Opera Rogaland skal setje opp «Carmen»

Våren 2022 kjem Opera Rogaland med sin første fullskalaproduksjon som dei står for på eiga hand. I tillegg skal dei tilsetje ein operasjef etter sommaren.

Publisert: Publisert:

I 2022 skal publikum få sjå den kjente operaen «Carmen» i Stavanger konserthus. Her frå operaen «Fidelio» i februar. Foto: Tommy Ellingsen

  • Marie Håland
    Journalist

– «Carmen» er ei veldig flott og populær operaframsyning. Og den kan sikkert gje ein del gode ringverknader for lokale talent innan opera, seier Terje Rønnevik, styreleiar i Opera Rogaland.

«Carmen» er ein av verdas mest spelte operaer. Handlinga går føre seg i Spania på 1820-talet og skildrar korleis sigøynarkvinna Carmen forfører menn ved sin skjønnheit og utfordrande veremåte.

Våren 2022 kan du sjå han i Stavanger konserthus.

Vil vekke stor glede hos publikum

Styreleiar i Opera Rogaland, Terje Rønnevik, gleder seg til den spennande tida framover. Foto: Carina Johansen

– «Carmen» er ein opera som svært mange ønskjer å sjå, og eg trur det vil vekke stor glede hos publikum. Mange har kanskje sett han før, men det er ein opera folk vil sjå mange gonger, seier Rønnevik og legg til:

– Me er veldig stolte av dette og at me tar denne jobben. Eigentleg skulle me setje han opp i 2021 saman med Bergen, men me våger ikkje det på grunn av koronasituasjonen. Men i 2022 reknar me med at ting er på plass, og då set me han opp på eiga hand.

Les også

Opera Rogaland satsar på digitalt kinderegg

Kvar haust pleier Opera Rogaland å ha ein stor operagalla med utdrag frå kjente operaer, men han vart avlyst. Dei gjev likevel ikkje heilt opp den årlege tradisjonen.

– Me kan kalle det ein minigalla. Det blir ei kortare framsyning med ikkje så mange aktørar, men som kan bli vist i mindre lokale. Me klarer å få til noko oppi denne vanskelege tida, og med dette kan fleire unge talent få vise seg fram.

Vil styrke leiinga med ny operasjef

Sjølv om det har vore ein spesiell periode, har det vore ein travel periode. Og frå hausten av ønskjer dei å styrke administrasjonen og selskapet med ei viktig stilling som dei ikkje har hatt før.

– Etter sommaren vil me lyse ut ein stilling som operasjef. Me har ein dagleg leiar, men har gjennom ei tid vurdert at me må styrke den kunstneriske leiinga i selskapet.

Les også

Konserthuset avhengig av å få opp aktiviteten

Stillinga blir lyst ut som ein deltidsstilling, og for å få pengar til det har dei måtta omprioritert sitt eiga budsjett.

– Me må trappe ned på andre administrative utgifter for å styrke leiinga. Men for å kome vidare har me sett at det er nødvendig å ha ein operasjef, noko som også dei fleste andre operahus har.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kjørte Grimstad-Kristiansand på ti minutter. Farten ble målt til opp mot 200 km/t

  2. Løsnet fortøyning på båt - får 20.000 i bot

  3. Fotografens bilde vekker oppsikt. Slik forklarer han det.

  4. Truls (9) har ikke telefon. Foreldrene mener mobiler skaper klasseskille blant barna.

  5. To nye usikre til Molde-kampen

  6. Marthe (27) har ADHD. Slik får hun og mannen forholdet til å fungere

  1. Opera
  2. Rogaland
  3. Stavanger Konserthus
  4. Stavanger
  5. Kultur