Vil styrka litteraturfeltet i Rogaland

Denne veka small startskotet for Tekstallianse Rogaland – som håper å bli ein motor for litteraturfeltet både i by og bygd.

I 2017 gjekk åtte lokale forlag saman om å etablera bokutsal i Bokhuset i Kirkegata 40 i Stavanger. Nå utviklar Bokhuset seg vidare, med etableringa av Tekstallianse Rogaland, med Eirik Bø (t.v.) som prosjektleiar.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Ein blir veldig ofte overlaten til seg sjølv når ein jobbar med litteratur, enten ein er forfattar, forlag eller arrangør. Det har mangla ein nettverksorganisasjon for litteraturfeltet, seier Eirik Bø.

Den tidlegare Kapittel-sjefen er til dagleg forlagssjef i Pelikanen forlag. Nå blir han også prosjektleiar for Tekstallianse Rogaland, som representerer ei utviding av Tekstallianse Vestland, etablert i Bergen for eit par år sidan. Fredag er det kick off med heile tre arrangement.

– Tekstallianse utvidar frå Vestland til å omfatta heile Vestlandet. Me skal bidra med kursing, opplysning og styrking av bransjen. I Bergen har ein også klart å generera meir pengar frå staten til litteraturfeltet, seier Bø.

Tekstallianse har eit veldig regionalt perspektiv på heile Vestlandet, frå Sogn til Jæren, og er allereie støtta av Kulturrådet, Fritt Ord, Vestland Fylke og Bergen kommune. Stavanger kommune har også støtta etableringa i Rogaland, og har denne veka møte om vidare samarbeid.

– Me har fått pengar til å utvikla regionane også, ikkje berre byar som Stavanger. Me skal også utvikla dei mindre aktørane og må finna ut kor skoen trykkar både i Stavanger og Rogaland.

– Korleis er stoda i litteraturfylket Rogaland?

– Ting graviterer veldig sterkt inn mot dei store institusjonane. Det finst få alternativ utanfor den utvida biblioteksverda. Me liker godt det som skjer på Kapittel og Sølvberget, men trur feltet har godt av at det skjer andre ting også.

Tekstallianse Rogaland bidreg også til å styrka Bokhuset i Stavanger som litteraturhus – og dermed også forfattarlaget i fylket. Bokhuset rommar allereie fleire mindre forlag og aktørar, i tillegg til eigen scene.

– Bokhuset blir det tredje litteraturhuset i Stavanger, etter Sølvberget og Kåkå. Kor mange litteraturhus treng me eigentleg?

– Kåkå er allereie ein del av Bokhuset, dei har kontor og bruker scenen her. Byen treng også noko som ikkje er kommunalt, og både Sølvberget og Kapittel treng fleire, mindre søsterscener. Det er ikkje snakk om å trø kvarandre på tærne, men å sikra at me har breidde i litteraturfeltet.

Les også

  1. Færre ansatte, færre arrange­menter, kortere åpnings­tid, mer selv­betjening og økte gebyrer

  2. Janne Stigen Drangsholt viser deg hvordan du jukser deg til suksess i selskapslivet

  3. Tore Renberg gir debutboka si terningkast 6

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Den tidligere fotball­proffen kjører ti timer for å se datteren spille for Sand­viken

  2. Ny skade for Haaland – uaktuell for landskampene

  3. Se hvor mye det har snødd i Sirdal

  4. Stavanger råd­hus renoveres: - Risiko­fylt å beholde lav­blokken

  5. Jostein (80) traff perfekt med nytt kraftverk, akkurat da strømprisene gikk til himmels

  6. Alec Baldwin skjøt og drepte en filmfotograf ved et uhell