Satirisk syretripp

BOK: Fantasifullt, morosamt og i beste forstand totalt urealistisk frå Hollywoods mest speisa manusforfattar.

Charlie Kaufman har vunne Oscar og fleire andre prisar for sine filmmanus og er stadig å sjå på ulike filmfestivalar – som her i Sarajevo i 2008. Nå er hans første roman omsett til norsk.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Charlie Kaufman: Maurheten. Roman. 715 sider. Omsett av Eivind Lilleskjæret. Gyldendal.

Det har blitt sagt at absolutt alle filmar produsert i Hollywood eigentleg kan kokast ned til sju plot. Men så dukka Charlie Kaufman (f. 1958) opp, og skreiv eit åttande. Utsegna er meint å illustrera at manusforfattaren bak meir eller mindre heilskrudde produksjonar som «Being John Malkovich» og «Evig solskinn i et plettfritt sinn» har noko særeige og originalt ved seg, i ein elles strigla, kopierande og økonomisk bereknande, amerikansk kulturindustri.

Handling? Heng med!

Den Oscar-vinnande New York movie star går nå til skjønnlitteraturen med «Maurheten,» ein over 700 sider lang, absurd og mindfucka sak som går føre seg i Kaufmans naturlege habitat – filmbransjen. Eit handlingsreferat er inga lett oppgåve her, men me prøver på ein teaser: Den sjølvplagande og politisk overkorrekte filmkritikaren B. Rosenberger Rosenberg lever eit oversett og utilfreds liv, men kjem ein dag over ein grensesprengande animasjonsfilm laga av den mystiske naboen Ingo. Filmen tar tre månader å sjå (!) og tok 90 år (!!) å laga.

Då Ingo brått døyr, ser B. det som si plikt å visa fram meisterverket for heile verda. Tragisk nok blir alt minus éi fattig filmrute øydelagt i ein brann. Ved hjelp av hypnose går B. inn i undermedvitet og minna sine for å prøva å rekonstruera filmen, og gir seg samtidig ut på ei reise som bryt med både tid, rom og fysiske lovar.

Dottera hatar han som far og som kvit mann. B. hatar pliktskyldig seg sjølv, i solidaritet med andre rasar og kjønn.

Som ein kan forstå, er me her eit stykke unna gjennomsnittleg norsk realisme og samtidsprosa. Kaufman er i positiv forstand urealistisk, både når det gjeld handling, miljø og personar. Hovudpersonen B. er så opptatt av å vera «woke» at han driv det langt uti parodien: han bruker berre forbokstaven som førenamn for å unngå å signalisera mannleg mikroaggresjon, nemner i annakvart avsnitt at kjærasten er afrikansk-amerikansk og har lengre utlegningar om «hen» eller «hinn» er det mest presise, ikkje-binære pronomenet. Dottera hatar han som far og som kvit mann. B. hatar pliktskyldig seg sjølv, i solidaritet med andre rasar og kjønn.

Harselering

Denne harseleringa med overflatisk identitetspolitikk, særleg i kunstnariske miljø, kan nok treffa godt òg på denne sida av Atlanteren. Kaufmans satire rammar likevel vidare enn som så, og (eigen) jødisk identitet, ein sjølvhøgtideleg filmbransje og amerikansk mentalitet generelt blir gjort grundig narr av. I tillegg til ein viss Charlie Kaufman, karakterisert av B. som ein «ytterst talentløs» og «opplåst viktigper» som produserer «pubertale skriblerier» og «verdiløs skrap.» Om ein skal kalla slikt sjølvironisk eller sjølvopptatt, er ikkje så godt å seia. 

Eit sirkusnummer som rett nok er forbløffande, men aldri tar slutt.

Etter kvart blir denne satiriske og sjølvrefererande humoren noko gjentakande, og referansane til (for ein nordmann) mindre kjente amerikanske kulturtradisjonar er omfattande. Med alle sine krumspring gjennom ulike dimensjonar kjennest teksten stundom som ei oppvising med meir form enn innhald. Eit sirkusnummer som rett nok er forbløffande, men aldri tar slutt. Og der utøvaren blir litt for opptatt av å visa kor dyktig han er til å sjonglera snurrige screwballs.

Kaufman balanserer likevel komikken og tankespinna med ein tilsynelatande grenselaus fantasi, filosofisk innsikt og ikkje minst eit gjennomført særpreg i språkføringa. Det gjer at «Maurheten» står fram som eit sjølvstendig og høgst underleg kunstverk. Med det eine beinet i populærkulturen og Hollywood og det andre i ein meir absurd, litterær tradisjon à la Beckett. Du kjenner nok igjen ein flik av Seinfeld, men kanskje òg av William S. Burroughs’ «Naken lunsj.» Du kjem kanskje til å tenka at forfattaren har røyka sokkane sine. Du har sannsynlegvis ikkje lese noko liknande.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Rutinert utkantkrim

  2. Ja da, nå er han tilbake!

  3. Han var Hollywoods gullgutt - nå er han på nedtur

  4. Denne boka om viruset som får covid til å framstå som lett snue, kan begeistre mange «unge voksne»

  5. Hun fikk Nobelprisen i 2018 – her er enda en flott roman

  6. «Denne boken holder ikke mål»

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Hollywood