Sympatisk kjærast-tv

TV: Vanlege folk møtest i uvanleg setting i Sør-Afrika. Kan det bli kjærleik av slikt?

Seks av deltakarane i «Love IRL» på ei strand i Sør-Afrika.
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Love IRL

Ny datingserie med premiere på tv Norge og Discovery+ 6. september. Programleiarar: Solveig Kloppen og Tuva Fellmann.

Sjekking, dating og kjærleiksjakt på tv kan vera noko av det kleinaste som finst. Eg har sett min skjerv av «Jakten på kjærligheten» og «The Bachelor (dette)», men har ikkje trengt å sjå meir enn nokre sekund av konsept som «Paradise Hotel», «Ex on the Beach» eller «Naked Attraction» for å vita at dette absolutt ikkje er noko for meg.

«Love IRL» lovar – slik alle nye realitykonsept gjer – å vera ein ny og annan type sjekke-tv. I staden for solbrune, perfekte kroppar og brautande folk med sjølvtillit på storleik med Jupiter, byr «Love IRL» på ganske så vanlege folk. Her er kroppar, klede og frisyrar i alle storleikar og former. Her er reflekterte menneske med ulik utdanning og yrke. Dei har ifølgje seg sjølv ikkje drøymt om å koma på tv.

Viktigaste fellesnemnar er at dei er skeptiske til dating og uerfarne på kjærastfronten. Dei har ikkje lukkast på sjekkemarknaden på Tinder. Dei har ganske dårleg sjølvtillit på flørting. Men dei skulle gjerne ønska seg ein kjærast. Ingen av dei skal stemmast ut.

Alt i alt eit ganske sympatisk og lite spekulativt prosjekt, altså.

Men blir det bra tv av at vanlege, oppegåande – og litt usikre folk – skal deita framfor kamera? Ja og nei.

For å starta med tittelen: Den er jo direkte misvisande, akkurat som all «virkelighets»-tv som påstår å vera «verkeleg». IRL betyr «In Real Life», altså det verkelege livet, utanfor cyberspace. Men dei 12 deltakarane er altså sendt til Sør-Afrika, til den andre enden av kloden, og plassert i to luksus-villaer. Dei gjennomfører møte og aktivitetar med vilt framande menneske, organisert av eit tv-produksjonsselskap. Dette er omtrent så langt unna det ekte livet til ein norsk butikkmedarbeidar eller student som det er mogleg å koma.

Som i så mange andre reality-konsept, er øvinga i kjærleiksspelet organisert rundt aktivitetar. Hesteriding, bygging av sandslott, puslespel. Eg forstår jo at ein dermed får dytta deltakarane i gang, at det blir noko ein kan filma. Men det er jo grenser for kor spennande det er å sjå på i lengda. Og eg har aldri blitt forelska på den måten.

«Love IRL» reddar seg i land med å vera eit sympatisk prosjekt, stødig programleia av Tuva Fellmann og Solveig Kloppen. Men framfor alt fordi deltakarane er så velsigna vanlege, så lite reality-kjendisaktige. Dei er så mykje lettare å sympatisera og identifisera seg med enn glinsekroppane og alle dei resirkulerte kjendistryna eg er så ufatteleg lei av i alle andre tv-konsept som dukkar opp.

Aftenbladet har sett to episodar av serien.

Publisert: