Skyfri himmel over Jærnåttå

Det kunne knapt bli betre stemning enn på Bryne Torg fredag og laurdag kveld. Fleire besøkte Jærnåttå i år enn i fjor.

Bjørn Eidsvåg drog i gang Jærnåttå fredag. Det var skyfri himmel over Bryne Torg.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Me er veldig godt nøgde. Det har gått strålande. Det blei folkefest på torget, akkurat slik me ønskjer det skal vera, seier informasjonsansvarleg Borger Magnussen i Jærnåttå søndag, etter fullt torg på Bryne fredag og laurdag kveld, med artistar som Bjørn Eidsvåg, Sivert Høyem, Jarle Bernhoft og Gabrielle på scenane.

Magnussen seier billettsalet til årets Jærnått har vore veldig bra til begge dagane, og godt over fjoråret.

– Kor mange billettar har de selt?

– Det går me ikkje ut med.

– Kvifor ikkje?

– Rett og slett fordi me har opplevd at det blir veldig stort fokus på det. Me har lagt oss på den linja. Men det var fullt torg begge kveldane, seier Magnussen. Det er plass til mellom 3 og 4000 publikummarar på Bryne Torg under Jærnåttå.

Lite bråk

Magnussen er også nøgd med avviklinga av arrangementet.

– Me har fått gode tilbakemeldingar frå politiet om lite bråk og ordna former, seier Magnussen. Enkelte måtte rett nok visast bort frå Bryne sentrum i løpet av nettene i helga, men det meiner Magnussen ikkje er unaturlig på eit så stort arrangement.

– Går folk på Jærnåttå mest for å høyra musikk eller for å møta kjende og drøsa?

– Det er ein kombinasjon. Du går for å høyra musikk, men også for å ta eit glas og møta kjende, svarer Magnussen.

Jærnåttå har som ambisjon å femna breitt, og målet er at jærbuar i alle aldrar skal koma saman og kosa seg med god musikk. Det betyr ganske brei booking, der artistar som Unge Ferrari og Tomine Harket kanskje appellerer mest til eit yngre publikum, mens ein artist som Bjørn Eidsvåg kanskje har eit vaksnare publikum.

- Det var interessant å sjå korleis folk flytta seg rundt etter kva artistar som stod på scenen, seier Magnussen.

Fint ver og godt oppmøte under årets Jærnått legg eit godt fundament for 2018.

– Me er opptekne av å driva sunt økonomisk. Me har ord på oss for å ha sunn økonomi blant agentar og leverandørar - og eit godt rykte blant artistane. Og når folk i tillegg møter opp som i år, gir det oss muligheiter til å utvikla festialen vidare neste år, seier Magnussen.

Mykje folk og god stemning i finveret på Bryne fredag.

Fønki Eidsvåg

Aftenbladet var på Jærnåttå fredag kveld. Klokka 19.15 gjekk Bjørn Eidsvåg med band på scenen og drog i gang ein ganske så fønki versjon av «Vertigo». Ute på torget veit folk framleis godt forskjell på opp og ned, her kryr av blide folk som drøser så dei nesten overdøyver heile rockepresten og det aldeles fantastiske bandet hans. Den rogalanske kaklesjuka på konsert gjeld også på Bryne.

– Det blir nokre ballader. Me pleier ikkje å spela på så mange festivalar, orsakar Eidsvåg seg. Han er bare ein mann. Som gjer så godt han kan. Og det er godt nok i massevis. For på Bryne Torg syng tusenvis av menn og kvinner at dei også bare er ein mann. Som gjer så godt han kan.

I tillegg har heile Bryne Torg, unge som gamle, ein gammal drøm, ein drøm som aldri dør. Og dei skal visa heile verda at det kan bli bål av gamle glør. Og bålet skal varma og brenna.

– Koffår? Koffår? Koffår, undrar så jærbuen og Eidsvåg seg, i fellesskap, og syns det er forunderleg. Forunderleg.

Det vakre denne sommarkvelden, er at alle kan desse songane, om dei har grått hår eller forseggjort ung frisyre av gelé. Alle kan «Eg ser», som tydelegvis passar like godt til gravferd som fest - og som Eidsvåg dedikerer til Manchester. Og alle kan syngja om to små planetar frå kvart sitt univers - som får jærbuen til å dansa, både klinas og swing. Og når Eidsvåg avsluttar med «Mysteriet deg», så er Bryne Torg ho svenske.

Siv Ravndal (i midten) og Kyrsti Ann Kåstad kan alle Eidsvåg-songane. Men dei gleda seg også til Stavangerkameratene.

Jordnær konge

– Bjørn Eidsvåg er heilt konge. Han er så jordnær, seier Kyrsti Ann Kåstad. Ho og venninna Siv Ravndal har stått heilt fremst gjennom heile Eidsvåg sitt sett. Dei har sunge, dei har dansa, dei har teke sjølvi med Eidsvåg i bakgrunnen.

– Me har vakse opp med han. Han er er ein av favorittane, seier Ravndal. Men kvelden er ikkje over om Eidsvåg er ferdig. Dei gler seg til Stavangerkameratene også. Og til Sivert Høyem, som skal avslutta kvelden på torget.

– Eidsvåg gav dykk alt de vil ha?

– Ja.

– Då blei de glade?

– Ja.

Sløtface fekk jærbuen til å dansa.

Energisk på scene 2

I fjor testa Jærnåttå for første gong ut å ha to scener på torget. Det betyr kjappe overgangar mellom artistane - ein god idé.

– Det er nesten litt skummelt å følgja opp Bjørn Eidsvåg på ein sånn solskinnskveld, seier vokalist Haley Shea når Sløtface går på, og drar tempoet ganske mange hakk opp med sin skranglete poppønk. Shea blei kåra til ei av verdas 50 største rockestjerner i februar, av verdas mestseljande rockemagasin, Kerrang.

Det er ikkje like mange jærbuar som kan tekstane til Sløtface som til Eidsvågs klassikarar, men nok til at det er lyd i torget. Og når Shea slår fast at det er på tide å dansa, så dansar jærbuen. Og syng at dei ikkje skal barbera hovudet. For nå er det fest på Bryne Torg.

Det går 3–4000 inn på Bryne Torg på Jærnåttå. Her er Glenn Lyse i Stavangerkameratene på besøk.

Bare så du vett det

Og mindre fest blir det ikkje når Stavangerkameratene går på scenen, i solbriller, sjølv om sola nå er i ferd med å forsvinna bak arbeidskyrkja.

«Vekk meg opp når alt er over», syng Stavanger og Bryne, i kameratsleg forbrødring. Og hvis du seie ka du hette, så finn’eg deg på nette’.

Aftenbladet måtte forlata eit feststemt torg før Eva Weel Skram og Sivert Høyem gjekk på scenen.

Bare så du vett det.

God stemning med Stavangerkameratene.

Les også

  1. 1000 koste seg med Vamp i Møllebukta

Publisert:
  1. Bjørn Eidsvåg
  2. Bryne

Mest lest akkurat nå

  1. For 30 år siden skremte denne gjengen vannet av foreldre og rektorer i Sandnes

  2. Bygget Norges billigste sykkel- og gangsti, helt uten byråkrati

  3. June Kommune klarer seg fint, hun. Men du skal ikke kimse av mannen inni blusen

  4. Avhørte vitner kan ha husket feil

  5. Stor test av 15 brød: To får toppkarakter

  6. Slik så det ut ved Vålandstårnet onsdag kveld