• I november var Opera Rogaland for første gong med på å setja opp ein fullskala opera, «Tosca» i Sandnes kulturhus. Det kan bli lenge til neste gong. Anders Minge

Peikeleik om Opera Rogaland

Kven har ansvaret for å løfta løyvingane til Opera Rogaland opp til same nivå som andre, regionale operaselskap? Kulturdepartementet peikar på Rogaland fylkeskommune. Fylket peikar på staten. Og Opera Rogaland peikar på politikarane.