Dum, amerikansk skrekkomedie

FILM: Verken morosam eller skremmande skrekkomedie frå dagens USA.

«Werewolves Within» prøver både å skremma deg og få deg til å le. Det går ikkje så bra.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

Werewolves Within

Kinopremiere: 02.07.2021. Med: Sam Richardson, Milana Vayntrub, George Basil, Sarah Burns, Michael Chernus, Catherine Curtin, Wayne Duvall, Harvey Guillén, Rebecca Henderson, Cheyenne Jackson, Michaela Watkins, Glenn Fleshler. Sjanger: Komedie / Skrekkfilm. Regi: Josh Ruben. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 36 minutt.

«Skrekkomedie» er ein komplisert sjanger. Vil du bli skremt, ser du ein skrekkfilm. Vil du le, ser du ein komedie. Det er ikkje lett å skremma folk skikkeleg – og i alle fall ikkje å få dei (i alle fall ikkje meg) til å le. Skrekkomedien skal prøva å gjera begge delar. Komplisert.

Verken eg eller ho eg hadde med meg, som nok er nærmare målgruppa for «Werewolves Within», lo eller blei skremt i løpet av den dryge halvannan timen dette rolset varer. Det tyder på at filmen ikkje fungerer så godt. Dottera mi meinte at det tidvis var underhaldande. Det er jo noko. Ein del amerikanske kritikarar har likt filmen, det same gjeld ein del av dei som har gitt karakter på imdb.com.

«Werewolves Within» er laust basert på eit dataspel med same namn. Filmen handlar om skogvaktaren Finn (Richardson) som kjem til sin nye arbeidsplass, ei bygd i skogen i Vermont full av merkelege karakterar. Det er konfliktar i bygda om ein oljeleidning. Mystiske ting begynner å skje.

Men i og med at det heile er pakka inn i forsøksvis humor, det aldri blir særleg til gore og det eventuelle monsteret til slutt ser ut til å vera skapt av nokon som har tatt eit kveldskurs i teatersminke, blir det aldri særleg skremmande. Ja, og sidan skodespelarane konsekvent er instruert til å overspela sine teikneserieaktige karakterar, har me jo null sympati med nokon av dei. Så då kjenner du det jo ikkje ein plass om dei får ei kule i skallen.

Mykje av humorforsøket ligg i snappy dialogar som dultar borti den kompliserte, amerikanske samtida. Altså identitetspolitiske konfliktlinjer som kjønn, rase, seksuell orientering, liberale og latterlege hipsterar vs. konservative bygdefolk/-tullingar. Men det blir gjort så snilt og ufarleg at det aldri kryssar den grensa som gjer at ting blir verkeleg morosamt. Det blir bare dumt.

Nei, vil du sjå ei vellukka skrekkomedie, sjekk heller ut Henrik Martin Dahlsbakkens «Prosjekt Z». Den er moro!

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Synes du alle barnefilmer er like? Da kan du bli med Jim i luftballongen hans!

  2. Dette er gode greier om ekte mannfolk av begge kjønn

  3. «Jeg kan knapt huske å ha sett en så dårlig film med så store navn»

  4. Mange norske kinoar har takka nei til denne filmen

  5. Verken moro­sam eller skremm­ande skrekkomedie frå dagens USA

  6. Ubehagelig og tanke­vekkende om en ung og ensom trenings­blogger

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film