Uhyggeleg barneleik

FILM: Uhyggelig og original thriller opnar Filmfestivalen i Haugesund.

Ida flyttar til drabantbyen og møter Benjamin. Leiken deira skal etter kvart ta ein uhyggeleg retning.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

De uskyldige

Kinopremiere: 03.09.2021. Med: Rakel Lenora Fløttum, Alva Brynsmo Ramstad, Sam Ashraf, Mina Yasmin Bremseth Asheim, Ellen Dorrit Petersen, Morten Svartveit, Kadra Yusuf, Lisa Tønne. Sjanger: Thriller. Manus og regi: Eskil Vogt. Nasjonalitet: Norge, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 57 minutt.

Eskil Vogt har eit godt filmår. Då filmfestivalen i Cannes gjekk av stabelen i juli, var han tungt involvert i begge dei to norske langfilmane på festivalen. Som medforfattar av Joachim Triers «Verdens verste menneske» og som manusforfattar og regissør for «De uskyldige», som denne helga fekk sin norgespremiere som opningsfilm på Filmfestivalen i Haugesund.

Ingen barnefilm

«De uskyldige» er ein film om og med barn. Men det er definitivt ingen barnefilm.

Det er sommarferie i drabantbyen. Dei fleste er på ferie når Idas familie flyttar inn i ei av blokkene. Ida (Fløttum) er ni år. Storesøstera Anna (Brynsmo Ramstad) er tungt autistisk, og lever i si eiga verd. Mellom blokkene skal dei møta Benjamin (Ashraf) og vesle Aisha (Bremseth Asheim) og finna saman i ein leik som ganske raskt tek nokre ubehagelege vendingar. Barn kan også ha usympatiske sider, les berre William Goldings «Fluenes herre».

Vogt har sjølv sagt at ideen bak filmen har utgangspunkt i barns fantasi og evne til å leva seg inn i leiken. Det er som om dei skaper si eiga fantasiverd – ei verd det er komplisert å forklara foreldra. Ikkje minst når det viser seg at ein del av det som høyrest mest fantasifullt ut faktisk skjer.

Idas storesøster Anna er autist – men viser seg å ha spesielle evner.

Overnaturleg

For «De uskyldige» byr på ein del overnaturlege element som kryssar over i skrekksjangeren. Og som blir ekstra uhyggelege nettopp fordi dei står i kontrast til dei søte små, dei «uskuldige», barna og den sommarlate drabantbyen.

Drabantbyen – og skogen som ligg tett på – dannar ramma for forteljinga, stilsikkert og vakkert filma, tidvis opp ned. Lyden er også heilt sentral i filmen, ikkje berre musikken, men tilsynelatande kvardagslege lydar av barnegråt og hundeglam. Dette er ikkje berre ein film du ser. Du høyrer han også.

Les også

«Tottori» blei beste barnefilm

Les også

Dybdahl fekk Amanda for beste filmmusikk – for andre gong

Barna imponerer

Eg kan tidvis synast at barn i film står fram stive, veslevaksne og karikerte. Slik er det ikkje i «De uskyldige». Dei vaksne skodespelarane har eigentleg berre biroller, mens ungane ber filmen. Og det gjer dei altså med bravur. Ungane er naturlege, truverdige og viser eit stort register i spelet, frå glede via frustrasjon og nervøsitet og til naken redsle. Det rett og slett imponerande gjort.

I den uendelege straumen av nye filmar som kjem på kino, er det velsigna godt når ein frå tid til annan ser noko ein føler ein aldri har sett maken til før. «De uskyldige» er ein slik film. Ein original idé. Ein film med særpreg, som likevel ikkje er sær. Ein film du bør få med deg.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  2. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  3. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  4. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

  5. Ah, så godt å endeleg få sjå ein skikkeleg storfilm!

  6. Ser og høyrest ut som ein inter­nasjonal thriller

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Filmfestivalen i Haugesund
  5. Eskil Vogt