Ei bok i rette tid

BOK: Koronaviruset kan bli småtteri mot trusselen frå antibiotikaresistens. Erik Martiniussen ropar varsku utan å ropa ulv. Slikt blir det framifrå helseopplysning av.

Publisert: Publisert:

Antibiotikaresistente bakterier ved Veterinærinstituttet i Oslo. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 6 of 6 stars

Erik Martiniussen: Krigen mot bakteriene. Helsekrisen som truer oss og hvordan vi kan løse den. 402 sider. Forlaget Press.

I desse koronatider har folk kanskje nok med den eine aktuelle helsetrusselen. På den andre sida kan det henda at det nye alvoret gjer oss mottakelege for varsku om at endå verre ting kan vera i vente om me ikkje tek grep i tide.

I så fall kunne ikkje Erik Martiniussens bok «Krigen mot bakteriene» kome på eit gunstigare tidspunkt. Den handlar om framveksten av antibiotikaresistente bakteriar, altså bakteriar som er motstandsdyktige mot det viktigaste middelet me har i kampen mot dødelege infeksjonar.

Ekspertar spår at antibiotikaresistens kan bli årsak til fleire dødsfall enn kreft i 2050.

Kor stort dette problemet er i Norge i dag, er usikkert. Statistikken er dårleg. Offisielt er det berre eitt menneske som har døydd av antibiotikaresistente bakteriar i Norge. Ein artikkel i det medisinske tidsskriftet The Lancet estimerer derimot dødstalet til 69 i gjennomsnitt per år. Ut frå eigne undersøkingar sannsynleggjer Martiniussen at minst 216 menneske har døydd av antibiotikaresistens på norske sjukehus i perioden 2007-2018.

Erik Martiniussen ropar varsku utan å ropa ulv.

Men dette kan vera småtteri mot det me har i vente dersom resistensen får lov til å utvikla seg. Martiniussen siterer ekspertar som spår at antibiotikaresistens kan bli årsak til fleire dødsfall enn kreft i 2050.

Fakta får tala

Om dette kan høyrast ut som hysterisk alarmisme, har eg gjort forfattaren urett. For Martiniussen, som til dagleg arbeider som journalist i Teknisk Ukeblad, har skrive ei nøktern bok der fakta får tala for seg sjølve. Han klarer seg utan svartmalande og skremmande adjektiv, men stolar på at dramatikken i stoffet er sterk nok til å halda lesaren fast. Og han går til intervjuobjekta sine med eit ope, nysgjerrig sinn, utan fastlåste oppfatningar. Resultatet er blitt helseopplysning og naturvitskapleg forskingsjournalistikk av høg klasse.

I ein historisk bolk skildrar Martiniussen den lange kampen mellom menneske og bakteriar, frå Svartedauden på 1300-talet via stadig nye epidemiar til dagens situasjon, der me ei lukkeleg, kort stund i historia har trudd at me hadde kontroll. Reint vatn, offentlege kloakksystem, vaksinasjonsprogram og antibiotika er i dag sjølvsagde gode, i alle fall i den rike delen av verda. Men det er fenomen som har kome til i løpet av dei siste 2-300 åra, og ikkje utan motstand. Den ungarske legen Ignac Semmelweis, som fann ut at mange kvinner døydde av barselfeber fordi legane deira ikkje vaska hendene etter å ha dissekert lik, døydde som ein fattig mann, utstøytt av det gode medisinske selskap. Og han var ikkje aleine om å bli avvist for å koma med upassande sanningar.

Likevel, kampen mot bakteriane kan aldri vinnast. Menneskekroppen består av ein trillion celler, men me ber med oss ti gonger så mange bakteriar. Og mange av dei er nyttige og heilt nødvendige for oss. Forfattaren plasserer seg i ein medisinsk tradisjon som er representert av mellom andre franskmannen Louis Pasteur: Me kan aldri slå bakteriane, me må finna måtar for fredeleg sameksistens med dei. Pasteurs bidrag var som kjent teknikken med å varmebehandla mjølk og andre matvarer for å redusera omfanget av mikroorganismar til eit nivå me kan leva med.

Kva kan gjerast?

Ein stor del av boka handlar om utforskinga av nye metodar i kampen mot dei sjukdomsframkallande bakteriane. Martiniussen introduserer oss for bakteriofagar, virus som målretta drep skadelege bakteriar. Dette kan vera effektiv presisjonskrig, men er svært dyrt. Enn så lenge er det viktigaste mottiltaket å avgrensa bruken av antibiotika både på menneske og ikkje minst på dyr, for å hindra at bakteriane utviklar resistens. 73 prosent av antibiotikaen blir brukt i kjøtproduksjonen, og problemet er størst i det industrialiserte stordriftslandbruket. Norge (og Sverige) utmerkar seg med å bruka berre ein brøkdel av volumet lenger sør i Europa, så kampen er ikkje håplaus om viljen er til stades.

Ein annan veg å gå er å utvikla nye typar antibiotika. Der har legemiddelindustrien vore lite interessert dei siste åra, rett og slett fordi dei tener meir på andre typar medisin, mot kreft, kolesterol og liknande. Slik sett viser også boka til Martiniussen at folkehelsa er for viktig til å overlatast til marknaden, og at kampen mot dei store sjukdomstruslane krev resolutte politikarar og effektive offentlege system. Hendingane den siste veka har opna mange auge for det. Håpet må vera at det også får følgjer for andre farar enn koronaviruset.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann i 60-årene kjørte gjennom bomringen med tildekkede skilt

  2. Tysk fange i politiets søkelys i Madeleine McCann-saken

  3. Opptøyene kan hjelpe ham å vinne valget

  4. Toppene i Stavanger-politikken kan selv tallfeste hvor mye de vil ha i kompensasjon

  5. Her rygger leddbussen ned på Diagonalen

  6. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke hjemme

  1. Antibiotikaresistens
  2. Bok
  3. Bokanmeldelse
  4. Helse