Romdraumar i blokka

FILM: Nostalgisk, fransk fantasi om riving av gigantbygg og draumen om å dra ut i verdsrommet.

Youri vil ikkje flytta frå gigantblokka som skal rivast. Og så drøymer han om å bli kosmonaut.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Gagarine

Kinopremiere: 24.09.2021. Med: Alseni Bathily, Lyna Khoudri, Jamil McCraven, Finnegan Oldfield. Sjanger: Drama. Regi: Fanny Liatard, Jérémy Trouilh. Nasjonalitet: Frankrike, 2020. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 t, 38 min.

Det er alltid fascinerande å sjå: Levande bilete av enorme bygningar som blir jamna med jorda i ei sky av betong og støv. Men har du nokon gong tenkt på dei som budde i blokka som dundrar i bakken? Kven var dei? Kor kom dei frå? Kor blei dei av?

Franske «Gagarine» startar med dei autentiske - og smått surrealistiske - bileta av at det første mennesket i verdsrommet, russiske Yuri Gagarin, opnar det gigantiske bustadkomplekset i Paris i 1963. Cité Gagarin blei bygd for å handtera bustadkrisa i Paris tidleg på 1960-talet. Det skulle etter kvart bli bustad for mange innvandrarfamiliar. Men her skulle også bli store sosiale problem - fram til komplekset blei rive i 2019.

Filmen «Gagarine» handlar framfor alt om Youri (Bathily), ein ung, svart mann som stadig ringer til mamma utan å få svar, og som både vil bevara bustadkomplekset - og dra ut i verdsrommet, som sin namnebror.

Filmen startar midt i kampen. Det er eit ganske kvardagsleg og udramatisk blikk inn i ein del av Frankrike som du ikkje finn på noko postkort. Dette er ei skildring av livet i dei mest brutalistiske forstadane, blant jernbanesvillene og søppelplassen. Ein stad der somme vil riva skiten, andre bevara. Ei stund blir det for saktegåande og trivielt til å engasjera veldig sterkt.

Så blir det meir og meir fantasifullt og drøymande. For Youri nektar å flytta når blokka blir tømt. I staden bygger han seg ein slags romstasjon og blir meir og meir av ein kosmonaut, ei svevande sjel i eit stort, tomt rom.

Det er for så vidt sympatisk gjort, men ikkje heilt lett å engasjera seg i nostalgien for desse blokkene eller realismen i det jordbundne romprosjektet.

Til slutt skal mange samla seg for å sjå det gigantiske bustadkomplekset bli sprengt. Men det går ikkje heilt som planlagt, nei.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Burde vært bedre

  2. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  3. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  4. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  5. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

  6. Ah, så godt å endeleg få sjå ein skikkeleg storfilm!

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. Filmanmeldelse