Brutal biologi

BOK: Perfekt tima – men uforløyst – debutroman.

Publisert: Publisert:

Malin Rønning debuterer med ein roman gjennomsyra av ei rugande og trugande stemning, skriv Aftenbladets meldar.

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 4 of 6 stars

Malin C.M. Rønning: Skabelon. 206 sider. Forlaget Oktober

Malin Rønnings debutroman verkar perfekt tima. Det kan vera verd å minnast at før vi berre snakka om Korona, snakka vi ganske mykje om klima. Ikkje misforstå, «Skabelon» er ingen klimaaktivistroman. Likevel gir den rugande og trugande stemninga som gjennomsyrer romanen frå kadaveret på første side til flaggermusene på siste, ei kjensle av naturen kjem attende på dramatisk vis, som ein hemnar. Som ei påminning om noko vi er i ferd med å gløyma?

Handlinga i romanen er knytt til hovudpersonen Urd, ei jente midt i ein stor barneflokk som er stua saman i ein skrøpeleg heim djupt i skogen og langt frå folk. Urd er annleis, og utanforskapen hennar er både overveldande og gåtefull. Er ho eit dyr eller eit menneske? Romantittelen hintar om eit limbo, og måten skogen liksom veks inn i Urd sitt liv utfordrar skiljet mellom natur og kultur. Ho går på skule, men meistrar ikkje klasseromskodane; ho lever i ein familie som kunne ha gitt henne ly, men alt knakar i samanføyingane. Far er ein fråverande skogsarbeidar. Mora går i oppløysing i badekaret. Storebror Ask er eit haldepunkt, men også har glir unna. 

Noko er altså fundamentalt i ulage i Rønnings djupe og dystre skogsunivers. Her er mange skakande skildringar av og hint om brutalitet og overgrep i ein gjerne kallar ein dysfunksjonell familie, der alle åtte barna berre gjer sitt beste for å finna ein utveg. Storebror Ask konkluderer barskt: «Det er ingen som kommer til å passe på deg. Du må finne måter å fikse det på sjøl». 

Det er ingen tvil om at boka har sterke sider. Det genuint særprega uttrykket vert underbygd av eit gjennomført, til dels fascinerande flatt språk, til dømes utan eitt spørjeteikn. Kvifor er romanen likevel ikkje meir vellukka? På den eine sida fordi dette vert eit for isolert og for ekstremt miljø. For mange element berre hyllar handlinga inn i eitkvart gåtefullt, utan at det eigentleg vedgår oss. På den andre sida manglar handlinga noko avgjerande; det fragmentariske vert aldri ført retteleg saman, noko som til slutt gir «Skabelon» eit uforløyst preg. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Pinseutfart skapte lange køer

  2. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  3. Mann ble anmeldt etter å ha urinert ved Kvadrat

  4. Norled: – Vi forventer like lange køer på mandag

  5. Risikerer 5 år og 6 måneders fengsel for å ha voldtatt datteren

  6. Slik markerer Atlantic gjenåpningen

  1. Roman
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse