Sterkt og nyansert om 22. juli

TV-SERIE: Sterk skildring av 22. juli, sett frå velsigna mange og relevante vinklar.

Alexandra Gjerpen frå Sandnes spelar Aftenposten-journalisten Anine, som er på jobb 22. juli.
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

22. JULI

NRK 1 og NRK TV, seks episodar. Premiere søndag 5. januar. Serieskaparar: Sara Johnsen og Pål Sletaune. Med: Alexandra Gjerpen, Øyvind Brandtzæg, Ane Skumsvoll, Helga Guren, Fredrik Høyer, Gard Skagestad, Hamza Kader.

I tida som har gått etter 22. juli 2011 har Norge stadig måtta ta stilling til korleis ein skulle handtera og bearbeida det nasjonale traumet som terroråtaket representerte. Ikkje berre juridisk, psykologisk og politisk, men også gjennom litteratur og levande bilete.

Først kom bøkene, sidan kom filmane. Og nå kjem altså storsatsinga og TV-serien på NRK, skapt av nokre av våre fremste filmskaparar, Sara Johnsen og Pål Sletaune. Det er ein serie du bør sjå.

Fleire perspektiv

«22. juli» er basert på tung research og ekte hendingar, men karakterane er fiktive. Det same grepet såg me i Erik Poppes film «Utøya 22. juli». Og, som i Poppes film, er ikkje terroristen hovudpersonen, men nærmast berre ein skugge. Hovudpersonane i «22. juli» er ei rekkje menneske som er på jobb denne dagen, og som på ulike vis kjem i kontakt med konsekvensane av terroren.

Anine, overtydande spelt av Alexandra Gjerpen frå Sandnes, dekker terroren som pågåande journalist i Aftenposten. Eivind er politimann i Hønefoss. Anne Cathrine jobbar i traumeteamet som får inn ofra for terroren på Ullevål sykehus. Helga, fint spelt av Rogaland teaters Helga Guren, er barneskolelæraren som er i Oslo sentrum når bomba går av, og sidan møter sorga på nært hald. Mads er høgreorientert bloggar. Liban er reinhaldar på Ullevål sykehus.

Dette forteljargrepet inneber at historia blir fortalt frå mange ulike vinklar og perspektiv. Det er ein styrke som gjer historieforteljinga nyansert og interessant.

Les også

Nei, 22. juli-filmen kjem ikkje for tidleg

Øyvind Brandtzæg spelar politimannen Eivind i Hønefoss, som hamnar midt i 22.juli-dramatikken på Utøya.

Mange dilemma

Det finst ei rekkje dilemma med å gå inn i 22. juli-problematikken og laga drama av det. Korleis fortelja den dramatiske historia utan å bli spekulativ? Korleis visa omsyn til dei involverte, men samtidig ikkje bli redd for å gå inn i det vonde og vanskelege?

Sletaune og Johnsen har valt ein nøktern måte å fortelja på. I første episode blir me kjende med karakterane og med kvardagslivet i Norge – nok ein gong kåra til verdas beste land å bu i av FN. Her er det framfor alt kvardagen og kvardagens dramatikk som dominerer. Ein tenåringsson som skal flytta til faren. Ein bror som kjem på ubede besøk. Varsel om nedskjæringar i helsevesenet.

Men også når det smell, held ein fast på den nøkterne, nærmast dokumentariske forma, på korleis desse kvardagsmenneska handterer det ekstraordinære. Me veit jo alle kva som skjedde den dagen, så kloa i magen ligg der heilt frå første, fredelege sekund.

Inn i det problematiske

Denne meldinga er dessverre berre basert på dei to første episodane som nå ligg tilgjengelege på NRK.no. Men allereie her kjem også eit frampeik om viljen til å gå inn i dei problematiske sidene rundt det som skjedde, kva som fungerte, kva som ikkje fungerte på systemnivå. Dette kjem det meir av seinare i serien, etter det eg har lese av dei som har sett alle episodane. Det er bra.

Rogaland teaters Helga Guren spelar barneskulelæraren Helga i NRKs storsatsing «22. juli».

Johnsen og Sletaune har også valt ut andre skodespelarar enn den ganske vesle Oslo-kretsen som vanlegvis er å sjå i dei fleste norske filmar og tv-drama. Blant anna er «halve» Rogaland (teater) representert, med Gjerpen, Guren, Glenn André Kaada, Mette Arnstad, Ragnhild Arnestad Mønness og Ane Skumsvoll frå Haugesund teater. Ho gjer ei sterk rolle som anestesilegen Anne Cathrine. Også dette er eit godt grep som eg trur kan bidra til å få oss til å koma nærmare karakterane og historia, og ikkje bli påverka av kjendisfaktor eller roller folk har gjort før på film.

Så sjølv om det tidvis gjer vondt i magen: «22. juli» er ein tv-serie du bør sjå.

Publisert: