Punken var visst ikkje død

FILM: Rasande, forfriskande – og litt retningslaus – indiepunkfilm frå USA.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

DINNER IN AMERICA

Kinopremiere: 17.09.2021. Skuespillere: Kyle Gallner, Emily Skeggs, Pat Healy, Griffin Gluck, Lea Thompson, Mary Lynn Rajskub. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Adam Carter Rehmeier. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 46 minutt.

«Dinner in America» er ein litt merkeleg ungdomskomedie. Om (minst) to raringar som ikkje passar inn, men som møtest og utviklar ein slags kjemi.

Simon (Gallner) er ein rasande punkar som på ingen måte prøver å vera kjekk, sympatisk eller grei – heller ikkje når han er på middagsbesøk. Han sel narkotika og liker å tenna på ting – også sosiale situasjonar. Det er nokre middagsscener frå amerikanske middelklassebord i denne filmen som kan få det til å vri seg i deg av ein slags vond, bister humor.

Patty er heller ikkje den kulaste eller mest veltilpassa ungdommen i by’n. Ho lurer på om det er kult å vera så rar som ho er. «Ikkje i ditt tilfelle», smell Simon tilbake.

Patty har ADHD, blir mobba, elskar punkebandet Simon syng i (men det veit ho ikkje, for han har på seg balaklava på scenen), dansar vilt og uhemma aleine på rommet og sender anonyme bilete av seg sjølv masturberande til bandets vokalist. Altså Simon.

Men så oppstår det altså ein slags merkeleg kjemi mellom dei to. Harde, rasande Simon viser seg å ha mjukare, omsorgsfulle sider. Rare og kjærleikslengtande Patty finn endeleg ein å knyta seg til.

Som med dei andre komediane som har hatt premiere på kino dei siste vekene, er heller ikkje humoren i denne beint fram eller openberr. Her er nok element av satire over middelklasseamerika. Samtidig blir det litt retningslaust og spastisk. Banning og tabuord har sannsynlegvis større provoserande kraft i moralistiske USA enn i Norge anno 2021.

Gellner og Skeggs er gode og overtydande i rollene sine. Samtidig blir ein del av dei andre karakterane litt i overkant karikerte. Litt stive. Litt b-film.

Det er litt indie. Og punk. Indiepunk. Er det ein sjanger?

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  2. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  3. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  4. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

  5. Ah, så godt å endeleg få sjå ein skikkeleg storfilm!

  6. Ser og høyrest ut som ein inter­nasjonal thriller

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film