Fransk favoritt skuffar stort

BOK: Debuten til «Vuggesang»-forfattaren er til tider forbløffande svak.

Publisert: Publisert:

Fransk-marokkanske Leïla Slimani blei brått ei litterær superstjerne med «Vuggesang». Men debutromanen «I udyrets hage» held ikkje same nivå, ifølgje Aftenbladets meldar. Foto: Cappelen Damm

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 3 of 6 stars

Leïla Slimani: I udyrets hage. Roman. 192 sider. Omsett av Agnete Øye. Cappelen Damm.

Den raffinerte krim-thrilleren «Vuggesang» var ein sensasjon då han kom ut i Noreg i fjor, etter å ha blitt heidra med Goncourt-prisen i heimlandet og hylla i store delar av den lesande verda. Fransk-marokkanske Leïla Slimani blei brått ei litterær superstjerne, og det er fullt forståeleg at forlaget ønskjer å følgja opp med debutromanen hennar på norsk. Forventningane er sjølvsagt store. Men ein har ikkje lese lenge av «I udyrets hage», før spørsmålet melder seg:

Er det verkeleg same person som har skrive desse to bøkene?

For der «Vuggesang» var intelligent, nyskapande og beint fram uhyggeleg, er «I udyrets hage» til samanlikning så påfallande klisjéaktig, uoriginal og overtydeleg at ein leitar etter dei mest usannsynlege forklaringane. Medan sanninga er at Slimani må ha gått gjennom ei kunstnarisk utvikling utan like mellom 2014 og 2016, tidspunkta for dei to utgjevingane i Frankrike.

Ein anar tidleg uråd om kva som kjem i «I udyrets hage», både i form av den lett melodramatiske tittelen og utdraget frå Kunderas «Tilværelsens uutholdelige letthet» i starten, sistnemnde eit lite subtilt, tematisk frampeik. Så til handlinga: Hovudpersonen Adéle har ein prestisjetung jobb som journalist i ein velrenommert publikasjon i Paris. Ho er misnøgd med jobben, og diktar i ny og ne opp saker for å sleppa å snakka med kjelder, drikk litt for mykje og har tilfeldig sex med ei endelaus rekke av både kollegaer, vener av ektemannen og ikkje minst heilt framande menn. Utan at det gir tilværet meir meining. Det siste ikkje heilt ulikt Joe i Lars von Triers «Nymphomaniac», sjølv om Adèle er ei meir privilegert frue.

Gift som ho er med kirurgen Richard og med ei morsrolle som blir opplevd som ei byrde, gir kombinasjonen med utruskapen assosiasjonar til klassikaren «Madame Bovary» (1857). Om denne likskapen er tilsikta er ikkje godt å seia, men i tilfelle hadde det kanskje vore like greitt å droppa han, for «I udyrets hage» kjem ikkje godt ut av ei slik samanlikning. Der Flaubert med si «historie om ingenting» – altså ei i utgangspunktet klisjéfylt forteljing om ei utru legefrue – med medviten konsentrasjon på det litterært formmessige klarte å vera nyskapande, sviktar nettopp forma hjå Slimani i denne romanen.

For det ein må tru er ein ambisjon om å skildra moderne middelklasse (sam) liv som ein tom, kjærleikslaus og utilfredsstillande stad å vera, blir ikkje gjennomført presist nok språkleg. Ein kan ana at forfattaren prøver å få fram ei slik stemning med korte, utvitydige setningar. Dessverre er denne stilen lite vellykka; stadige formuleringar som «Adèle liker ikke jobben sin», «Adèle liker det ikke», «Hun er rasende» gir teksten snarare eit repetetivt og uferdig preg. I den grad personane blir skildra indirekte, er det gjerne ved at dei litt for ofte «trekker på skuldrene.»

Motivasjonen til hovudpersonen er i tillegg formidla påfallande utanpåklistra og openberr, som at «Hun har aldri hatt noen annen ambisjon enn å bli sett» eller at «Hun higer ikke etter annet enn å bli begjært». Desse og andre bastante vendingar skal kanskje fungera satirisk, men innhaldet er såpass floskel-aktig at personane og handlingane deira mistar mykje av truverdet. 

I Michel Houellebecqs «Utvidelse av kampsonen» (1994) seier forteljaren på eit tidspunkt: «Romanformen er ikke skapt for å beskrive likegyldigheten, ikke tomheten heller. Vi må i stedet finne opp en uttrykksform som er mer flat, mer kortfattet, mer tonløs.» Denne uttrykksforma, eller dette språket, finn Houellebecq i nemnde roman. Slimani finn eit tilsvarande språk i «Vuggesang», og «I udyrets hage» kan sjåast på som ei famling på vegen eller ein dårleg generalprøve. Når dette ikkje endar med slakt, skuldast det at ein kan merka tendensar til betring heilt mot slutten, i ein sjanger som ikkje er heilt enkel. Forfattaren skal dessutan ha kred for å våga å vera negativ; for å føra vidare ei form for litterær misantropi og kulturpessimisme som har lange og stolte tradisjonar i Frankrike, men som er bortimot ikkje-eksisterande i til dømes Noreg. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  2. Pinseutfart skapte lange køer

  3. Mann ble anmeldt etter å ha urinert ved Kvadrat

  4. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  5. Viking-legende enig med breddetrener: – Klart det er urettferdig

  6. Lærer var smittet - skoleklasse i karantene

  1. Litteratur
  2. Roman
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse