Ho elskar Russland, men måtte flykta

Anna Shishovas Kapittel-aktuelle film «The New Greatness Case» handlar om Putins undertrykking av all kritikk. Få dagar etter Russlands invasjon av Ukraina, måtte ho sjølv flykta.

Anna Shishova har laga filmen «The New Greatness Case», produsert av stavangerbasert Piraya Film og Torstein Grude.
Publisert: Publisert:

– I starten håpa me at Putin ikkje ville vara lenge med eit slikt forbruk av folk og ressursar. Men nå er det openbart at dette ikkje går fort over. Situasjonen er veldig farleg. Ikkje berre lokalt i Ukraina, men for heile verda.

– Du kallar dette ein krig?

– Ja. Det har vore ein krig heilt frå starten av.

Akkurat her har Anna Shishova brote russisk lov. Blir ho teken i heimlandet, risikerer ho ti års fengsel. I Russland er det nemleg ikkje lov å kalla Russlands invasjon av Ukraina for ein krig.

– Og særleg alvorleg er det om du seier det offentleg. Slik eg gjer nå, seier Shishova.

Farleg diskusjon

Me møter den unge dokumentarfilmskaparen på Filmfestivalen i Haugesund, på dagen seks månader etter at Russland invaderte Ukraina – og på det som er Ukrainas uavhengigheitsdag. Ho kom til sildabyen for å ha norgespremiere på «The Russian Greatness Case», produsert av Torstein Grude og stavangerbaserte Piraya Film. Etter Haugesund skal filmen visast på Oslo Pix, før Stavanger og Kapittel-festivalen.

Filmen handlar om Anya Pavlikova, som i august 2020 blei dømt for å ha vore med i ein «undergravande terrororganisasjon» som kalla seg «New Greatness». Pavlikova var berre 17 år då ho blei med i det som var ei lita gruppe unge outsiderar som møttest for å diskutera, blant anna kritisk rundt Putins Russland. Det dei ikkje visste, var at gruppa var infiltrert av statlege agentar som filma og noterte.

– Det var farleg å snakka kritisk om Putin allereie då Pavlikova blei arrestert i 2018. Ein vaksen russar veit korleis, kor og med kven han kan snakka fritt og kritisk – heime, eller i slutta lag med nære venner. Yngre folk har ikkje like god innsikt i kor grensene går. Men dei lærer nå, seier Shishova.

Ufrie folk

Kor mange russarar som faktisk er kritiske til Putins politikk og til krigen i Ukraina, er ifølgje Shishova umogleg å seia. Meiningsmålingane som påstår at 80 prosent av russarane støttar Putin, er ifølgje henne ein del av russisk propaganda.

– Det finst ikkje noko presis statistikk eller måling av dette. Det er uråd å vita kor mange som støttar dei styrande i eit autoritært regime. Folk føler seg ikkje ein gong frie til å vera ærlege om dei får eit spørjeskjema i fanget, seier Shishova.

Ho meiner det russiske samfunnet nærmast er delt i to, prega av gjensidig mistenksamheit og press for å velja side. Konstant frykt er ei viktig forklaring på kvifor det ikkje er massedemonstrasjonar i gatene mot krigen.

– Folk utanfrå kan gjerne lura på kvifor folk ikkje tek til gatene. Det viser framfor alt kor lite dei veit om korleis det er å leva i eit totalitært land. Folk er meir opptekne av å overleva enn av å byggja demokrati, seier Shishova.

Men over 15.000 nye kriminalsaker er blitt opna mot folk som har protestert sidan slutten av februar. Mange er imot krigen. Mange har mista jobben.

– Det finst ein skuggeopposisjon og enkelte er villige til å gå veldig langt for å protestera, seier Shishova.

Usikker framtid

– Burde fleire sett kor det bar og stoppa Putin tidlegare?

– Eg trur ikkje Putin kunne blitt stoppa tidlegare. Både levestandarden og stabiliteten har gått opp i hans regjeringstid. Men samtidig øydela han den første spiren til demokrati, sådd av Mikhail Gorbatsjov. Somme såg faren, som journalisten Anna Politkovskaja. Men ho blei drepen, svarer Shishova.

Sjølv drog ho – som så mange andre som er kritiske til Putin, og fleire av dei involverte i filmen – frå Russland få dagar etter invasjonen 24. februar. Sidan 7. mars har ho og hennar vesle familie budd i Israel.

– Vil du nokosinne flytta tilbake til Russland, trur du?

– Eg veit ikkje. Det er vanskeleg å vurdera kor farleg det kjem til å vera. Aller helst vil eg jo tilbake til familie, venner og kulturen heime. Eg elskar Russland.

Publisert: