Skeiv love story blir litt for streit

BOK: Gripande skildring av ung forelsking går på tomgang innimellom.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Jonas Sundquist: Jeg tror du hadde likt Ulrik. Roman. 316 sider. Cappelen Damm.

Av og til kjem ein som bokmeldar over formuleringar i ei bok som blir ei slags oppsummering av eller apropos til heile verket, utan at det er meint sånn. I Jonas Sundquists (f. 1992) debutroman «Jeg tror du hadde likt Ulrik» skriv hovudpersonen Theodor ei master-oppgåve, skildra av forteljaren som «veldig «i tiden», sensor kalte den omstendelig.» Karakteristikken kan på mange måtar òg brukast om sjølve romanen: På innhaldssida høgprofilerte tema som homofili og mentale lidingar, frasen «utanforskap» og credoet «me må snakka om det». På uttrykksida ei gjennomarbeida og lettflytande form, i såpass stor grad at teksten innimellom kan kjennast litt glatt og motstandslaus.

I innleiinga møter me Theodor i nåtida, men så går handlinga raskt tilbake i tid, då den rundt 20 år gamle hovudpersonen nett har avslutta militærtenesta i indre Troms. Året er 2012, IPA og Tinder er nytt, Theodor startar som psykologistudent ved Universitetet i Oslo - og ikkje minst treff han den mystiske og distingverte Ulrik. Theodor innser det han eigentleg har ant lenge - at han «liker gutter» - og dei to innleier eit nærast altoppslukande forhold. Hovudpersonen held begge delar skjult lenge, og då Ulrik så reiser på eit planlagt, lengre utanlandsopphald, får Theodor for alvor kjenna på bakrusen etter den ekstatiske forelskinga.

Sundquist verkar å ha ein tydeleg tanke om kva han vil med romanen sin og korleis han vil ha det fram. Eit døme på det er rammeforteljinga frå nåtida, som er med på å setja dei dramatiske kjenslene frå den ni år gamle fortida i eit perspektiv. Dermed blir  «… Ulrik» noko meir enn ei historie om ungdomstid, kjærleik, såra kjensler og om å finna seg sjølv. Det vert eit vitnesbyrd om kva tida og livet kan gjera med oss, på eit meir allmennmenneskeleg plan. 

Sterkast er kanskje romanen når forfattaren får fram saknet, ja den beint ut fysisk følte sorga etter den som ein gong var så nær. Nokre gonger spesielt effektfullt i kontrastivt samspel med nøkterne, konstaterande vendingar: «Etter forelesningen dro jeg hjem til Røa. Ulrik var borte.» Testamentet etter ei sårbar sjel, skriven med små bokstavar. Oftare blir derimot Sundquist for flittig refererande: når Theodor står fram som homofil først for mor, sidan for bestevenninna, så for studiekameraten, deretter ei studievenninne og til sist for vidaregåande-venegjengen, kjennest det unødig gjentakande, eventuelt «omstendelig.» Skildringane av studiekvardag og ymse festar blir dessutan noko inkjeseiande i lengda. Forfattaren kunne her med fordel prioritert og redigert skarpare og generelt søkt meir risiko i dei kunstnariske vala. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  2. Gammal nazist blir som ny

  3. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  4. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  5. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  6. Rørerende og opprørende om møte med NAV

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Homofili