Tørrjukking i misjonærstilling

BOK: Noko uforløyst om lengtande jordmor i santalmisjonen.

Ingrid Storholmen er aktuell med romanen «Støvberar». Foto: Aschehoug

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Ingrid Storholmen: Støvberar. Roman. 197 sider. Aschehoug.

Første scene i «Støvberar» viser ei fattig kvinne som føder eit dødt barn i ein landsby i India. Andre scene viser ei ku som føder ein levande kalv på ein gard i Noreg. Samanstillinga blir eit dristig bilete som knyter saman dei to landa og kulturane (jamfør uttrykket «heilage kyr») og tema som den menneskelege biologien versus religiøse forståingsrammer.

På den omtalte garden veks hovudpersonen Ingeborg opp i etterkrigs-Noreg, etter kvart fast bestemt på å bli jordmor. Eit møte med ein emissær og ein etterfølgjande visjon overtyder henne om å bruka denne yrkesutdanninga i upløgd mark i Guds teneste. Ho får kallet, som dei ville sagt i dei krinsane. Kallet fører henne til santalmisjonen i India, som har drive evangelisering og hjelpearbeid blant dette minoritetsfolket sidan Lars Skrefsruds tid på 1800-talet.

Romanen følgjer Ingeborg på misjonsstasjonen og fødselsklinikken frå 1980 og utover, som «den siste santalmisjonær,» og er delvis basert på memoarar skrivne av misjonærar frå dette området, nord for Kolkata. Memoarsjangeren er i sin tur med på å prega verket, som er delt opp i kapittel som «India, 1985», «Noreg, 1985», «India, 1990» og så vidare. Kanskje ønsker forfattaren å oppsummera både eit heilt liv og ein heil ideologi på denne måten, noko som blir litt vel ambisiøst på snautt 200 sider. Dei ulike temaa blir dermed fragmentarisk belyst, og me får ei noko føreseieleg fortellingsform.

På same tid verkar valet av forteljing og motiv å vera gjennomtenkt, og enkelte bilete er mangetydige og sterke, som tittelen. Reint bokstaveleg viser ordet «støvberar» til kjønnsorganet hjå blomsterplanter, men blir i denne samanhengen beiskt ironisk og symbolsk. Både til korleis santalane får lungene og livet øydelagt av steinstøv etter nærast slavearbeid hjå ein meir enn kynisk bergverksindustri. Og ikkje minst (det manglande) seksuallivet til hovudpersonen, som ikkje ber anna enn støv, med veksande einsemd og sjølvforakt som resultat.

Dessverre er ikkje denne språklege elegansen like stor elles. Språket er i første del noko haltande, pent og pynteleg og med gjentakande poeng, og kjem først til sin rett når temperaturen på elendet aukar mot slutten. Samla sett kan nok «Støvberar» lesast som ein slags klagesong eller martyrforteljing lagt til moderniteten. Der Gud er død og menneska ikkje er lova til himmelen, men kanskje er som kua på båsen – lenka til jorda og begjæret.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Roman
  4. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger