Stolt pakistanar, stolt nordmann

BOK: Kadafi Zaman vil vera eit fritt menneske i eit fleirkulturelt Norge.

Kadafi Zaman har skrive ei bok som er til å bli optimist av, meiner vår bokmeldar.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Kadafi Zaman: Den norske drømmen. 195 sider. Kagge Forlag.

TV2-journalisten Kadafi Zaman er kjend som ein tøff utanriks- og krimreporter, ein nyheitsjeger som er der det skjer, og som likar det.

Men vegen til journalistikken var kronglete. Unge Kadafi prøvde seg på alt frå bartender til kommunepolitikar for Ap i Lier. Etter ønske frå ein ambisiøs far – av høvdingslekt frå Punjab i Pakistan – begynte han å studera til ingeniør. Men det var ikkje noko for han, og til slutt enda han på journaliststudiet i Stavanger. Kadafi Zaman var komen på si rette hylle.

Frå han som fersk medarbeidar i Aftenbladet for 20 år sidan fekk sin første utanriksjobb – å rapportera frå grenseområda mellom Afghanistan og Pakistan i kjølvatnet av 11. september-terroren – har han opplevd ei rekke dramatiske hendingar på nært hald: tsunamien, Utøya, den arabiske våren, flyktningkrisa i 2015 og mange fleire. 

Kadafi Zaman skriv godt og spennande om reporterens liv. Han framstår som profesjonell, modig, snartenkt og aldri så lite frekk. Som regel landar han på beina, men då han dekte valkampen i Pakistan i 2018, gjekk det gale. Han vart arrestert og grovt mishandla av politiet, i ei sak som vart ein internasjonal skandale.

Også på heimebane har Kadafi Zaman måtta leva med truslar både frå kriminelle,  høgreekstremistar og ekstreme muslimar. Men han har sett si ære i å stå oppreist, også når steinane bokstavleg talt har hagla rundt han.

Kulturell spagat

I det siste har me fått fleire delvis sjølvbiografiske bøker – av mellom andre Shazia Majid, Hadia Tajik og Abid Raja – som gir oss eit innblikk i den kulturelle spagaten innvandrarar i Norge står i, på godt og vondt. Kadafi Zaman føyer seg inn i denne rekka. Han definerer seg både som stolt nordmann og stolt pakistanar, men framfor alt som ein fri mann: «Hvis jeg den ene fredagen vil ta en pils på puben, og den neste en bønn i moskeen, så gjør jeg det».

Likevel må også han ta omsyn. Etter ein tabloid artikkel om penisforlenging i VG får han klar beskjed frå faren om at den slags skandalejournalistikk går på familiens ære laus. Og når han skal vera med på «En kveld hos Kloppen» på TV2, får Kadafi kvitvinen sin i kopp. Far vil ikkje lika at sonen drikk alkohol synleg på fjernsyn i beste sendetid. 

Det er ein situasjon som folk frå kristenkonservative miljø i Norge også vil kunna kjenna seg igjen i.  Og i Kadafi Zamans skildring av det mangfaldige, muslimske Norge er det ein grunntanke at fellesverdiane er viktigare enn forskjellane: «Nordmenn har aldri vært helt enkle å styre i en flokk. (…) Sånn sett er konfliktene vi ser i det muslimske miljøet, ikke noe annet enn et sunt tegn på en god fornorskning.»

Sjølvtillit og sjølvkritikk

Kadafi Zaman er velsigna fri for offermentalitet. I motsetning til enkelte av dei som flaggar høgast med den antirasistiske fana, samlar han ikkje på «mikroaggresjonar» eller ser rasisme bak kvar einaste klossete, politisk ukorrekte formulering. Han følgjer i staden Winston Churchills råd om at «den som vil nå fram til målet, ikkje kan stoppa og kasta stein på alle hundar som bjeffar». 

Men han lever også etter farens ord om å «vera hard mot dei harde» - enten det er rasistiske høgreradikale eller militante islamistar som «vil leve i steinalderen», sjølv om dei har valt å bu i Norge. Skal ein koma vidare med integreringa, nyttar det ikkje å ha berøringsangst overfor reelle problem, slår han fast.

«Gjør din plikt, krev din rett» stod det på gamle arbeidarfaner. Kadafi Zaman representerer ein innvandrargenerasjon som har sjølvtillit nok til å krevja respekt for sine bidrag til det norske samfunnet, men også til å vera open og sjølvkritisk. Slik blir det nye, fleirkulturelle Norge bygt på det beste i det gamle. «Den norske drømmen» er ei bok til å bli optimist av.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Glimrande krigshistorie! (ikkje minst for nye lesarar)

  2. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  3. Gammal nazist blir som ny

  4. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  5. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  6. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  1. Bokanmeldelser
  2. Kadafi Zaman
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Pakistan