Krigshistorie som spenningsroman

SAKPROSA: Ingar Sletten Kolloen fortel ikkje noko nytt om krigen, men med sin fengslande skrivekunst opnar han opp krigshistoria for nye lesarar.

Vidkun Quisling sender norske soldatar til Austfronten i 1942, eit år som er med i Ingar Sletten Kolloen sitt andre band om krigen.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Ingar Sletten Kolloen: Under krigen 2 – Nå må vi tole alt. 572 sider. Gyldendal

Ingar Sletten Kolloen er klar med andre bok i det ambisiøse verket om norsk krigshistorie. Det første bandet, om okkupasjonsåret 1940, vart godt motteke av kritikarar og lesarar då det kom for to år sidan. Og la det vera sagt med ein gong, Kolloen taper seg på ingen måte i andre runde.

Les også

Sterk og personlig okkupasjonshistorie

Årets bok dekker tidsrommet frå januar 1941 til mars 1943, då nordmenn for alvor fekk kjenna brutaliteten til dei tyske nazistane og dei norske medløparane deira. Illusjonane om ei «mild» okkupasjonsmakt som ville la nordmenn stella med sitt i fred, tok slutt. Boka opnar med at SS-sjefen Heinrich Himmler kjem til Norge for å stramma opp okkupasjonsstyret, og blir avslutta med at den unge Trondheims-jøden og Auschwitz-fangen Julius Paltiel får vita at mora har enda sitt liv i gasskammeret.

1942: Vidkun Quisling sender norske soldatar til Austfronten. Politikompaniet av Den norske legion på Slottsplassen før avreise, Quisling gjer nazi-helsing medan soldatane marsjerer forbi.

Mellom desse hendingane fortel Kolloen sine mange historier, og lagar med det ein mosaikk som til saman skal fortelja den store historia. Her dukkar kjende aktørar opp: Vidkun Quisling og Henry Rinnan, Einar Gerhardsen og Johan Nygaardsvold, Paal Berg og Jens Christian Hauge, Peder Furubotn og Asbjørn Sunde – men også figurar som dei færraste kjenner til, som frontkjemparen Knut Steenstrup, russarfangen Ivan Pasjkurov, fangehjelparen Sofie Bergh og hesteskosmeden August Sjøkvist.

Ingen ny historieversjon

Kolloen har ikkje skrive originalhistorie. Han fortel lite eller ingenting nytt. Alt stoffet er henta frå bøker, intervju og anna kjeldemateriale som alt er publisert. 

Ingar Sletten Kolloen er ferdig med si andre bok om andre verdskrig. Den står ikkje tilbake for første band, som var svært god.

Han har heller ingen ambisjonar om å snu opp ned på våre etablerte versjonar av krigshistoria. Der kampen om den historiske sanninga rasar hardast, som i debatten om Marte Michelet, jødane og Heimefronten, trør han varsamt og fortel historier som stadfester begge syn. Ja, det fanst politifolk og motstandskjemparar som varsla jødar og risikerte livet for å hjelpa dei. Men ja, dei fleste politifolka følgde ordre og arresterte jødar, og nokre heimefrontmenn var fullstendig likesæle til kva som skulle skje med dei.

Om boka har ein tendens, er det at Kolloen forsterkar bildet av okkupasjonstida som ein kamp mellom det gode og det vonde, med tydelege heltar og skurkar. Langt på veg er dette eit resultat av metoden han har valt. Det aller meste materialet om krigen er skrive av eller om aktørar som tok eit klart standpunkt til nazismen og okkupasjonen. Kolloen er sjølv inne på dette problemet i etterordet, når han peikar på at det finst «få egenskildringer av alle som prøvde å holde seg unna krigens dilemmaer, eller fra alle menneskene som opererte i ulike gråsoner». Svartebørshandlaren, tyskararbeidaren, den grå byråkraten eller husmora som uroa seg for neste dags middag kjende naturleg nok sjeldan noko behov for å føra krigsopplevingane sine i pennen.

Oslo oktober 1942: Hos den store fisk- og viltforretningen i Oslo, Karl A. Jensen, finst ikkje varer i vindauget. Den «milde» okkupasjonen er ikkje lenger så mild.

Likevel trur eg Kolloen kunne gjort meir for å gi denne delen av krigshistoria større plass. Det finst trass alt ein god del minnestoff, ikkje minst innanfor lokalhistoria, om kvardagslivet under krigen.

Thriller-kvalitetar

Det er likevel ein fare for at boka då hadde tapt i nerve og spenning. Dramatikken i sjølve stoffutvalet, forsterka av Kolloens skrivekunst, gir boka til tider thrilleraktige kvalitetar. Sjeldan har eg lese ei sakprosabok som var så vanskeleg å leggja frå seg. Samstundes held forfattaren seg til fakta og dokumenterte utsegner, og fell ikkje for freistinga til å dikta seg inn i personane han skriv om. Kolloens krigsbøker blir dermed ein glimrande innfallsport til krigshistoria for nye generasjonar og andre lesarar utan store forkunnskapar om krigen. Ei omfattande litteraturliste viser veg for dei som vil fordjupa seg meir.

Les også

  1. Vil du vite mer? Her er ti sakprosabøker om krigen

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Pinefull lesning til siste slutt

  2. Ambisiøs og imponerende første bok i bebudet tri­logi fra ameri­kansk stjerne­for­fatter

  3. Politiroman om hvorfor noen dreper utsatte og sårbare barn

  4. Herlig forfriskende, frekt forførende og befriende absurd

  5. Norske julehefter i flertall – virkelige godbiter fra Stavanger

  6. Et samfunn herjet av bisarre og kvinneundertrykkende «verdier»

  1. Bokanmeldelser
  2. Andre verdenskrig
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Sakprosa