Sval feriebok om bittersøte parforhold-issues

BOK: Romanen er like djuptgåande som eit myggstikk, men lekker som jordbær med fløte.

Publisert: Publisert:

Hilde Rød-Larsen debuterer med romanen «Sommertid». Foto: Aschehoug

  • Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 4 out of 6

Hilde Rød-Larsen: Sommertid. Roman. 215 sider. Aschehoug.

Ingrid 52 år og Peder 67 år vaknar til årets første varme sommardag i huset sitt på Nesøya utanfor Oslo. Peder har blitt pensjonist og Ingrid er journalist i Aftenposten. Dei har det ikkje bra saman. Ingrid er sur og Peder latar som ingenting; vartar opp Ingrid med serviettar og dill istaden for å banke neven i bordet og rope: Kvifor går du rundt og er så jævla bitsch? Det er kanskje ikkje slik godt vaksne menn frå fine familiar frå Nesøya ordlegg seg, og då hadde òg denne romanen vore ferdig før han hadde begynt. Korleis skal det gå med Peder og Ingrid denne dagen? Før Ingrid går på jobb lirer ho av seg: “Jeg orker ikke dette lenger.” Dette er jo ikkje bra, og eg blir jo forviten på korleis det kjem til å gå.

Boka vekslar mellom å fortelje dagen frå Ingrid og Peder sitt perspektiv, og me får nok av bakgrunnsinformasjon om dette paret. Ingrid er pen i svart finbukse på bussen i storleiken extra small. Ho er ei kjølig kvinne som endar opp med å skulke jobben og går på måfå rundt i byen i staden. Ho ser på folka med eit nedlatande, hoverande blikk. Ho er humørlaus og utan sjølvironi. Me kjem nær Ingrids kropp, men kanskje ikkje sinn? Til det er blikket for surt. Ho vandrar rundt på Grünerløkka med ei klasseforakt, ei forakt frå sin eigen bakgrunn?

Vi kjem tett på Ingrids kropp med presise og detaljrike skildringar. Peders kropp er meir diffus, han blir fortald meir frå eit ytre blikk. Peders forteljing kjem sterkare etterkvart, og det blir eg letta over, for Ingrid får lov til å dominere altfor mykje i starten av boka. Eg blir glad når Peder får meir plass i slutten av boka, her er forfattaren god til å setje Peder i ein setting som viser mykje av han kven han er, nemleg saman med barn, barnebarn og eks-kone. Det gjer dette til ein balansert roman.

For deg som vil ha litt lett parforhold-problematikk på tampen av ferien, så er “Sommertid” fin lesing. For meg blir denne boka meir ei opptakt til ei forteljing enn ei heil forteljing. Hilde Rød Larsen hoppar elegant over høgdramatiske møte og erkjenningar og gir oss nokre små referat i ettertid. Det gjer at eg blir litt skuffa på slutten av boka. Eg skulle gjerne sett at Hilde Rød-Larsen skreiv meir om bursdagane, sidespranga og forsoninga så eg kunne kome tettare på og få vere lenger saman med Ingrid og Peder, for Hilde Rød-Larsen skriv så godt at såpass hadde ho fått til.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Familie­selskap skal være grunn til flere korona­smittede i Stavanger

  2. Fire ansatte korona­smittet hos ConocoPhillips

  3. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  4. Ungdommen fikk sitt eget anneks på fjellet: – Her slipper de å henge med oss voksne

  5. To nye smittede i Stavanger

  6. Sørloth blir tidenes trønderske overgang: – Dette er et eventyr

  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Litteratur
  4. Bøker