Kultur, kroner og korona

KOMMENTAR: Kulturlivets frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande betaler like mykje skatt som andre – men har langt dårlegare rettar enn arbeidstakarar. Det gjer kulturlivet ekstra sårbart – ikkje minst i koronakrisen.

Publisert: Publisert:

«Tønes» skulle gått på Rogaland Teater no, men førestillingane er avlyste på grunn av korona. Foto: Stig Håvard Diral/Rogaland Teater

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Eg kan avsløra at teppet gjekk ned med eit smell her heime den dagen kulturlivet stengde. Eg er gift med Britt-Synnøve Johansen. Med ei som gjennom heile sitt vaksne liv har levd av å stå på scenen. Ho har eit enkeltpersonføretak. Ho er sjølvstendig næringsdrivande. Ho jobbar frilans.

Plutseleg gjekk sceneteppet ned. Dei siste framsyningane av «Tønes» på Rogaland Teater, der ho hadde ei av rollene, blei avlyste. Men der har ho i det minste lønn i engasjementsperioden, slik tilsette kunstnarar ved offentleg finansierte kulturinstitusjonar jo har.

Les også

Siste nytt om koronaviruset

Verre blei det å kasta eit blikk på kalenderen. For over natta forsvann alle oppdrag i overskodeleg framtid, og dermed alle inntekter. Ho er på langt nær aleine. Ifølgje kulturminister Abid Raja (V) – som heldigvis også er svært bekymra nå – utgjer frilansarane rundt 80 prosent av norske kulturarbeidarar.

Norges ferske kulturminister Abid Raja (V) har fått eit tungt ansvar i fanget. Korleis skal han sikra at kulturlivet kjem seg gjennom koronakrisen? Foto: Terje Pedersen

Kunstnarøkonomi

I 2015 fekk dåverande kulturminister Thorhild Widvey (H) overlevert ei eiga offentleg utgreiing om ein gjengangar i den kulturpolitiske debatten: kunstnarøkonomien. (Utgreiinga har me sett fint lite til sidan.) Der kunne ho blant anna lesa at det store fleirtalet av songarar, musikarar, skodespelarar, dansarar, biletkunstnarar og forfattarar ikkje har ein fast jobb eller ei fast lønn. Snittlønna ligg under gjennomsnittslønna i Norge. Kunstnarane opplevde ein reallønnsnedgang på 11,6 prosent frå 2006–2013.

Men i tillegg dokumenterte utgreiinga at frilansarane også taper skattemessig, sidan dei ikkje har det same minstefrådraget som vanlege arbeidstakarar.

Ønskjer ein næringsdrivande noko i nærleiken av dei same rettane til sjukepengar som andre automatisk har, må ho betala ekstra tilleggsforsikring, i tillegg til vanleg skatt. Den kostar mange tusen kroner, avhengig av kor omfattande du vil vera sikra. Den dyraste varianten kostar titusenvis. Så mykje at knapt nokon kunstnar har råd – med dei konsekvensane det har for retten til trygdeytingar om dei skulle bli sjuke, få barn eller mista inntektene sine.

Les også

Lei av å synge «Happy Birthday» mens du vasker hendene? Gloria Gaynor har alternativet

I reknestykket den offentlege utgreiinga opererer med, kom den næringsdrivande som betalte tilleggstrygd ut med 62.677 kroner mindre i nettoinntekt enn ein arbeidstakar i 2014. Sjølv om begge tente 400.000 kroner brutto.

For å sitera understatementet i utgreiinga: «Dette kan oppleves som urimelige forskjeller og vil være en stor belastning for den næringsdrivende.»

Uansett bør den næringsdrivande halda seg frisk. For mens arbeidstakarar får full sjukelønn frå første dag, må den næringsdrivande betala sjølv dei 16 første dagane. (Med mindre ho har betalt titusenvis i ekstraforsikring.)

NY BOK: Korona kan bli småtteri mot denne helsetrusselen

0 kroner i 16 dagar

Og dermed er me ved krisetiltaka Stortinget forhandla seg fram til denne veka, som heldigvis også er forma ut med tanke på kulturlivet. Frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande skal få 80 prosent av gjennomsnittsinntekta si dei siste tre åra. Det blei jubel i heimen då den saka dukka opp.

Jubelen stilna litt då kona mi oppdaga at dette først skjer frå dag 17. Mens vanlege arbeidstakarar er sikra full lønn dei første 20 dagane om dei blir permitterte i Stortingets kriseforlik, får store delar av kulturlivet 16 dagar med null kroner før dei får hjelp.

Heime hos oss skal me klara dette godt, så oss er det ikkje synd på. Og når kona mi er på sitt mest fatalistiske, prøver eg å trøysta og seia at det garantert vil koma nye oppdrag når dette er over.

Men det finst uendeleg mange i kulturlivet som vil få store problem – sjølv om dei altså betaler minst like mykje skatt som andre og bidreg like mykje til den norske økonomien.

Kulturens verdikjede

For når kona mi eller ein annan kunstnar går fram til mikrofonen på scenen, handlar det ikkje berre om henne. På scenen sit også pianisten, trekkspelaren, bassisten – musikarane du ikkje nødvendigvis kan namnet på eller som har biletet sitt i avisa, men som er ein viktig del av kulturlivets grunnmur.

Kulturens økonomiske verdikjede stoppar ikkje der. Ute i salen, blant alle dei som har løyst billett og ser fram til ei fin stund, sit lydteknikaren, lysteknikaren og kanskje produsenten. I rommet er også arrangøren, huseigaren, vaktene i døra og dei som jobbar i baren. Arrangørstaden har kjøpt inn drikke frå bryggeriet, mat frå nokon som driv catering. Er musikarane tilreisande, bur dei på hotell i byen.

Alle desse jobbar knallhardt i kulturlivets økonomiske økosystem. Dette er folk som helst vil klara seg sjølv, men som nå fortvilar. Det alle lurer på er: kva slags kulturliv me har når koronakrisen er over?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  2. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  3. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  4. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  5. De lo av den trange T-skjorten og den enorme pyjamasbuksen

  6. Med to ord fikk han en samlet norsk samfunns­elite til å innse korona-alvoret

  1. Abid Raja
  2. Kulturpolitikk
  3. Kommentar
  4. Lønn
  5. Økonomi