Frå slutten på historia til slutten på samfunnet

SAKPROSA: Francis Fukuyama manar til handling før identitetspolitikken sprenger samfunna slik me kjenner dei.

Publisert: Publisert:

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 5 out of 6

Francis Fukuyama: Identitet. Hvordan tap av verdighet truer demokratiet vårt. Til norsk ved Inger Sverreson Holmes. Dreyer Forlag. 204 sider.

Det skal Francis Fukuyama ha – han fangar opp og kommenterer tidsånda som få andre.

Den amerikanske statsvitaren og økonomen er mest kjend for essayet «The End of History?», som vart publisert nokre månader før Berlin-muren fall i 1989. Tittelen vart ståande som eit fortetta uttrykk for triumfstemninga i Vesten på denne tida. Den kalde krigen var vunnen. Demokrati og marknadsøkonomi etter vestleg modell vann fram overalt. Historia hadde nådd sitt mål.

Les også

Alt var verre før

Les også

Med Rosa på valen

Les også

«Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalromantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det.»

Så gjekk det ikkje heilt slik. Nye konfliktar dukka opp. I dag hevdar Fukuyama at han vart misforstått, og at det aldri var hans meining å påstå at nasjonalisme eller religion ville forsvinna som maktelement i verdspolitikken. Årsaka til det, skreiv han alt den gongen, var at «dagens liberale demokratier ikke har klart å løse problemet knyttet til thymos».

Dette høyrest gresk ut, og er det også. Fukuyama går tilbake til klassisk filosofi når han skal forklara det som etter hans meining er vår tids store utfordring for demokratiet. «Thymos» er «den delen av sjelen som søker anerkjennelse av egen verdighet», og det er her det skortar.

Respekt!

Mange menneske opplever rett og slett ikkje at dei vert respekterte, som individ eller grupper. Globaliseringa har skapt både vinnarar og taparar. Økonomisk stagnasjon og tilbakegang samanlikna med andre er ei viktig forklaring på veljarprotestane som førte til Trump og Brexit. Men Fukuyama meiner problemet går vidare enn det materielle. Det handlar om identitet:

«I mange tilfeller har politiske ledere mobilisert tilhengere rundt en oppfatning av at en gruppes verdighet er krenket, nedvurdert og utfordret på andre måter. Denne krenkelsen avler et krav om offentlig anerkjennelse av gruppens verdighet. En ydmyket gruppe som søker oppreisning og verdighet, bærer i seg mye større emosjonell vekt enn mennesker som bare streber etter økonomiske fordeler.»

Les også

Kvifor er Norge så fredeleg?

På denne måten forklarer Fukuyama både Trump og Putin, den islamistiske terrorismen og den arabiske våren, men også framveksten av identitetspolitikk i vestlege land. Stadig fleire og smalare grupper står fram og krev respekt for sin kultur, etnisitet eller seksuelle legning. Det er i utgangspunktet positivt, men blir dessverre ofte følgt av krav om å sleppa å bli «krenka» ved å bli utsett for motstridande syn.

På enkelte amerikanske universitet nærmar dette seg galskapen, som i eksemplet Fukuyama refererer om den framståande biologen E.O. Wilson som fekk ei bøtte vatn over hovudet for å ha sagt at nokre kjønnsforskjellar har biologiske årsaker. Den yttarleggåande identitetspolitikken er ikkje berre ein viktig grunn til at venstresida i mange land slit med å halda saman den gamle koalisjonen mellom arbeidarklasse, intellektuelle og minoritetar, den tvingar også fram spørsmål om vilkåra for den opne samtalen i eit stadig meir fragmentert og polarisert samfunn.

Kva må gjerast?

Fukuyamas gjennomgang av det identitetspolitiske landskapet i fortid og nåtid er interessant nok, om enn meir oversiktleg enn original. Den viktigaste delen av boka er dei to-tre siste kapitla, der Fukuyama prøver å gi oppskrifter på kva som kan gjerast. Han slår til lyd for ei bevisst oppbygging av moderne nasjonale identitetar, der det er rom for større mangfald av identitetar enn før, men likevel med sterke institusjonar som bind menneska saman på tvers av klasse, region og etnisitet. Han vil ha felles skular som underviser i eit standardisert pensum, og han vil gjeninnføra verneplikt, enten som militær- eller sivilteneste. Innvandringspolitikken må vera så kontrollert at samfunnet får tid til å integrera nykomarane, og det må førast ein langt meir ambisiøs politikk mot fattigdom.

Dette er tankar som utfordrar både venstre- og høgresida på ulikt vis. Men Fukuyama har rett i at utviklinga krev radikal nytenking i fleire leirar. Elles kan slutten på historia bli at Margaret Thatcher får rett: Det finst ikkje lenger noko slikt som eit samfunn.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. En ekte helt havnet midt i innspillingen av ny katastrofefilm på Orre

  2. Legen har sett moderne nordmenn overveldes av slitenhet og uro. Han gjenkjenner noen klare trekk ved dem som beholder både ro og helse.

  3. 18-åring hadde hatt lappen i tre dager. Så kjørte han «altfor fort».

  4. Amalie Iuel takknemlig for å være i Norge: - Jeg har venninner som er blitt jaget av politiet fordi de har trent i parker

  5. Blind vold: Mann stukket i halsen ved Maxi kjøpesenter

  6. Her sveiper bussen borti bygningen midt i Stavanger sentrum: – Vi blir jo litt redde

  1. Demokrati
  2. Politikk
  3. Kultur
  4. Filosofi
  5. Populisme