Guten frå Ruten

DIKT: Slentrande, sjarmfulle, rause og velklingande vers.

Publisert: Publisert:

Arnt Birkedal, då han feira 30 år som forfattar, i 2013. Foto: Jon Ingemundsen

  • Eirik Lodén

Grade: 5 out of 6

Arnt Birkedal: Ellinga, meldinga, Sandnes-guten. Dikt. 146 sider. Wigestrand.

Den nye samlinga med vers frå Arnt Birkedal (f. 1959, deb. 1983) er orntleg Arnt, og Birkedal av beste merke og årgang. Dei mest lovande tankefrøa frå den førre samlinga, «Geografi» (2016), har tydeleg fått spira i det stille og blømer no fritt i bundne vers, med «rim i håret», vers som er slentrande og sjarmfulle, rause, røffe og humoristiske. Slik blir me påminte om at han Arnt er ein skald, anten det er i feirande eller meir spottande orde- og tonelag han opererer. I eit personleg etterord reflekterer så skalden over kva songlyrikken har hatt å seia for og til han gjennom alle år – med takk og bukk til Dylan og Cohen, Paus og Prøysen, Tang Wa og Roalkvam, med fleire. 

Også denne gongen er me i lokalgeografien. Den såkalla periferien er sentrum. Stader og namn er ikkje berre tomme ord, dei er ladde med intensitet og identitet. Heiter det Havsfjord, Hafrsfjord eller Haff-fjord, som sume av dei gamle sa?

Det heile er lognt og varmhjarta, også når den satiriske snerten slår inn, og om det så er namngjevne individ i dikta, som Johan Mihle Laugaland, eller berre attkjennelege typar, som «Torolf von Hodne von Middelthon», så verkar det ikkje ufint, men meir som ei tilhylt hylling, med glimt i auga.

Stundom kan det nok bli litt i meste laget, med lokalpatriotisme og innforståtte blunk. Finast poesi blir det gjerne når han fantasifullt lever seg inn i folkeminne og segntradisjon, som her om det som før i tida vart kalla ei «fylgje»:

Så møter du fylgja i døra,

ein vernande engel, ei mor,

ei binne, di modige syster,

ein kronhjort, din flyktige bror …

Eller som når det udøypte barnet som blei bore ut i skogen for å døy, tek mora si i forsvar:

Ja, døyp meg gjerne på ei von,

kall meg Guro, kall meg Jon,

eg må få sagt, skal eg få ro:

Mora mi var bare god.

Rammeforteljinga handlar om Sandnes-guten, guten frå Ruten. Det endar kanskje ikkje lysteleg, men likevel «på ei von».

Trubadurar i fylket, eller i nydøypte landsdelar: Her er det berre å tonesetja!

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ektepar viste fram hytta i en boligreportasje - nå må de fjerne brygge og strand

  2. Det så mørkt ut for det nystartede hotellet på Jæren. Så fikk de en uventet pangstart

  3. Berntsen gjør flere endringer - ny debutant fra start

  4. – Forholdet har aldri vore betre enn no

  5. E39: Bømlafjordtunnelen er åpen for trafikk

  6. NM i sprangridning på Foss-Eikeland

  1. Dikt
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Litteratur