Mørkt, men vakkert

FILM: Sølvbjørnvinnaren frå Berlin er stillferdig, mørk og vakker.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

NATURAL LIGHT

Kinopremiere: 26.11.2021. Originaltittel: Természetes fény. Med: Ferenc Szabó, László Bajkó, Tamás Garbacz. Sjanger: Drama / Krigsfilm. Regi: Dénes Nagy. Nasjonalitet: Frankrike / Tyskland / Ungarn, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 43 minutt.

«Natural Light» er ikkje ein krigsfilm av det tradisjonelle slaget, med store slag, eksplosjonar og blodsprut. Det er eit stillferdig, menneskeleg drama som gjennom små fakter viser korleis krigen verkar på folk, enten du er soldat eller sivil.

Me er på den sovjetiske landsbygda ein gong under 2. verdskrigen. Ungarn er alliert med Tyskland, og ungarske soldatar er inne i dei okkuperte delane av Sovjetunionen på jakt etter partisanar.

Det er snølaus vinter. Skogen står tung og mørk. Bakken er gjennomvåt. Soldatar, hestar og utstyr søkk ned i gjørme og myr. Himmelen er tung og blygrå. Og når kompaniet kjem til ein liten landsby, er her like mørkt, tungt og trist. Både folk og bygningar er prega av slit, motgang – og motstand.

Kvifor skildrar eg alt dette fysiske? Jau, fordi det framfor alt er dette filmen byr på: Nydelege, mørke bilete av menneske, natur, tyngde og slit. Og jamfør tittelen: Her er ikkje kunstig lys, berre seinhaustens tussmørke, berre det vesle som finst av naturleg lys.

Midt i dette er korporalen István Semetka. I sjølve filmen får me nesten ikkje vita noko om han. Og når det skjer, er to tredelar av filmen gått. (Vil du vita meir om han, går det an å googla seg fram til kven han før du går på kino.)

István seier nesten ingenting – det gjer heller ikkje dei andre soldatane eller sivilistane. Dette er ein film som fortel gjennom biletspråket, ikkje orda. Dermed er det Istváns nesten uttrykkslause ansikt som fortel mest. Og det gjer han meisterleg.

«Natural Light» var nominert til hovudprisen Gullbjørnen på den prestisjetunge Berlinalen i år. Filmen fekk Sølvbjørnen, for beste regi. Dette er ein film som nok appellerer til feinschmeckerane. For min del blir det litt for sakte og introvert til å treffa heilt. Men vakkert er det å sjå på. I alt sitt naturlege mørke.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Svak stjerneglans

  2. Fargerik jule­magi for hele familien

  3. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  4. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  5. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  6. Disney leverer magi til jul

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film