Ap-sjølvros til innvortes bruk

BOK: Ap-medlemmer har skrive om det gode med partiet. Velmeint og velskrive, men fortidsretta og i forsvarsposisjon.

Hadia Tajik har redigert boka «Derfor er jeg sosialdemokrat». Foto: Ole Berg-Rusten

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 3 out of 6

Hadia Tajik m.fl. (red.): Derfor er jeg sosialdemokrat. 23 stemmer om frihet, likhet og solidaritet. 167 sider. Res Publica.

Under arbeidet med Arbeidarpartiet sitt partiprogram for 2021 inviterte Hadia Tajik og resten av «ressursgruppa for verdidebatt» medlemmer til å skriva tekstar om partiet sine verdiar og vegval.  23 av bidraga er samla i ei bok med tittelen «Derfor er jeg sosialdemokrat». Tittelen er inspirert av eit kjent innlegg av Olof Palme i den svenske partileiardebatten i 1982. Lista er altså lagt høgt.

Blant dei 23 innlegga er det då også mykje velskrive og endå meir velmeint og idealistisk, sjølv om lesarar frå andre parti nok vil irritera seg over tendensen til å gi Arbeidarpartiet æra for alt som er godt her i landet. Honnørorda sit ofte laust.

Dei fleste skribentane er opptekne av det som er oppnådd: velferdsstaten, den norske modellen med trepartssamarbeidet, eit regulert arbeidsliv, Statens lånekasse, likestilling, ekteskap for homofile osb. Og det er eit gjennomgangstema at mange av desse framstega er under press frå høgresida. Den raude tråden er forsvarskamp, meir enn nye, offensive reformer. 

Snakk så folk forstår

Nå er dette kanskje som ein kunne venta i ei krisetid for den gamle ørna blant partia, som på enkelte av målingane i det siste er passerte av både Høgre og Senterpartiet. Men nettopp i slike tider trengst det både sjølvransaking og offensiv nytenking. Det finst det dessverre ikkje så mykje av i tekstane.

Elin Saga oppmodar rett nok om å snakka så folk forstår: «Intet er så lite motiverende som å skulle stemme på et parti som får deg til å føle deg dum.» Rina Mariann Hansen kritiserer partikulturen, og bed om at slagordet «Alle skal med» blir teke på alvor. Martin Kolberg og Jan Christian Vestre åtvarar partiet mot å «gå i administrasjonsfella». Dette er ein gammal kritikk, og eigentleg litt lettvint. Alle parti opplever at det er vanskeleg å halda den ideologiske fana høgt i møtet med dei kompromiss og begrensingar som følgjer med maktposisjonen.

Rettar fleire ryggen?

Den som tydelegast prøver å reisa ein realistisk debatt om slike dilemma, er Jan Fridthjof Bernt. Han legg til grunn at balansen mellom arbeid og kapital er endra til kapitalens fordel. Viktige årsaker er EØS-avtalen, fri flyt av kapital og framveksten av enorme internasjonale selskap som knapt betaler skatt. Dersom sosialdemokratiet sin fremste jobb er å retta opp igjen balansen til arbeidsfolks fordel, blir spørsmålet kor langt me er villige til å testa grensene for handlefridommen vår, og kor mykje me er villige til å akseptera av negative konsekvensar av slike tiltak dersom dei kan gå ut over handelsbalanse, statsbudsjett og arbeidsplassar.

Bernt er klar på at dette blir eit spørsmål om å avvega ulike omsyn. Men eit tydeleg verdisyn, omsynet til lønnstakarane, må liggja i botnen.

Dersom fleire hadde følgt Jan Fridthjof Bernt sitt eksempel og floskelfritt, med varmt hjarte og kjølig hjerne, hadde gått laus på slike konkrete framtidsutfordringar, kunne boka blitt interessant. 

Partileiar Jonas Gahr Støre skriv i eit etterord at han «håper denne boka gjør at flere retter ryggen i en krevende tid for partiet». Det kan henda. Men moralsk opprusting til innvortes bruk er neppe nok til å få Arbeidarpartiet opp av bølgedalen igjen.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Arbeiderpartiet (Ap)
  4. Hadia Tajik

Mest lest akkurat nå

  1. Setter inn 50 vektere for å trygge landing med nye rednings­helikoptre

  2. Wirak: – Urimelig at Sandnes, Sola og Randaberg skal bli fratatt vaksiner nå, vi har høyere smittetrykk enn Stavanger

  3. Krever ny runde for naustet til Jan Bokn: – Uviss­heten er vond

  4. Mann i 60-årene skjelte ut politiet og rekte tunge etter fartsbot – dermed ble det dyrere

  5. Henrik Ingebrigtsen er i superform og skimter OL-suksess med Jakob

  6. «Det kan se ut som at ledelsen ved deler av UiS er særlig opptatt av hvordan ting tar seg ut»