Ich bin ein Frankfurter

KOMMENTAR: Okei. Så inviterte ikkje Mette-Marit meg med på litterær togtur. Men eg kom meg til bokmessa i Frankfurt likevel.

Publisert: Publisert:

– Sjølv måtte eg koma meg til Frankfurt for eigen (fly)maskin, og naturlig nok heilt utan rojale invitasjonar, skriv Jan Zahl i denne kommentaren. Foto: Finn E. Våga

Jan Zahl
Kulturjournalist

Denne veka når tidenes største norske kultursatsing i utlandet sitt klimaks og endepunkt. Bokåret 2019 blir avslutta med at Norge er hovudgjest - med eigen, svær paviljong og masse merksemd - på verdas største bokmesse, her i Frankfurt.

Før det heile er over på søndag, reknar arrangørane med at det skal ha vore innom nærmare 300.000 besøkande på årets messe. 7000 utstillarar deltek - her skal visst vera 10.000 journalistar. Ja, og så ein haug av forfattarar og bøker. Og i år, altså, uvanleg mange norske forfattarar og bøker.

Norge har lagt over 50 millionar kroner i potten, staten stiller opp med 30 av dei. Meir enn 500 norske bøker er sette om til tysk. Håpet er at endå fleire norske bøker og forfattarar blir selde ut til den store verda. Tyskland er allereie den største utanlandske marknaden for norsk litteratur. Kan det bli endå fleire etter årets gigantsatsing?

Norge har lagt over 50 millionar kroner i potten, og kronprinsesse Mette-Marit er til stades. Vil dette føre til betre bøker? Foto: Heiko Junge

Prinsessa og halve kongeriket

Dei siste dagane har mediene vore fulle av reportasjar om kronprinsesse Mette-Marits togtur gjennom Tyskland, med norske forfattarar om bord. Sjølvaste kongehuset er altså engasjert i den litterære promoteringa av Norge. Det må vera litt av nokre litterære kronjuvelar som skal visast fram, når sjølvaste prinsessa og halve kongeriket stiller seg bak.

Les også

Lykke til i Frankfurt!

Sjølv måtte eg koma meg til Frankfurt for eigen (fly)maskin, og naturlig nok heilt utan rojale invitasjonar. På eitt nivå er eg her som ein av mange i myriaden av forfattarar og bøker som kjempar om merksemda desse hektiske dagane, i og med at kollega Finn E. Våga og eg skal lansera reportasjeboka «Forbodne stemmer» i Frankfurt - både på norsk og engelsk.

Stavanger Symfoniorkester stilte med fire musikarar på Stavanger sin stand i Frankfurt. Foto: Heiko Junge

Stavanger i Frankfurt

Me lanserer ikkje boka vår på den norske paviljongen, og er heldigvis ikkje blant dei som skal prøva å selja oss inn til utanlandske agentar desse dagane. Me er del av eit omfattande program på Stavangers eigen paviljong i Frankfurt, organisert av fribynettverket Icorn. Hit kjem fleire av Stavangers eigne fribyforfattarar for å visa seg og arbeidet sitt fram. Inkludert den noverande, iranske Ali Dorani, som til alt overmål har ei eiga stor utstilling av teikningar i Frankfurt. Men her er også eit strykeensemble frå Stavanger symfoniorkester - og stavangerske forfattarar som Tore Renberg og Kristin Auestad Danielsen. For ikkje å snakka om ordførar, kultursjefar og i det heile tatt.

Les også

– Viktig og riktig å reise til bokmessen i Frankfurt

Icorn og Stavanger fekk bokmessa litt overraskande i fanget. Då direktøren for messa, Jürgen Boos, i fjor heldt talen der han annonserte at Norge skulle vera hovudland i 2019, sa han at Norge er «verdsmeister» i ytringsfridom og pressefridom. Han trakk fram at Norge deler ut Nobels fredspris og at dette er landet der Icorn-nettverket har sitt hovudkvarter.

Les også

Erna fikk passet sitt påskrevet av forfatter

Den norske paviljongen i Frankfurt. Over 50 millioner kroner er brukt for å få norsk litteratur opp og fram. Foto: Heiko Junge

Akkurat på det punktet i talen kvapp Icorn-direktør Helge Lunde lett i stolen. Nobelprisen og Icorn? I same setning? Jøss.

Men så innsåg både Icorn, Sølvberget og Stavanger kommune at her låg det ein sjanse dei ikkje kunne la gå frå seg. Dermed blei det eigen, stavangersk paviljong i Frankfurt.

Komplisert bransje

Eg har vore på mang ein litteraturfestival i mi tid, men aldri på ei bokmesse som denne. Og mens eg sit her og skriv dette, få timar før den høgtidelege opninga, med kronprinsesse, statsminister, statsråder og alskens prominensar, så lurer eg jo på kva dette eigentleg er. For sjølv om eg på eitt vis er inne i Frankfurt, står eg likevel på utsida. Eg er, trass alt, mest journalist.

Eg skjønar jo at tusenvis av bøker i løpet av desse dagane skal promoterast og seljast, mellom forlag, agentar, land og forfattarar. At mange av dei utanlandske bøkene som kjem på norsk framover, blir kjøpt akkurat her, akkurat denne veka. At desse dagane kan vera viktige både for norske forfattarar og bokbransje.

Men når det kjem til stykket, er eg uendeleg glad for at eg har ein vanleg jobb, med fast månadslønn, uavhengig av kor godt, dårlig eller mykje eg skriv. Å vera forfattar er kolossalt vanskeleg. Sjølv om du er flink, sjølv om du skriv gode bøker, er det ingen garanti for at du kan leva av forfattaryrket. Det er ingen garanti for at du er blant dei få som når gjennom i media, i bokhandlane, hos publikum, at du blir ein av dei som blir ein snakkis blant agentar på enorme messer i utlandet.

Ikkje ei gong ei gigantsatsing på over 50 millionar kroner til promotering - eller ein invitasjon til togtur med Mette-Marit - er nokon garanti for at norsk litteratur vil bli endå større i utlandet enn han allereie er. Eller at det vil bli lettare å vera norsk forfattar. Eller at det vil bli skrivne betre norske bøker. Jan Kjærstad og Arve Juritzen meiner til dømes pengane burde blitt brukt på eit anna vis, at satsinga i Frankfurt er stormannsgalskap det vil koma lite ut av. Mens kulturminister Trine Skei Grande (V) står på at dette er ei fornuftig investering.

Kven som får rett? Gudane veit. Korleis måler du effekten av litteratur?

Publisert: