Det ufullkomne idolet

BOK: Mímir Kristjánsson skriv avslørande, beundrande og morosamt om sin læremeister Jon Michelet: Vegen frå venstreradikal rabulist til folkekjær helt går ikkje via studiesirkelen.

Heile livet drøymde Jon Michelet om å skriva den store sjøromanen. Han klarte det til slutt, i seks band.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Mímir Kristjánsson: Jon Michelet – En folkets helt. 480 sider. Kagge Forlag.

Det skal godt gjerast å skriva ein dårleg biografi om Jon Michelet.

Livet til mannen er jo som eit perfekt oppbygd drama: ei opprørsk ungdomstid, følgt av forfattarsuksess og kjendisstatus, deretter ein djup bølgedal med skilsmisse og skrivesperre, og til slutt ei intens kappskriving med døden for å få fullført toppen av livsverket: det monumentale romanverket om krigsseglarane. 

Så er det berre å strø på med saftige sitat og anekdotar. Dei finst det flust av.

Og Mímir Kristjánsson har ikkje kødda det til for seg. Michelet-biografien hans er både velskriven, spennande og ikkje minst morosam. Truleg ikkje veldig ulik ein biografi Jon Michelet ville ha skrive om seg sjølv.

Nå var ikkje dette Mímir si bok frå starten. I 2019 tok han over eit prosjekt som var sett i gang av Kristian Meisingset i regi av Kagge Forlag, blant anna med eit hundretals intervju. Mímir Kristjánsson har supplert med mange intervju sjølv, og heile boka er skriven av han.

Korleis Mímir har fått tid til dette ved sida av sine mange andre gjeremål, er nok ei gåte for fleire enn meg. Men han har valt ei enkel, kronologisk form utan fiksfakseri i disposisjonen, han dvelar ikkje lenge ved kvar episode og driv sjeldan vidløftig sjelegransking. Det kan til tider føra til at forteljarstemma blir litt fråverande, men gir samstundes framstillinga god driv.

Mímir Kristjánsson feier ikkje akkurat dei svake sidene til Jon Michelet under teppet.

Mímir = Michelet?

Alt i ei perle av eit forord seier forfattaren høgt det mange har tenkt: «I det meste av livet har jeg prøvd å etterligne Jon Michelet.»  Som Michelet er – eller var – Mímir Raudt-politikar, forfattar, journalist i Klassekampen og realitykjendis. Og begge har forsøkt å nå breiare ut enn «den faste gruppen av studiesirkelveteraner på venstresiden».

Ein slik identifikasjon med objektet kan ha både gode og dårlege sider. For Mímir kan det dermed vera lettare å forstå og forklara Jon Michelet, men det lurer naturlegvis også ein fare for å bli for ukritisk mot eit menneske som ein liknar og beundrar.

Nå skal det seiast at Mímir Kristjánsson ikkje akkurat feier dei svake sidene til Jon Michelet under teppet. Michelet hadde eit ustyrleg temperament som ikkje sjeldan resulterte i regelrette slagsmål. Han var forfengeleg, solte seg i kjendisglansen og i ryktet som «Norges mest sexy mann», med eit høgt forbruk av kvinner og tilsvarande vanskar med å leva i faste forhold. Etter kvart, når skriveåra ein periode tørka ut og helseproblema melde seg, fekk alkoholen og depresjonane overtaket. Boka fortel opent om dette, men det er ikkje mange skjelett som dett ut or skapet, for Michelet var også ein mann som kunne halda dommedag over seg sjølv i full offentlegheit.

Jon Michelet var ei tid redaktør for Klassekampen. Her frå ein antifascistisk demonstrasjon på Jernbanetorget i Oslo.

AKP og sjøromanen

Det går to hovudliner gjennom boka. For det første det paradoksale forholdet til AKP (m-l) (for yngre lesarar: det Kina-inspirerte kommunistpartiet som hadde ei sterk stilling i norsk kulturliv på 1970-talet, og som er ein forløpar for Raudt). Jon Michelet sette seg opp mot alle slags autoritetar, men fann seg i det utrulege frå AKP. Dei tok store delar av bokinntektene hans, blanda seg opp i korleis han skulle skriva, jamvel kva bilmerke han skulle kjøpa. 

Michelet kunne rasa over dette, men la seg oftast flat for partitoppane – heldigvis med unntak for det verste litterære kommissærveldet. Kristjánsson meiner at Michelet var trufast mot partiet fordi det trass alt etter hans syn stod på rett side i den store kampen mellom arbeid og kapital, og Michelet var ein mann som søkte stordåd, «en drage å drepe».

Forløysinga

Dessutan hadde Michelet eit nært personleg forhold til AKPs sterke mann, Tron Øgrim. Dei kunne sitja lange kveldar og løysa verdsproblem over mange flasker øl, og Øgrim forstod at Michelet måtte ha armslag: «Jon er en naturkraft, og han skal ikke legges i rør». Det var også Øgrim som drog Michelet opp av hengemyra då han gjorde han til redaktør av Klassekampen i 1997. Det berga sannsynlegvis både Michelet og Klassekampen, og det førte han saman igjen med eks-kona Toril Brekke (overraskande for begge viste det seg at dei aldri hadde vore lovformeleg skilde).

Den andre lina er lengten etter å bli den store, anerkjente forfattaren – og spesielt draumen om å skriva den store sjøromanen. Den følgde Michelet heilt frå ungdomsåra som sjømann, via fleire mislukka forsøk, til han på mirakuløst vis vart forløyst på sine gamle dagar og oppnådde ein av tidenes norske romansuksessar med seksbandsserien om skogsmatrosen og krigsseglaren Halvor Skramstad. Då Michelet døydde i april 2018, var det god dekning for Mímir Kristjánssons undertittel «En folkets helt».

Det går an å tenkja seg ein biograf som teiknar eit mindre sympatisk portrett av Jon Michelet, med utsiktspunkt frå ei samtid med stadig mindre toleranse for private feilsteg, uforsiktige utsegner og uønskte handlingar. Der er ikkje Mímir. Men så er det også sjeldan at den feilfrie blir folkekjær.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Glimrande krigshistorie! (ikkje minst for nye lesarar)

  2. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  3. Gammal nazist blir som ny

  4. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  5. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  6. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Jon Michelet
  5. Mímir Kristjánsson