Freden som blei verre enn krigen

Halvdokumentarisk roman med ein idé som er betre enn utføringa.

Marco Balzano er en italiensk forfatter og skribent, født 1978 i Milano. Han underviser også i litteratur ved universitetet der.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Marco Balzano: «Jeg blir her». Roman. 272 sider. Omsett av Astrid Nordang. Gursli Berg Forlag

Tenk deg at du har flykta frå gard og grunn med nazistar i hælane, sove under open himmel, svelta og ete kokt gras for å overleva på ein øydegard oppe i ein iskald fjellheim i årevis. Så blir det fred. Då har styresmaktene i landet ditt bestemt seg for å byggja ein demning ved landsbyen din. Som kjem til å leggja han under 21 meter med vatn.

Denne absurde «frå oska til elden»-situasjonen er utgangspunktet for Marco Balzanos (f. 1978) seinaste roman, basert på verkelege hendingar frå grensetraktene i Nord-Italia. I dag kan ein framleis sjå kyrkjetårnet like over vassflata i det som var landsbyen Curon. Eit landemerke halvvegs under vatn, som er blitt ein turistattraksjon. Og samstundes eit monument over fascistisk byråkrati og nasjonsbygging.

Balzano fortel i eit interessant etterord korleis han har bygd den oppdikta handlinga i romanen rundt dei faktiske kjensgjerningane om demningsutbygginga i etterkrigstida. Det smått paradoksale er at det er denne delen av boka – då ho eigentleg er ferdiglesen – som står fram som den beste. For det er på desse tre-fire sidene med epilog at forfattaren verkeleg får fram galskapen i dette stykket italiensk kraftutbyggingshistorie. Der skildringa av tåpelege turistar med selfie-stang ved det halvt drukna kyrkjetårnet i nåtida står i grell kontrast til van(n)viddet frå si tid. Kanskje hadde det vore ei betre løysing å heller ha bygd ut denne delen av teksten til ein slags historisk reportasje, i staden for å tvihalda på romanforma?

Andre kritikarar vil nok vera høgst usamde i ein slik påstand, ettersom «Jeg blir her» har fått fleire prisar. Og Balzano klarer seg godt, med ei forteljing som usentimentalt og nøkternt får fram slitet i kvardagen i fredstid og smerta til hovudpersonen Trina, ektemannen Erich og deira næraste når krigen rammar med all si meiningsløyse. Det er likevel ei nokså konvensjonell historie i tre delar, med fred, krig og fred igjen – då trugsmålet om utsletting av hus og heim kjem lagnadstung og ironisk til syne. Ein kan forstå Trinas hjartesukk om at viss dette var fred så ville ho føretrekt at nazistenes mareritt banket på døren.

Det dokumentariske tilfører romanen lite før det omtalte etterordet, og «Jeg blir her» blir dermed først og fremst nok ei historie om Krigen. Dei har me høyrt mange av, og då skal det litt til å tilføra noko nytt. Ein god idé, som etter mi meining ikkje klarer å fylla ein heil roman.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Spennende og varm og nydelig og ekkel

  2. Godt om vennskap, farskap og mannsrollen

  3. 20 bøker om samme helt – kan det gå bra?

  4. Ingen har tidligere vunnet den inter­nasjonale Booker–prisen to ganger. Kan denne neder­landske for­fatteren bli den første?

  5. Da broren dro til Syria som IS-medlem

  6. Fylt til randa av kunn­skap og reflek­sjonar. Og frykteleg kei­sam

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse