Kunne ha vore dødsviktig

BOK: Maksimalistisk om døden med alvoret på ei armlengd.

Maren Uthaugs «En lykkeleg slutt» blei ein braksuksess i Danmark. Nå er romanen ute på norsk. Foto: Samlaget

  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Bryne
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Maren Uthaug: Ein lykkeleg slutt. 376 sider. Omsett av Ingrid Holvik. Samlaget.

Det finst folk som lever av døden. I dansk-norske Maren Uthaugs andre roman på norsk, blir vi med på eit vilt djupdykk i soga til gravferdsbyrået Christian Christiansen, som starta på ei stillehavsøy med nøyaktig 989 innbyggjarar og endar hjå ein fordrukken veterinær utanfor København i vår tid. Det femner vidt og går vilt for seg når Maren Uthaug går i gang.

Når ein roman går tett på tema som barnedrap, nekrofili, og dessutan pest i ymse former, med dissekerande nærsyn både på årsaker og utslag, er det klart vi har å gjera med ein ganske røff romansubstans. Lite som kan relaterast til døden er Uthaug framand i denne slektsromanen som på mange vis er godt tima i ei tid med pandemiens frykt for smitte og død. Her er likstank frå brutale epidemiar der ingen får valet mellom pest og kolera.

Gjennom skiftande perspektiv, tek ho oss med opp gjennom ulike epokars måte å takla den siste fiende på, alt ramma inn av historia om gravferdsbyråets moderne representant, Nicholas og mange tilbakeblikk på hans forgjengarar.

Med ironisk snert vert dei mange generasjonars Christianar nummererte som kongar, og i slektstavla som dukkar opp mellom kapitla vert deira bisarre særdrag samanfatta. For å seia det slik: romanen korrigerer på ingen måte eventuelle tankar vi måtte ha om at menneske som har døden til yrke, vert litt aparte.

Dette er både ein styrke og eit svakt punkt ved romanen. Ei slektstavle som berre avlar fram fullblods eksentrikarar mister litt momentum undervegs, og vi endar kanskje opp med døden på ei armlengd også etter 3–400 sider på Uthaugs uregjerlege dødskarusell?

Eg kan skjønna at denne boka vart ein braksuksess i Danmark, der Maren Uthaug vann «Læsernes bogpris» for utgjevinga. Med kompromisslaus vilje til å konfrontera tabu og energisk stil vil ho garantert vinna eit stort publikum også i Noreg. Samlaget seier at dette er deira viktigaste utgjeving denne våren.

For denne meldaren vert lesaropplevinga for ujamn og handlinga for teatralsk til verkeleg å gjera inntrykk. På sitt sterkaste dreg romanen opp kulturhistoriske linjer i eit tohundreårig terreng der døden og sorga har gjennomgått privatisering og institusjonalisering. Skildringar frå pestbølger i 1800-talets København er fortalt med kunnskap og innsikt og med ironikarens usentimentale blikk som heile tida gir ei form for «comic relief» undervegs.

På sitt svakaste pjattar Uthaug formålslaust om ånder og skrømt (og deira sexliv!), legg til unødvendig og overspelt dramatikk og leflar med altfor stereotype idear, til dømes den om den svake, ja, faktisk tilbakeståande mannen, slik som far til Nicholas, og handlekraftige kvinner; eit tablå som kjennest oppbrukt og føreseieleg trass all si fargerike utforming. Dette står som kontrast til ei alt anna enn føreseieleg handling som vert driven fram av ein forfattar med teft for dødeleg dramatikk og dreg med seg lesaren til ein fatal finale. Eller, vi får vel kanskje kalla det ein lykkeleg slutt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. «Homeland» på speed

  2. Denne debutanten håper jeg å se mer til!

  3. Fra biografiske ekko til dikterisk lek

  4. Suksessforfattaren prøver noko heilt nytt i sin nyaste roman

  5. Glimrande bok om tyske soldatar i Norge under krigen

  6. Vår anmelder liker fortellingene om disse misfornøyde, forsmådde og forbanna personene

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Litteratur
  4. Anmeldelse
  5. Roman