Sterkt om abort

FILM: Dessverre så altfor aktuelt om ung, gravid kvinne som vil ta abort.

Tre venninner i Frankrike i 1963. Den eine er gravid, men det kan ho ikkje fortelja til nokon.
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Hendelsen

Kinopremiere: 09.09.2022. Originaltittel: L'événement. Med: Anamaria Vartolomei, Luana Bajrami, Louise Orry-Diquero, Kacey Mottet Klein, Louise Chevillotte, Pio Marmaï, Sandrine Bonnaire. Sjanger: Drama. Regi: Audrey Diwan. Nasjonalitet: Frankrike, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 35 minutt.

Eg sat midt mellom to godt vaksne kvinner då eg såg «Hendelsen» på Filmfestivalen i Haugesund. Då me kom til scenen der hovudkarakteren Anne (Anamaria Vartolomei) finn fram strikkepinnen for å prøva å provosera fram ein abort på seg sjølv, var det sjølvsagt skakande også for meg. Men for damene som sat rundt meg, var det openbart noko heilt anna. For dei var dette noko fysisk. Dei blei sitjande å spenna seg i stolen, kryssa beina, stønna i medkjensle og smerte.

For det er altså ei særs sterk historie som blir fortalt i filmen som fekk Gulløva for beste film på den prestisjetunge Filmfestivalen i Venezia i 2021. Filmen er basert på ei bok av ein av Frankrikes fremste forfattarar, Annie Ernaux, som igjen er basert på hennar eigen uønskte graviditet i 1963.

Problemet var berre at abort var ulovleg i Frankrike i 1963 – slik det nå også er i ferd med å bli i omtrent halvparten av USAs statar. Såpass ulovleg at om Anne lukkast i å ta abort, og nokon finn ut av det, må ho i fengsel. Legg til skamma, ønsket om heller å fullføra ei utdanning og ikkje enda opp som aleinemor, manglande openheit rundt temaet – og du forstår at ei ung kvinne står overfor eit kolossalt dilemma.

Korleis blir du kvitt eit foster du ikkje vil bera fram i eit land der abort er ulovleg? «Hendelsen» handlar om Frankrike i 1963 – men er også deprimerande aktuelt i 2022.

Anamaria Vartolomei er drivande god som den unge kvinna, i alt frå sine talande auge til intenst fysisk spel. I desse widescreen-tider er det litt uvant å sjå ein film i gammaldags, litt boksete format (Academy Ratio), men det aukar eigentleg den autentiske kjensla og gjer at me kjem nærare karakterane på lerretet.

Regissør Audrey Diwan går tett og direkte på smerta og ubehaget rundt å prøva å bli kvitt fosteret. Det er ikkje spekulativt gjort, men kjennest nødvendig for å visa fram kor vondt og vanskeleg dette er for ei ung kvinne som vil bestemma over sin eigen kropp sjølv.

Sånn sett vil alle kunna kjenna ein heil del av scenene i magen. Også me som ikkje har livmor.

Publisert: