Makelaust!

BOK: Med tre titlar i tre bøker er Jon Fosse nå vel i mål med «Septologien» sin, til saman éin heilskapleg roman i sju avdelingar.

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Jon Fosse: Eit nytt namn. Septologien VI-VII. Roman. 331 sider. Samlaget.

Med «Det andre namnet» la Jon Fosse (1959, debut 1983) i 2019 ut på eit maratonløp av eit romanprosjekt han døypte «Septologien». I fjor kom «Eg er ein annan», før han nå avsluttar med delane VI-VII, «Eit nytt namn». Til saman er dei tre bøkene på 1251 sider. Inntil det maniske er dei ei samanhengande, insisterande vedkjenning og tilbeding til ein Gud som bare finst fordi eg-forteljaren Asle trur, og som han nærmar seg i vedvarande bønn og besverjing. 

Asle er i pensjonsalder. Han har vore enkemann i mange år, men kona er heile tida med han. Han er kunstmålar. Heile livet har han forsørgd seg med sal av bilda sine, som han ved juletider årleg stiller ut på det faste galleriet sitt i Bjørgvin, alltid utseld. Septologien følgjer han gjennom heile livet, men her vi nå i siste boka er komne fram til ei julehøgti, er han utsliten og lei: Han vil ikkje mala meir, og set bort dei bilda han ser på som uferdige eller ikkje vil skiljast med. Den resterande produksjonen vil han overlata til galleristen. Og så vil han vitja den dødssjuke namnebroren sin på sjukehuset, ein annan Asle, til forveksling lik den mislukka utgåve han kunne ha vore av seg sjølv.

Og så vil han for første gong i sitt liv – men med mykje ulyst – dra over fjorden med ein granne (den einaste han elles har litt samkvem med) for å feira jul med søstera til grannen, som han ikkje kjenner. (Den merksame lesaren kjenner namnet hennar igjen gjennom andre delar av dette finurleg konstruerte og namnespelande verket.)

Det høyrest kanskje ikkje så særleg ut, men av det heile skaper Fosse «eit lysande mørker» av ord, slik Asle gjer det med farge og form på lerreta sine. Slik formulerer og praktiserer dei to ein kunstlære om det fullkomne i einskapen mellom innhald og form, slik det kan bli «når form ikkje kan skiljast frå innhald». Det er omtrent like krevjande som det er å seia noko om ein Gud som ikkje kan formulerast i ord.

Før maten søstera til grannen held på å gjera ferdig, legg Asle seg nedpå. Han fell inn i minne og refleksjonar, etter kvart nærmast delirisk, slik ein kan tenkja ein døyande gjer, og mullar ut bønner på norsk og latin, fadervår, ave maria-er, idet heile teksten sluttar med bønfallinga som tyder: «be for oss syndarar nå og i dødens …» utan at han får sagt «time».

Jon Fosse er ein sjeldsynt diktar. «Septologien» er eit storhende i norsk romanskriving.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  2. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  3. Rogalands svar på Mr. Bean på verdens ver­ste syden­tur

  4. Krigen var ikke så fredelig som disse bildene viser

  5. Vilt fabu­lerende, over­skudds­preget og under­holdende om Ibsen

  6. Han kjempet for demo­krati, ble feng­slet, tort­urert og havnet i Stav­anger. Diktene hans er vakre!

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Jon Fosse