Sjåande blinde på Haugesund teater
TEATER: Ambisiøs versjon av nobellitteratur på Haugesund teater. Men eg ville hatt meir «show, don´t tell».
- Jan ZahlKulturjournalist

EN BERETNING OM BLINDHET
Haugesund teater, Festiviteten. På scenen: Marina Popovic, Rikke Westerlund Lie, Ane Skumsvoll, Lars August Jørgensen, Henrik Bjelland. Regissør: Morten Joachim. Dramatikar: Kristofer Grønskag. Scenograf: Signe Gerda Landfald. Kostyme: Solveig Bygdnes. Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen. Lengde: 1 time og 20 minutt, ingen pause.
Teatersjef Morten Joachim har store ambisjonar for Haugesund teater. Han vil gi haugalendingen teater på nasjonalt nivå – men også bli nasjonalt relevant. Det er ein kul ambisjon.
Haugesund teaters versjon av Shakespeares «En midtsommernattsdrøm» i haust var vellukka, røft og folkeleg teater. Vårsesongens hovudsatsing er «En beretning om blindhet», basert på nobelprisvinnar Jose Saramagos roman. Også denne er ambisiøs – men treff ikkje like udiskutabelt godt som Shakespeare.
Dra til Haugesund på teater!
Haugesund teaters kreative team har sjølv dramatisert Saramagos roman frå 1995. Premissen er – i desse coronavirustider: plutseleg begynner folk å bli blinde. Det startar med éin, så skjer det med (nesten) alle. Kva skjer med menneska? Kva skjer med samfunnet? (Spoiler alert: Det går ikkje veldig bra.)
Distanse
Når publikum kjem inn i storsalen i Festiviteten – som er veldig stor og dårleg eigna som intimt teaterrom – står skodespelarane på scenen. Sceneteppet er nede. Der blir dei ståande, der begynner dei å fortelja historia. Dei diskuterer kva som kunne vera ein god start. Det er litt meta. Men, viktigast: Forteljargrepet som skal prega heile framsyninga er litt distansert. Berre tidvis skal skodespelarane spela scener som karakterane dei snakkar om. Mesteparten av tida er dette forteljande teater.
Problemet er at det i eit «show, don´t tell»-perspektiv blir i overkant mykje «tell», og for lite «show». Skodespelarane spelar stort sett ikkje blinde på scenen, dei snakkar meir om at dei er det. Eg ville heller sett desperasjonen og dramatikken enn å bli fortalt om dramatiske episodar.
Skodespelarane blir ståande litt for lenge framfor sceneteppet, det luggar litt i framdrift og energi. Dette held fram eit stykke etter at teppet har gått til sides og avslørt eit stramt rom med firkanta strukturar, interneringsrommet dei blinde blir plassert i.
Tek seg opp
Men så tek det seg opp. Bøttene på scenen viser seg å romma alt frå blod til jord og avføring, som blir brukt til å illustrera forfall, skader og samanbrot. Scenografien viser seg å romma meir enn det ein først ser, her dukkar vakre og interessante bilete opp, fin bruk av lus og skuggar. Skodespelarane får også meir å spela på når det skjer noko fysisk, når dei skal gjera meir enn å fortelja, framføra tekst.
Og heldigvis blir dystopien og mørket kombinert med svarte og bistre innslag av humor. Til slutt er både scenen og skodespelarane nedgrisa. Då er det bra. Då ser me det dei har snakka om.
«En beretning om blindhet» er kunstnarisk ambisiøst teater, og mindre av eit rått publikumsfrieri enn midtsommarnattsdraumen var. Det er dermed også meir krevjande. Håpet er at haugalendingen set pris på miksen. På at dei har eit ambisiøst teater som både leverer det som glir lett ned og det som byr litt tyggemotstand.