet i europeisk etterkrigshistorie.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Punken var visst ikkje død

  2. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  3. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  4. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  5. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  6. Still­ferdig japansk drama om mor­skapets dilemma

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Film
  3. Filmanmeldelse
  4. Anmeldelse